Mangel på arbeidskraft fiksa det Erna Solberg ikkje klarte

Karoline Jensen-Trangsrud er ei av dei som har kome seg ut i arbeid i 2022.

Det mest gledelege i 2022 var at mange arbeidslause endeleg fekk seg jobb.

Publisert: Publisert:

Talet på arbeidslause er det lågaste på ti år. Folk som har slite lenge med å få prøve seg, får no jobbe. Årsaka er enkel: Det er mangel på arbeidskraft, både i privat og offentleg sektor.

Det er jo ei slags løysing på eit problem norske regjeringar har slite med dei siste tiåra: å få folk over frå trygd og passivitet, til jobb.

For dei som no endeleg kjem i jobb kan vinsten vere enorm. Det er ikkje bra for sjølvrespekten eller sjølvtilliten å gå utan arbeid, å måtte leve på andre, anten det er slekt eller staten.

Som Karoline Jensen-Trangsrud sa til BT i førre veke: «Vi trenger at noen gir oss sjansen.»

Les hele saken med abonnement