Siv Jensen kan bryte handlingsregelen før jul

Oljefondet har falle med 300 milliardar på tre veker. Statsbudsjettet kan bryte handlingsregelen før det blir vedteke.

SPREKK: Børsfall og uro i verdsøkonomien gjer at oljefondet fell kraftig. Finansminster Siv Jensen (Frp) er langt på veg avhengig av at Donald Trump avlyser handelskrigen med Kina, om ho skal unngå å bryte handlingsregelen, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Publisert:

Handlingsregelen er ei genial norsk oppfinning, Stortingets sjølvpålagde pisk for å hindre at Noreg går i luksusfella.

Då finansminister Siv Jensen (Frp) la fram statsbudsjettet 8. oktober kunne ho nøgd peike på at bruken av oljepengar held seg under handlingsregelens magiske grense på tre prosent av verdien i Statens pensjonsfond utland (oljefondet). 2,7 prosent, for å vere nøyaktig.

Den gong var verdien på oljefondet ca. 8400 milliardar kroner. Sidan har verdien falt med 100 milliardar kroner i veka.

Held fallet fram i same tempo vil verdien på fondet bikke under 7700 milliardar innan utgangen av november, altså i god tid før statsbudsjettet blir endeleg vedteke i Stortinget. Då vil oljepengebruken i budsjettet bryte handlingsregelen.

Rett nok er det verdien av fondet ved årsskiftet som gjeld. Men for at regjeringa skal nå målet om at oljepengebruken ikkje blir meir enn 2,7 prosent, må oljefondet då vere verd 8700 milliardar. Akkurat no verkar det lite truleg.

Skjermdump frå oljefondets nettside 30. oktober 2018 Foto: Norges Bank

Skråsikre spådommar om framtida er rett nok for idiotar og seljarar, så slikt er det lurt å halde seg unna. Det gjeld òg spådommar om utviklinga i oljefondet, der verdien er avhengig av både utviklinga i kronekursen og verdipapira fondet har investert i.

Likevel, slik det ser ut no er det meir truleg at aksjeverdiane i fondet vil gå ned enn opp dei komande månadene. Det einaste som kan snu det er om USAs president Donald Trump og Kinas president Xi Jinping gravlegg handelskrigen, når dei to møtast på G20-møtet i Argentina om ein månad.

Knapt nokon har hatt meir innverknad på utviklinga i oljefondet det siste året enn Donald Trump. Oljefond-sjef Yngve Slyngstad åtvara nyleg om at nesten heile veksten i fondet kom frå amerikanske aksjar, og at fondet kan svinge meir i verdi og bli redusert framover.

Den amerikanske aksjemarknaden har hatt ein eventyrleg vekst det siste tiåret. Mykje av veksten i år skuldast skatteletten som Trump og republikanarane fekk vedteke før jul i fjor.

På den andre sida har Trumps handelskrig mot Kina ført til at den kinesiske aksjemarknaden har falt med rundt 40 prosent sidan januar. Krigen er òg i ferd med å slå inn i den verkelege økonomien, altså i bedrifter og arbeidsplassar, både i Europa og Asia. Spesielt i store eksportland som Tyskland.

Den siste månaden, omtrent frå då Siv Jensen la fram budsjettet, har i tillegg aksjekursane i USA byrja falle. Og fallet er bratt. Ein viktig årsak er Trumps skattefyring, som gjer at rentene går opp og dollaren styrkar seg. Den andre er at veksten i den globale økonomien bremsar opp, mykje på grunn av uvissa og tollsatsane Trump har skapt.

Regjeringa kjem neppe til å stramme inn på budsjettet sjølv om verdiane i oljefondet fell vidare. Tvert om. Viss KrF no går inn i regjeringa må jo dei òg få nokre godbitar. Til dømes vil partiet auke barnetrygda kraftig.

Viss KrF feller regjeringa og Ap tek over, kan ei slik regjering eventuelt redusere oljepengebruken ved å auke skattane. Men dei har òg mykje dei vil bruke pengar på.

Blir Siv Jensen sitjande kan ho argumentere mot kutt med at ein ikkje kan styre budsjettet etter kortsiktige svingingar i oljefondet. Det har ho heilt rett i. Men viss USA og Kina ikkje finn ei løysing på handelskrigen, kan fallet i oljefondet bli meir langvarig.

Då vil USA etter planen auke tollen på halvparten av Kinas eksport frå 10 til 25 prosent. I tillegg har Trump dei siste dagane ymta fram om å leggje toll òg på resten av eksporten. Det vil råke Kina hardt, noko som vil smitte over på resten av verdsøkonomien. Det vil òg råke amerikanske eksportbedrifter og forbrukarar, som må betale meir for alle importvarene. Det vil òg dra veksten i USA ned.

Då vil ikkje berre oljefondet lide. Norske eksportbedrifter vil truleg òg få svi.

Og her ligg håpet. Konsekvensane av handelskrigen for USA og Kina blir så store at dei legg eit enormt press på partane til å finne ei løysing. I så fall kan oljefondet sprette opp att i takt med aksjekursane.

Det kan løyse problemet med handlingsregelen for denne gong. Men fallet vi er vitne til no i oljefondet viser kor avhengig drifta av Noreg har blitt av denne sparegrisen. Den viser òg at det er lurt å ha meir enn 0,3 prosentpoeng å gå på opp til handlingsregelens magiske kritstrek.