Vi ler ikkje, NRK

NRKs pinlege jøde-«satire» er rett og slett ikkje god nok for dei svina.

SLUTT MED SNUTT: Kortfilmen «Scrabble» er satire på sitt aller svakaste. SKJERMDUMP: NRK/Norske Grønnsaker

Jens Kihl
Kommentator

Det heiter seg at røynda overgår satiren, men denne veka er det nok satiren som er aller mest vill. Tysdag kom NRK Satiriks med ein animasjonsfilm i serien Sommersnutter. Handlinga er som følgjer:

Ein eldre rabbinar og ein ung mann speler Scrabble. Rabbinaren hoverer over at motspelaren bruker lang tid på å få lagt eit ord. Så skiftar vi synsvinkel og får sjå bokstavane mannen har fått utdelt. Dei dannar ordet «JØDESVIN».

Produksjonsselskapet Norske Grønnsaker, som har laga snutten, delte filmen på si Facebook-side med teksten «Tagg en jøde». Dei har no endra teksten til «Hvor mye trøbbel kan Scrabble skape?», men det er fyrst etter to døgn.

Det er nesten umogleg å kritisere humor. Det skal jo berre vere gøy, ikkje sant? «Je suis Charlie», kan svaret vere, og plutseleg blir det ein kamp mellom fridomselskarar og dei som vil sensurere.

Les også

Det er viktig for NRK å gjøre innholdet synlig og tydelig, og her ser vi at vi ikke har vært gode nok

Eg vil ikkje sensurere nokon. Men det er ikkje sånn at du kan unndra deg kritikk berre fordi du kallar ytringa di satire. På same måte som politikarar, journalistar og alle andre innimellom bommar med det dei seier, gjer også humoristar det.

Dersom vi skal meine at noko humor og satire er bra, må vi også kunne meine at den innimellom er dårleg.

Noko av det eksepsjonelle med det franske satiremagasinet Charlie Hebdo har vore at dei har halde oppe ei råk for samfunnskritikk i krenkingas tidsalder. Det har dei gjort med svært store personlege kostnader.

Les også

Prinsipielt på bærtur

NRK Satiriks og Norske Grønnsaker sender derimot ballen vidare. Dei viser videoen utan å risikere anna enn å hisse på seg ein surmaga kommentator i ei vestlandsavis.

NRK har ikkje forstått at dei har eit redaktøransvar. På Twitter skriv dei at «Vi videreformidler selvfølgelig din reaksjon til Satiriks», som om det er eit svar på noko som helst.

Ansvaret ligg hos statskanalen. Det er heilt uvesentleg at det er eit eksternt firma som har laga filmen eller at Satiriks er ei eiga avdeling. NRK må kome på banen med eit skikkeleg svar.

Christopher Pahle, sjølv satirikar, har teke for seg filmen i ein tråd på Twitter. Han viser til svara frå NRK og skriv at «Nei, at noen nøler med å legge ut JØDESVIN i Scrabble er ikke et ‘skråblikk på samfunnet’ med ‘sterke virkemidler’, NRK».

Hans poeng er at satire må vere presist for å treffe. Det held ikkje å rope eit stygt ord og kalle det «skråblikk».

Les også

Debatt: Ta «jødetesten», Erna!

Dei som i staden må bere kostnaden, er den vesle flokken jødar i Noreg. Saman med «homo» er «jøde» det vanlegaste skjellsordet i norske skulegardar. NRK bidreg denne veka med sitt for å minne folk på at det er gøy å rope «jøde» etter folk.

Den norske og jødiske journalisten Monica Csango tvitra at «det var alt jeg trengte denne sommeren med antisemittismen på fremmarsj i hver avkrok av verden». Ho kallar innslaget antisemittisk.

Det Mosaiske Trossamfund skreiv på Facebook at «Man kan spørre seg hva de egentlig ønsker å oppnå ved å oppfordre til at man skal ‘tagge en jøde’?».

Når satiren blir så uklar som her, er det vanskeleg å sjå om NRK sparkar oppover eller nedover. Då bør ein kanskje lytte til minoriteten som blir råka:

For NRK er dette berre eit lite minutt med film i ein enorm produksjonsflaum.

For jødane er det endå meir av den språkbruken det allereie er for mykje av i Noreg.