Næringspolitikk kamuflert som klimatiltak

Å lage biodrivstoff av skog er næringspolitikk. Som klimatiltak tyder mykje på at det eit blindspor.

DRIVSTOFF: Mange drøymer om ein ny vår for skogbruket som kjelde for biodrivstoff, men klimaeffekten er tvilsam, skriv Hans K. Mjelva. Vidar Ruud / Scanpix

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Norge er god på klimatiltak som ikkje får negative konsekvensar for oss sjølve. I 2010 intervjua eg dåverande statsminister Jens Stoltenberg. Bør ikkje vi la oljen i Lofoten og Vesterålen bli liggjande, spurte eg.

– Det ville vere heilt meiningslaust, svarte Stoltenberg.

Intervjuet skjedde på ein balkong høgt over gatene i New York, der Stoltenberg og norske klimabyråkratar dreiv ein aktiv kampanje for at rike land skulle finansiere klimatiltak i fattige land, og få klimakvotar som betaling. Økonomen Stoltenberg meinte at vi ville få langt større klimakutt om vi pumpa opp oljen og brukte litt av inntektene til å betale fattige land for å la regnskogen stå.

Retorikken var ei oppvising i det som har blitt ei paradegrein i norsk klimapolitikk: Vi har gjort alt vi kan for å sleppe å ta klimakutt her i landet, fordi det kan gå ut over norske arbeidsplassar og verdiskaping.

I dag er det ikkje mange som brukar regnskog-argumentet til Stoltenberg, mellom anna fordi effekten av regnskogmilliardane har vist seg vanskeleg å dokumentere. Men Ap, Høgre og Frp vil framleis byggje ut Lofoten og Vesterålen, men argumenterer no med at vår olje og gass skal erstatte kol. Framleis eit tvilsamt argument, men det får liggje no.

Les også

Slik skal skipsfarten bli grønn

Ingen kan mistenkje Venstre for ikkje å kjempe for klimaet, men i sin iver etter å kombinere klimatiltak med næringsverksemd tyder mykje på at dei no har gapt for høgt. I forliket med regjeringa om årets statsbudsjett har dei fått inn at 20 prosent av drivstoffet i vegtrafikken skal vere biodrivstoff innan 2020. Både Ap og Senterpartiet har liknande ambisjonar, ut frå den same draumen om å gjere klimasaka til ei økonomisk vinnarsak for skogeigarar og AS Norge.

Uvanleg nok er alle miljøorganisasjonar, med unntak av Zero, skeptisk til dette klimatiltaket. Ein av grunnane er at klimaeffekten er svært tvilsam. Når Venstre presenterer biodrivstoff på sine heimesider handlar det om ulike typar avfall (frå skogbruk, matavfall osv.). Det er jo bra, men problemet er at det blir alt for lite.

Det meste av biodrivstoffet vi brukar i Noreg i dag er laga av raps og andre jordbruksprodukt frå EU. Å bruke jordbruksareal til å dyrke drivstoff til bilar, i ei verd som treng mat, er heller ikkje noko god løysing.

Difor vil òg Venstre at vi skal hogge meir skog og lage biodrivstoff av det. Problemet er berre at det tek eit nytt tre opp til 90 år å fange like mykje CO2 som vi slepp ut når vi brenn eit fullvakse tre, ifølgje ein NVE-rapport som kom i 2015. Reknestykket blir rett nok langt betre om ein bruker delar av treet til byggjemateriale, og berre restane til biodrivstoff. Men då blir det mindre biodrivstoff.

Skogbiolog Trude Myhre i Verdens Naturfond (WWF) seier til Klassekampen at klimautsleppa òg vil auke fordi skogbotnen ved flathogst vil sleppe ut store mengder CO2.

Les også

Venstre vil ha slutt på salg av bensinbiler innen ti år

Det å kombinere klimatiltak med teknologi- og næringsutvikling er kanskje den einaste farbare vegen om vi skal klare takle den globale oppvarminga. I så måte er Venstre eit særs konstruktivt miljøparti. Men i biodrivstoffsatsinga tyder mykje på at dei bommar. I det minste bør dei no høyre på klimaminister Vidar Helgesen (H), som før budsjettforliket åtvara mot ei slik satsing utan å undersøkje klimavinsten betre.

Før dei går i gang med å oppfylle forliket med Venstre bør regjeringa difor gjere ei nøktern og realistisk analyse av klimaeffekten. Med mindre dei finn ut at miljøorganisasjonane tek feil, bør dei skrote biodrivstoffmålet som Venstre fekk gjennom. Det vil òg klimasaka vere tent med.