Norsk kulturfattigdom

Det er den norske husmannsanda som rår når mellomalderkyrkjer blir ståande til forfall i «eit av verdas rikaste land».

SKAL RENOVERAST: Korskirken er nettopp pakka inn og klar for renovering. Også Domkirken er under oppussing. Bjørn Erik Larsen

Asbjørn Kristoffersen

I mange hundre år var kyrkjer dei einaste monumentalbygningane i størstedelen av Noreg. Trass i den gamle utkantfattigdomen og den nye oljerikdommen står no steinkyrkjer frå mellomalderen til forfall.

Ivaretaking av kulturminnearven bør ikkje vera eit spørsmål om tru eller ikkje-tru. Men det kan synast som om deler av det sekulære Noreg ikkje greier å skilja mellom snørr og bart, mellom bygningsvern og trusvern, medan overtydde kristne kan meina at bygningar ikkje må koma i vegen for trua. Den norske husmannsanda har heller ikkje drukna i olja.

Kva årsaka enn måtte vera, i Norden utmerker Noreg seg ved å vera det landet som brukar minst statlege pengar på kyrkjevøling. Danmark, Finland og Island har framleis statskyrkjer. I Sverige, numero uno i vestleg sekularisme, har Riksdagen vedteke at staten skal betala dei antikvariske ekstrakostnadene ved kyrkjebygg.

Riksdagens grunngjeving var at den svenske staten hadde styrt kyrkja i fem hundre år før hopehavet vart oppløyst i år 2000. Dei aktuelle kyrkjene var dermed å forstå som svensk kulturhistorie, og heile folkets kulturminne, ifølgje svensk, politisk logikk.

I Noreg er det ikkje staten, men kommunane, fattige som rike, som må ta hand om kyrkjeleg kulturminnevern. Bortsett frå stavkyrkjene. Etter langvarig, pinleg, statleg seigpining er denne eineståande, kulturarven omsider berga. Og Nidarosdomen, naturlegvis.

I mellomalderen fanst det minst tusen stavkyrkjer her til lands, 28 står att. Det fanst om lag 300 steinkyrkjer, 159 står att. Steinkyrkjene var dei dyraste å oppføra, dei lekamleggjorde den store kulturendringa som skjedde ved innføringa av kristendomen, dei var ei påkopling av den europeiske sivilisasjonen, seier Morten Stige, avdelingsdirektør hos Byantikvaren i Oslo, til Vårt Land. Avisa har i fleire reportasjar teke for seg den miserable situasjonen for desse kyrkjene.

Morten Stige framhevar at kyrkjer har hatt ein meir markant posisjon i Noreg enn i dei fleste andre land, ettersom det gjerne ikkje fanst andre monumentalbygg i dei norske lokalsamfunna. Mellomalderkyrkjene er dei ypparste av desse monumentalbygningane, og steinkyrkjene var i mange hundre år lenge dei einaste bygningane i stein mange stader.

Dei låg gjerne høgt og fritt i terrenget, svært ofte ved transportårene, ved vassvegane. Og dei var kvitkalka, dei lyste opp der alle andre hus var grå og brune, seier han.

Mariakirken er framleis eit smykke for Bergen og for landet, Domkirken og Korskirken er under vøling. Men dei færraste av mellomalderens steinkyrkjer lyser opp omgjevnadene i vår tid. Vøling og vedlikehald er avhengig både av lokalpolitisk velvilje og av kommunal økonomi. Gamle Aker kirke i Oslo, Noregs hovudstad, har taklekkasje, råteskader i golvet og på altertavler. Fattige kommunar kan ha fleire verneverdige kyrkjer. I avveging mellom pengar til sjukeheimar og vedlikehald av bygningar, er det stor risiko for at jamvel mellomalderens monumentalbygningar blir nedprioritert.

Manglande vedlikehald gjer gjerne dobbelt skade, ettersom interiøra kan vera like verneverdige som bygningane. I norske mellomalderkyrkjer vart det bevart interiør og kunst som elles er sjeldsynt i Nord-Europa. Det skuldast at protestantismen ikkje kunne innførast med hard hand som i eit land der kongemakta tvinga den nye læra inn på folket.

Forfallet har dessutan gripe om seg som følgje av den sure nedbøren på 1900-talet. Øydeleggingane av stein og steinutsmykking har auka dramatisk sidan midten av 1800-talet, då det privat organiserte fortidsminnevernet tok til. Tidlegare tiders vøling ved hjelp av sement har gjort meir skade enn gagn. Faren for frostsprenging har auka. Vår eiga tids klimaendringar gjer vondt verre.

Dersom alle freda kyrkjebygningar som er bygde før år 1650 skulle blitt sett i stand, ville det kosta bortimot tre milliardar kroner, ifølgje Riksantikvaren. Dei eldste etterreformatoriske kyrkjene er då med i kronerullinga. Men også kyrkjer som er seinare bygde, kan vera freda eller fredingsverdige. Også i vår tid blir det bygt kyrkjer som må reknast til landets fremste monumentalbygningar, som Knarvik kyrkje i Nordhordland, frå 2014.

Norske kyrkjer vil gå ut av bruk, bli selde, bli rivne, som kyrkjer i andre land. Men avgjerdene om å avvikla kyrkjer bør krevja ekstra omtanke her til lands, nettopp fordi vi elles har så få monumentalbygningar frå tidlegare tider. Og fordi dei mest verneverdige kyrkjene avspeglar ein vesentleg del av alle slags nordmenns felles arvegods, slik den svenske Riksdagen vedtok for Sveriges del i år 2000.

Landets fellesarv må vera statens ansvar. Stortinget bad om ei strategisk avgjerd for statleg vern av mellomalderens steinkyrkjer i 2015. Hittil utan oppfølging frå Erna Solbergs skiftande kabinett. Kulturdepartementet varslar ny lovgjeving med framlegg til økonomiske løysingar om eitt år.

Myggel kan kje’ vara evig veit du, kan aldri vara evig.

Bjørn Erik Larsen