Alle partikaninar til pumpene

Tilliten står i fare når politikken vert eit slags politisk Maskorama: Ingen kan vite kven som eigentleg skjuler seg bak Erna Solberg-maska eller Audun Lysbakken-kostymet.

  • Emil André Erstad
    Emil André Erstad
    Gjestekommentator i BT. Kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomitéen og tidlegare rådgjevar i KrF.

– Vi må vere realistiske om at tida ikkje strekk til, at partileiarar ikkje kan sitje på kontoret og skrive kvart ord dei leverer munnleg eller på trykk, skrivar gjestekommentator Emil André Erstad. På biletet sjåast partileiar Jonas Gahr Støre (Ap) saman med sin kommunikasjonssjef Jarle Roheim Håkonsen. Foto: Vidar Ruud

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det var tysdag kveld TV 2 kunne avsløre at eit varmt forsvarsinnlegg for Jonas Gahr Støre som Ap-leiar, publisert i namnet til den mangeårige LO-leiaren Yngve Hågensen, eigentleg var ført i pennen av Støre sine nære rådgjevarar – deriblant Arbeidarpartiets kommunikasjonssjef Jarle Roheim Håkonsen.

Saka vart slått opp som ei sensasjonssak av tv-kanalen, som om den hadde avslørt ei slags unik skandale i politikken. For meg vart det meir sensasjonelt å sjå reaksjonane frå folk, som verkeleg vart overraska over at slikt føregår.

Er folk så naive? Trur dei alle innlegg publisert i VG og Aftenposten er skrivne av dei som underskriv? Alle nyttårstaler?

Når Høgre sin ferske pressesjef, Cato Husabø Fossen, brukar sosiale media til å sette opp ei sjokkert mine over TV 2-avsløringa, er det anten uærleg eller så er det fordi han endå ikkje har forstått jobben sin. Sit han makeleg i stolen på møterommet, ventar på at statsministeren skal sende han utkast til kronikk som han kan teikne nokre bordar på? Neppe.

Dei veksande kommunikasjonsavdelingane må jo ha noko å ta seg til, anna enn å henge på Twitter.

Rådgjevarar og kommunikasjonsfolk skriv innlegg for politikarar og kjende folk heile tida. Det speler ingen rolle om personen er statsminister eller tidlegare LO-leiar, partimedlem eller berre relevant aktør på utsida. Dei politiske rådgjevarane brukar alle mogelegheiter til å framstille si sak og sitt parti i best mogeleg lys, for å vinne flest mogeleg veljarar.

Reaksjonen frå Erna Solbergs fremste spinndoktor gjennom mange år og First House-mann, Sigbjørn Aanes, viser dette. «Når noen ‘avslører’ at det var rådgivere som skrev kronikken, så tenker jeg at Jarle (Roheim Håkonsen) har gjort jobben sin. Det er bra», skreiv han då han delte TV 2-saka på Facebook-profilen sin.

Fordi det er slik spelet i politikken fungerer – som eit slags Maskorama, tv-programmet som nådde hundretusenvis av sjåarar på NRK i haust, der vi skulle gjette på kva kjende personar som gøymde seg bak maskene.

Her kjem vi til problemet: I politikken er denne typen metodar opplese og vedteke som gyldige og akseptable. Ingen hevar eit augelokk over at ein rådgjevar skriv nekrologen som partileiaren publiserer i sitt namn, eller at dei velformulerte Facebook-postane er klekka ut i ei meldingsløkke på sirkulasjon mellom kommunikasjonsstaben og partileiinga.

Men viss folk framleis trur alle politiske aktørar skriv innlegga, talene og kronikkane sine sjølv – då oppstår ei kløft mellom forventningar og verkelegheit.

Gapet blir så stort at når det kjem avsløringar som TV 2 si, vert folk oppriktig sjokkert. Resultatet kan naturlegvis bli svekka tillit til politikarane og dei som styrer.

Då Bent Høie held si berømte tale «Til ungdommen» i vår, var det vanskeleg å førestille seg større kontrast mellom innhaldet og framføringa. Der mange lét seg lure til å tru at Høie hadde skrive talen sjølv, var folk som Kristin Clemet langt meir realistiske ved å hylle taleskrivarane.

Då Jens Stoltenberg gav ut den djupt personlege boka «Min historie», kom det fram at rådgjevaren Snorre Wikstrøm i to år jobba med å skrive utkast og tekstar til boka.

Då Knut Arild Hareide gav ut boka si «Det som betyr noe» i 2018, var Erik Lunde og eg sjølv blant arkitektane bak boka.

I Trine Skei Grandes ferske bok kjem det fram korleis statsminister Solberg samarbeidde med høgresida i KrF om ein såkalla «tretrinnsrakett» om abortlova. Viss det ser ut som ein plan, luktar som ein plan og snakkar som ein plan, då er det sannsynlegvis ein plan.

Kjensla av politisk teater blir styrkja av å følgje dei politiske partia i sosiale media. Der vert ofte heile partiapparatet sett i sving for å trigge dei beste algoritmane, ved at tilsette på Stortinget og partikontora utkommanderast for å kommentere og dele innhaldet til partia i sosiale media.

For oss som står på utsida, men veit kven dei ulike folka er, vert førestillinga litt søt og komisk. Men for vanlege folk som ikkje kjenner namna på partifolka, ser det berre ut som stort engasjement for ei sak.

Det er relevant for TV 2 å fortelje at det er Støre sine eigne folk som pushar Yngve Hågensen til å skrive ein kronikk som handlar om Støres framtid som Ap-leiar. Problemet er viss dette vert ei unik forteljing om spelet som føregår i kulissane.

Det mystifiserer meir enn det forklarar.

Den politiske journalistikken burde eksponere fleire taleskrivarar, kommunikasjonsfolk og rådgjevarar. Ja, vi må vere realistiske om at tida ikkje strekk til, at partileiarar ikkje kan sitje på kontoret og skrive kvart ord dei leverer munnleg eller på trykk, men ein burde vere meir open om det.

Vi treng ei meir open og ærleg samtale om kva kommunikasjonsarbeid eigentleg er.

Ved å få det politiske spelet meir fram i lyset, vil kanskje fleire vanlege folk forstå, og ikkje leve i ei falsk tru på korleis politikken fungerer.

For politikk er for viktig til at det skal vere eit slags Maskorama.

Publisert
  1. Politikk
  2. Journalistikk
  3. Jonas Gahr Støre
  4. LO
  5. Kommunikasjon
BT anbefaler

Familien gjorde alt for å skjerme Helge Bjørn. Så blei han smitta på sjukehuset.

Alt er annleis når det er eit koronadødsfall.

Mest lest akkurat nå

  1. Familien gjorde alt for å skjerme Helge Bjørn. Så blei han smitta på sjukehuset.

  2. Elleve nye smittede i Bergen

  3. «Slike vogntog ynskjer vi ikkje ha på vegane»

  4. Har du denne typen ytterpanel på huset ditt, har advokaten et godt råd.

  5. Sønnen fant Oddekalv: – Min far ga oss de verktøyene vi trengte når ting blir vanskelige

  6. Byrådsparti vil forby fossilbilar i Bergen innan 2025