Elektriske snøggbåtar og statens pengesekk

Noregs mange Petter Smart-typar er vårt beste våpen i klimakampen.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

ELEKTRISK: Om få år kan vi få elektriske snøggbåtar som går like langt og raskt som dagens dieselslukarar. Det illustrerar at mykje av svaret på klimakrisa ligg i norsk industri. Det bør regjeringa gjere meir for å støtte opp om, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Marvin Halleraker

Det er ein revolusjon på gang på sjøen. Fleire selskap seier dei no kan bygge snøggbåtar som kan gå i 30 knop i fire timar utan å sleppe ut eit gram CO₂. Det er nok til å klare ruta Bergen-Florø like raskt som dagens dieselslukande katamaran. Eit selskap seier dei til og med kan klare 45 knop.

Nyheita kom under ein debatt denne veka i Arendal. Detaljane får vi 3. september, når fylkeskommunane langs kysten presenterer resultatet av ein konkurranse dei har lyst ut. Men direktør Erlend Solem i Trøndelag fylkeskommune røper at den eine går på batteri, medan løysinga som går i 45 knop har hydrogen som energikjelde.

Det er ein bra sjanse for at det gjeld konseptet Zeff, der dei lokale selskapa LMG Marin, Norled og Servogear er sentrale.

For dei som ikkje har følgt med, høyrest dette kanskje ikkje så imponerande ut. Vi veit jo at elbilar kan erstatte vanleg bilar, så kvifor ikkje snøggbåtar? Men snøggbåtar stiller langt meir ekstreme krav, fordi dei krev enormt med energi og ikkje kan bli for tunge.

Til no har ein halv time blitt rekna som maks, i alle høve på batteri. Fire timar no er ei sensasjonelt rask utvikling, sjølv innanfor fornybarfeltet. Det kan gjere mykje for sjøboren kollektivtrafikk, og skape eit eksporteventyr for produsentane.

FRAMTIDSBÅT: Ei gruppe norske selskap har utvikla nullutsleppskonseptet Zeff. Då konseptet vart presentert før jul i fjor var planen at snøggbåten skulle bruke anten batteri eller hydrogen, og gå mellom 25 og 45 knops. Som ein ser på teikninga er hydrofoilen òg på veg tilbake. Kjelde: Norled. LMG Marin

Les også

Hans K. Mjelva: Seglskip og svart olje

Klimasaka er for tida ei kjenslemessig berg-og-dal bane. Depressive rapportar om klimaendringar vekslar med slike gladsaker om teknologiske framsteg. På den politiske pratefesten i Arendal denne veka var det mest av det siste, noko som sprita opp stemninga på dei mange minglefestane (i alle fall heilt til elflyet til Avinorsjefen måtte naudlande i eit skogsvatn).

Sjølv olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) tok ein pause frå «drill-baby-drill»-retorikken, og snakka varmt om planane om å lagre CO2 langt under havbotnen i Nordsjøen. Northern Lights, som prosjektet heiter, er eit anna døme på kva potensial Noreg har til å bli ein del av løysinga:

Etter mange år med prat er Noreg her i ferd med å få til verdas første løysing for lagring av CO2 som er open for alle, 3000 meter under havbotnen i Nordsjøen. Fem millionar tonn årleg i utgangspunktet, men det kan utvidast med fleire brønnar. Forskarane er sikre på at gassen vil bli verande der nede. Noko kan leke ut, men så lite at det ikkje spelar noko rolle.

FNs klimapanel slo i fjor fast at klimamåla, spesielt om vi ønskjer å avgrense oppvarminga til 1,5 grader, ikkje kan nåast utan karbonfangst. Alle dei tre debattane om dette prosjektet i Arendal munna ut i ein slags konklusjon om at dette ikkje er noko meir å prate om. Det er berre å setje i gang!

Les også

Hans K. Mjelva: Klimaløysing i Øygarden

Men det står om pengar. Prosjektet er kostnadsrekna til 11–12 milliardar kroner. Mesteparten av dette må den norske staten betale, sjølv om EU truleg blir med på spleiselaget. Ifølgje Freiberg vil regjeringa avgjere saka i 2020 eller 2021.

Og her er vi inne i det som eg trur kan bli den store diskusjonen i klimaspørsmålet i Noreg framover: Skal verkeleg Noreg, med 9000 milliardar på oljebok, la pengemangel stoppe slike prosjekt?

Denne pengediskusjonen vil òg kome i samband med eit anna tema som vart mykje diskutert i Arendal: Flytande havvind. Akkurat som karbonfangst-prosjektet og snøggbåtane, er det ei sak der offentlege pengar kan brukast både for å redde klimaet, og for å skape nye arbeidsplassar i industrien.

Olje og energiminister Freiberg har blankt avvist ei subsidieordning for flytande havvind, der Noreg framleis har eit lite teknologisk forsprang på resten av verda. Til hausten vil truleg statlege Enova avgjere om dei vil støtte Equinors prosjekt Hywind Tampen med 2,5 milliardar kroner. Gjer dei det, kan det gå ut over andre klimaprosjekt, fordi det vil ta ein så stor del av Enovas budsjett.

Arendalsveka er ikkje berre smarte PR-byrå. Det er vel så mykje forskarar, folkevalde og næringslivsfolk. Påfallande mange av dei eg prata med om klimasaka (for det det er verdt), enda opp med ein variant av denne tankerekka:

Gjev det meining at vi sparer til framtidige generasjonar i oljefondet, men samstundes let vere å satse på prosjekt som både kan redde klimaet og skape arbeidsplassar i framtida?

Denne koplinga mellom klima og industriell omstilling bør gjere satsinga mogeleg, sjølv utan å bruke meir oljepengar. Men krev at regjeringa prioriterer det, også økonomisk. Elles kan Erna Solbergs ettermæle dale like fort som Avinor-sjefens elektriske fly.