Fisk i fjøset

Som våre fjerne forfedrar er oppdrettsnæringa i ferd med å krype opp på land. Er det slutten?

ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Norge som oppdrettsnasjon burde ikke være så opptatt av å støtte opp om landproduksjon. Fordi den dagen landproduksjon skulle bli like lønnsomt som å drive til havs, så kommer man til å produsere på land og nær markedene – og det er ikke Norge. Vi vil da rett og slett ha mistet vårt komparative fortrinn.

Finansdirektør Ivan Vindheim i Marine Harvest, juni 2015

Alt byrja på vestlandskysten. I fjordar, bak øyar i ly for havet. Lokale oppfinnarar i Hålandsdalen, Osterøy, Fusa og Sykkylven, på Hitra og Sotra, som eksperimenterte seg fram til måtar å få aure og laks til å vekse opp i fangenskap.

Sidan pionertida på 1950-, 60- og 70-talet har lakseoppdrett blitt milliardindustri. Noregs nest største eksportnæring etter oljen, og den einaste næringa Bergen verkeleg kan skryte av å vere hovudstad for.

Og no tener selskapa pengar som gras. Verdas største oppdrettselskap, bergensbaserte Marine Harvest, er verdt over 80 milliardar kroner.

Og framtida ser lys ut. Analytikar Paul T. Aandahl i Noregs sjømatråd spådde denne veka at lakseprisane vil halde seg høge i minst 5–10 år.

Ein av grunnane til dei høge prisane er at produksjonen av laks knapt har auka sidan 2012. Næringa slit med sjukdom. I Norge er hovudproblemet ei lus som et skinnet av fiskane. Lakselusa har blitt møtt med tonnevis av kjemikaliar, millionar av leppefisk, spyling og varmt vatn, men ho er der framleis. Det handlar om dyrevelferd, men spesielt om smitte til villfisk. Næringa får ikkje setje ut meir fisk i merdane før dei får kontroll på lusa.

Difor eksperimenterer og forskar næringa sjølv tungt. Ein strategi er å la laksen leve lenger på land og dermed kortare tid i sjøen. Det vil gje lusa mindre tid til å formere seg, samstundes som større fisk toler lusa betre.

Men det mest lovande på sikt, er likevel lukka anlegg, som det spektakulære egget til strilen Cato Lyngøy. Det fjernar ikkje berre problemet med lus. To av dei andre miljøproblema i næringa vil òg kunne forsvinne: Lokal forureining og rømming.

Løysingane dei norske oppdrettsgigantane prøver ut har eitt klårt fellestrekk: Alle er avhengige av sjøen og norskekysten. Noko som er naturleg, fordi verdiane i desse selskapa ligg i konsesjonane dei har til å drive oppdrett i sjø. Konsesjonssystemet vernar dei langt på veg mot konkurranse, spesielt no når det knapt blir opna nye areal.

Difor er det ikkje så rart at bransjen, med verdas største oppdrettsselskap, Marine Harvest i spissen, kjempa i mot då regjeringa i 2015 foreslo å gje konsesjonar til reine landanlegg gratis. For ein konsesjon i sjø tek staten gjerne 60–70 millionar kroner.

Det var denne stortingsmeldinga som fekk finansdirektør Ivan Vindheim til å seie sanninga: Viss næringa flyttar på land er det ikkje lenger nokon grunn til at den skal bli verande i Noreg. Han var ikkje åleine.

Poenget bør gjere inntrykk. Regjeringa har ambisjonar om å femdoble eksporten av oppdrettsfisk fram til 2050. Dette er allereie vår nest viktigaste eksportnæring, slikt vi skal leve av etter oljen.

Likevel er Noreg blant dei fremste i verda på å utvikle teknologi som kan flytte næringa på land. Etter protestane frå næringa i 2015 nølte regjeringa med å innføre gratiskonsesjonar på land. Heilt til fiskeriminister Per Sandberg (Frp) skar gjennom i sommar.

Det var til glede for sauebonden Knut Løvlien på Rena i Østerdalen, omtrent så langt du kan kome frå havet i Noreg. Løvlien kunne denne veka fortelje NRK at han vil byggje nytt fjøs og starte oppdrett av arktisk røye.

– Næringa kryp på land, kommenterte professor Torbjørn Trondsen ved Norsk fiskerihøgskule.

Professoren har sjølv kasta seg på eventyret. Gjennom firmaet SIFT Group i Tromsø er han med på å utvikle ein ny type oppdrettsanlegg på land. Der skal laksen stå i rennande vatn, i renner som kan plasserast i fleire etasjar. Her skal laksen kunne leve heilt til han når slakteferdig storleik. Selskapet Seafood Group har sikra seg tomt på Sotra, og kan bli den første som byggjer eit slikt anlegg.

Men anlegget på Sotra kunne like godt stått i Kina. Det skuldast ny reinseteknologi, som gjer at landanlegg ikkje lenger er avhengig av å pumpe inn og ut sjøvatn. I staden kan ein resirkulere vatnet, noko som endrar spelereglane dramatisk.

Kommersielt lønsame landanlegg for laks er truleg ein god del år unna, sjølv om norske Atlantic Sapphire allereie har levert dei første laksane frå sitt landanlegg på den danske vestkysten. Dei byggjer no verdas største oppdrettsanlegg i Florida, ein halvtimes køyretur frå kysten.

Oppdrett er rimeleg komplisert. Mellom anna har landanlegg hatt utfordringar med at laksen blir gyteferdig, og dermed usalgbar, før han blir stor nok til å slaktast. Men er det noko den norske oppdrettshistoria viser, er det at slike problem kan løysast. Kva skjer då?

På Mongstad eksperementerar Universitetet i Bergen med å dyrke algar, som att på til blir fôra med CO₂. Om det lykkast i stor skala kan Noreg ha skapt ei ny viktig næring, som vil kunne eksportere fôr og klimavenleg teknologi til resten av verda.

Eksperimentet illustrerar at oppdrett er langt meir enn sjølve oppdrettselskapa. Det finst ein heil industri rundt næringa, som lagar annlegg, fôr og forskar på nye løysingar. Næringa er allereie i ferd med å bli høgteknologisk.

For oppdrettsselskapa kan det fort bli eit spørsmål om dei skal møte konkurransen i merdene ved å gjere om seg sjølve til investerings- og teknologiselskap, akkurat som mange bankar prøver på for tida.

Lykkast til dømes forskarane på Mongstad med å lage ubegrensa mengder billig fôr, vil det kunne skape eit langt meir verdifullt selskap enn lakseprodusentane. I alle fall om landanlegg og lukka sjøanlegg fjernar miljø- og sjukdomsproblema, og dermed alle begrensingar på produksjonsmengda. Laks blir i så fall eit lågprisprodukt.

Oppdrettsnæringa er i ei knipe som liknar den andre bransjar opplever i møte med digitaliseringa av alt mogeleg: Skal dei utvikle ny teknologi som undergrev deira eigne inntekter, eller risikere at andre utviklar den og tek over marknaden?

Mykje tyder med andre ord på at oppdrettsbransjen står framfor sitt «Kodak moment», etter verdas største produsent av analog film som fann opp digitalkameraet, men ikkje ville utvikle det fordi det undergrov salet av plastrullfilmane.

Kodak gjekk konkurs.