Redd verda, start med Åsane

Å bygge nye bustader på grøntareal er fantasilaust.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

BETONGØRKEN: Naturvernforbundet meiner Bergen bør la grøntareala ligge, og i staden bygge bustader i allereie øydelagde område, som i betongørkenen i Åsane. Ein god idé, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Bjørn Erik Larsen

Då nye Ikea i Åsane skulle byggast vart arbeidet brått stansa, fordi ein bonde meinte han hadde høyrt ein utryddingstruga fugl. Folk lo og rista på hovudet. Litt lenger ut i bydelen, på Haukås, har både bustader og godsterminal måtte vike på grunn av ein elvemusling. Ein liten elvemusling! Kosekosekose. HAHAHA!

Latteren sit laust i dei tusen godstolar av historiene om velmeinande godfjottar som spring rundt i skogen og leiter etter skapningar som kan stoppe framsteget.

Og så, når dei klarer å stoppe ei utbygging, går låtten over til hovudristing og beint fram forbanning: «Vi kan då i helvete ikkje gjere noko som helst snart, på grunn av desse idiotiske hippiane som ønskjer seg tilbake til steinalderen», blir det kanskje sagt.

Men akkurat som global oppvarming har biologisk mangfald blitt litt meir alvorleg i det siste, litt vanskelegare å føyse vekk. Biedøden har til dømes vore ein vekkar, fordi det kan truge matproduksjonen. Det er jo ikkje bra. I vindmølledebatten har sjølv klimafornektarar blitt forsvararar av lyng og hei.

I sommar vart saka skrudd opp nok eit hakk. Ein rapport frå FNs internasjonale naturpanel viser at ti prosent av verdas plante- og dyreartar er så godt som utrydda. Held vi fram i same tempo kan ein million av dei åtte millionar skapningane som er igjen på jorda døy ut dei komande tiåra.

MYKJE PLASS: Åsane «sentrum». Jan M. Lillebø

Så kanskje eg overdriv. Kanskje er det ikkje så mange som ler av naturvern lenger.

Men som alltid, det er når ein skal gjere noko med problemet at det blir vanskeleg.

Tysdag møtte fleire av byens leiande politikarar opp då Naturvernforbundet arrangerte politisk ordskifte om saka. Utgangspunktet var forbundets sin visjon for korleis Bergen kan sjå ut viss byen verkeleg gjer sitt for å sikre det biologiske mangfaldet innan 2030.

Då må det bli slutt på å bygge ned naturen bit for bit, som forbundet uttrykker det. Til dømes slik byutviklingsbyråd Rune Bakervik (Ap) gjekk inn for i Strangehagen på Nordnes, før saka i går overraskande vart trekt frå byrådsmøtet.

Bergen er allereie den mest spredtbygde storbyen i landet. Naturvernforbundet meiner ein difor må slutte å ta i bruk ubygd land til bustader og motorvegar.

I staden bør byen bruke det som allereie er øydelagt: Industriområde, parkeringsplassar, lågbygg. Vi må bu tettare, høgare og lage infrastruktur som gjer at vi slepp å bruke bil.

Det er ein vakker visjon. For det handlar ikkje berre om å bu tettare, men betre. Meir grønt i byen, hagar på alle tak med mindre enn 30 graders helling, omgjering av betongørken til frodige hagar. Ikkje berre skal nedbygginga stoppe opp. Grøntarealet, buområda til insekt og alskens kryp, skal aukast.

Les også

Hans K. Mjelva: Draumen om hage

Utfordringa er sjølvsagt å få dette til i praksis. Strangehagen viser korleis klimaargumentet om fortetting no blir brukt til å forsvare nedbygging av grøntområde, av både byråd og utbyggjar.

Det er meir pengar å tene på å bygge grått enn grønt, og for enkelte har fortetting blitt rett så profitabelt. Berre sjå langs bybanen. Fortetting betyr gjerne blokker, små leilegheiter og fjerning av hekk og hage.

Forklaringa er at det er billigast, mest bustad for pengane, mest forteneste for utbyggarane. Naturvernforbundet har rett: ambisjonane for å skape trivelege, grøne urbane buområde bør hevast.

Skal fortetting lykkast, òg som politisk prosjekt, må reguleringa sørgje for bustader folk har råd til, og som er store og menneskevenlege nok til at sjølv barnefamiliar får lyst til å flytte inn. Det blir ikkje nødvendigvis lett. Mellom anna vil det krevje meir fantasi enn det planavdeling og utbyggarar evnar i dag.

Åsane, der dei to døma ovanfor var henta frå, er eit historisk utstillingsvindauge for feige eller likegyldige politikarar og omsynslause utbyggarar. Betong og asfalthelvetet frå Åsane senter til Vågsbotn er det fremste dømet på sløsing med areal i Bergen. Bilbaserte kjøpesenter og varehus på ei eller to etasjar dominerer.

Her er det plass til titusenvis av bustader. Her kan ein lage ein heilt ny by. Med bybane og smarte grøne løysingar kan det bli ein demonstrasjon av korleis fortetting bør gjerast.

Det er brei politisk støtte for noko slikt. Både dette og førre byråd har lagt fram planar om fortetting og bustader i dette området. I arealdelen til den nye kommuneplanen er heile stasen definert som byfortettingsområde.

Det blir allereie bygd mykje i Åsane «sentrum», men førebels er det meir i natur enn i betongørkenen. Men dess mindre grøntområde byrådet godtek utbygd, dess meir vil det løne seg for grunneigarane å gjere resten av Åsane om til bustader. Bygge i betongørkenen altså.

Les også

Slik vil byrådet stramme til boligbyggingen

I juni vedtok bystyret å gjere om over 20 planlagde bustadområde til grøntareal, fordi dei låg utanfor «den kompakte byen». Det var politisk kontroversielt. Utbyggarar og grunneigarar protesterte. Høgre og Frp var i mot. Her gjekk deira grense for fortetting.

– Småbarnsfamiliar flyttar frå Bergen viss dei ikkje får bu som dei ønskjer, sa Frps Marte Monstad, i det politiske ordskiftet tysdag.

Her ligg den vanskelegaste nøtta. Mange drøymer om hus med hage. Får dei ikkje det i Bergen, flyttar dei til pendlarkommunane rundt. Naturvernforbundets Gabriel Fliflet hadde tre svar til det:

  • Nokon må gå føre.
  • Nye tette bustadområde må bli så fine at folk vil bu der.
  • Bergen bør få ein forpliktande plan med nabokommunane for å hindre byspreiing.

Slikt er det vanskeleg å vere usamd i. Slik det gjerne er med vakre visjonar. Men det er krevjande å få til slik «fortetting med kvalitet», utan at det blir dyrare bustader av det.

Den politiske viljen til å få til ein tettare by er likevel blitt langt større det siste tiåret, både i Bergen og nasjonalt. Du skal sjå vi blir godfjottar til slutt, heile gjengen.