«Dette er noe svineri»

Engasjementet mot Statoils oljesand i Canada aukar. Men det omfattar ikkje den norske regjeringa.

Olav Kobbeltveit

TODD KOROL

PÅ STATOILS generalforsamling i fjor knytte det seg ørlite spenning til punkt 12 — «Forslag fra aksjonær». I protokollen er det oppsummert slik: «En aksjonær hadde fremmet forslag om at StatoilHydro skal trekke seg ut av olje-sandaktiviteter i Canada. Forslaget ble ikke vedtatt».

Noko liknande vil det stå i protokollen fra gårsdagens generalforsamling, for den store eigaren - den norske staten - avviser alle slike forslag. Så dermed er vel saka ute av verda?

Tja. Det aukande engasjementet mot Statoils oljesandprosjekt i Canada påfører både statsoljeselskapet og den norske staten små nålestikk. For utvinning av olje frå sand er - som Marius Holm i Bellona seier - «noe svineri». Det er det fleire enn miljøforkjemparar som meiner, og det kjem korkje statsminister Jens Stoltenberg eller Statoil-sjef Helge Lund unna.

Mange gjer endåtil narr av Statoils forsøk på å pynta fasaden med ein ny logo - utan oljedropen - når selskapet samstundes går tungt inn i oljesand i Canada. Då, seier Marius Holm, set selskapet sitt renommé som miljøvennleg oljeselskap i fare.

DET VAR I APRIL 2007 at Statoil melde om kjøpet av eit canadisk selskap. Selskapet sat på eit felt med 2,2 milliardar fat olje, som skal utvinnast frå tjøresanden i den canadiske provinsen Alberta. Det tilsvarar tre års produksjon på heile den norske sokkelen.

Det fekk seniorrådgjevar Knut Alfsen ved Cicero - senter for klimaforsking - til å rykkja ut:

«Klimamessig er dette noe av det verste du kan finne på. Det er mulig de tror de kan finne en metode for å fange og lagre CO2-utslippene. Men uten fangst og lagring er dette en klimaforbrytelse», sa Alfsen til E24. Han meinte at kjøpet i Canada sette det statlege eigarskapet i Statoil i eit merkeleg lys.

Han fekk, ikkje uventa, varm støtte frå dagleg leiar Arild Hermstad i Framtiden i våre hender. Han meinte det var ein tragedie at det statlege flaggskipet Statoil markerte sin klimapolitikk på denne måten.

PROBLEMET ER ALTSÅ dei store CO2-utsleppa. Kritikarane kallar det den skitnaste form for oljeutvinning som finst. Utsleppa av CO2 er utrekna til over sju milliardar tonn i året. Det er, ifølgje utrekningar gjort av E24, like mykje som alle bilar og alle raffineri i Noreg slepper ut per år. 60 prosent av desse utsleppa kjem ved å pressa tungolja - eller bitumen - ut av sanden. Resten kjem frå prosessen som skal laga «vanleg» råolje av bitumen.

Den diskusjonen går ikkje Statoil-sjef Helge Lund inn i, jamfør det han sa då han la fram gode Statoil-tal for 14 dagar sidan. Han konstaterte då - sakleg nok - at oljesand er ein viktig ressursbase, og alle store aktørar i oljebransjen deltek i denne verksamda. Han såg oljeutvinning frå sand i lys av aukande etterspørsel etter energi, og han slo fast at Statoil går etter dei prosjekta som gir størst verdi for aksjonærane.

Han nemnde ikkje at den miljøproblematiske oljesandutvinninga er tema både hos Shell og ExxonMobil denne våren.

INFORMASJONSSJEF Rannveig Stangeland i Statoil medgir at prosjektet i Canada er «miljømessig krevende».

Men kan ikkje hovudeigaren den norske staten - ved regjeringa - gripa inn og overstyra Statoil når selskapet opptrer så på tvers av offisiell norsk klimapolitikk? Det er det SV helst vil, og partiet får støtte frå Line Henriette Hjemdal - miljøpolitisk talskvinne i KrF. Ho avviser SVs argument om at det først trengst ei ny eigarskapsmelding og nye reglar for statleg eigarskap.

— Det er berre for regjeringa å røysta for WWF og Greenpeace sitt forslag om å trekkja seg ut av Canada, seier ho til Nationen.

DET ER KORREKT, seier førsteamanuensis dr. juris ved UiO, Beate Sjåfjell, som i Dagbladet tysdag slår fast at generalforsamlinga kan gje rettsleg bindande pålegg til styret om selskapets generelle strategi, og i enkeltsaker. Ho skulle vel veta kva ho snakkar om?

Problemet er at Sjåfjells synspunkt ikkje gjer nemnande inntrykk på Olje- og energidepartementet. Statssekretær Robin Kåss sa til Stavanger Aftenblad 18. mai at staten kjem til å røysta imot forslaget, uansett.

Kvifor? Jau, fordi han og departementet og 93 prosent av Stortinget meiner det ligg til styret i selskapet å gjera forretningsmessige vedtak. Der skal staten som eigar halda fingrane frå fatet. Slik har Stortinget definert den norske statens eigarrolle i Statoil.

På det grunnlaget kjem Statoil til å halda fast ved planane om å utvinna olje frå tjøresand i Canada.

Synspunkt? Sei meininga di.