Driten med EØS-avtalen

Kamp i LO: Er det Erna eller EØS-avtalen som stinkar i norsk arbeidsliv?

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

«NOXIT»: Leiinga i Fellesforbundet, med Jørn Eggum i spissen, prøver å hindre at han blir general for eit Norge-ut-av-EØS opprør. Terje Bendiksby

OSLO: «EØS-avtalen har uten tvil skapt utfordringer i arbeidslivet vårt. Men vi må ikke la oss lure til å tro at all dritt vi møter er på grunn av EØS-avtalen.»

Jørn Eggum, leiar i Fellesforbundet, la inn litt saftig språk då han søndag innleia til den viktige EØS-debatten på landsmøtet. Debatten er viktig fordi den kan avgjere ikkje berre Fellesforbundets, men òg LOs syn på EØS-avtalen. Det kan ende i krav om at heile avtalen blir sagt opp.

På landsmøtet er mange forbanna på utviklinga dei siste åra. På verft, hotell, byggeplassar, bak bussratt og i trailerar er EØS svært upopulær. Konkurransen frå billig arbeidskraft frå Aust-Europa tærer på den internasjonale solidariteten som LO møtte dei nye EU-landa med i 2004, gjennom slagordet «Ja til arbeidsinnvandring, nei til sosial dumping».

Landsmøtesalen er svært delt. Folk som jobbar i tungindustrien, oppdrett og andre bransjar som fryktar for marknadstilgangen og investeringar, argumenterer like heftig for EØS.

Les også

Sjekket over hundre byggeplasser: Her ble alt arbeid stanset umiddelbart

På førre landsmøte i Fellesforbundet, for fire år sidan, vart det nesten fleirtal for å seie opp EØS-avtalen. No har det sterkt EØS-kritiske Transportarbeidarforbundet blitt ein del av Fellesforbundet. Deira 60 delegatar er meir enn nok til å snu fleirtalet, når landsmøtet skal stemme over saka onsdag.

Og viss Fellesforbundet krev at EØS-avtalen blir skrota, vil truleg LO gjere det same. Det vil legge eit solid press på Arbeidarpartiet.

Det vil ikkje leiinga i LO og Fellesforbundet ha noko av. Derfor har Eggum fått både forbundsstyret og representantskapet med på eit slags kompromiss: At eit offentleg utval skal greie ut alternativa til dagens EØS-avtale. Ingen tør spå kva alternativ som får fleirtal onsdag, utgreiing eller oppseiing.

Men ein ting er sikkert: Blir det krav om ei offentleg utgreiing (NOU), vil det òg bli LOs krav når dei møtast til våren. Då har Ap eit problem. Men problemet er langt mindre enn det dei får om LO krev at EØS-avtalen blir sagt opp.

Ap-leiar og EØS-ven Jonas Gahr Støre er svært negativ til ei utgreiing: Som han sa til Aftenposten i september: «Hvis du utreder et alternativ, så er du på jakt etter et alternativ. Det er ikke vi. Da skaper du usikkerhet rundt den avtalen som er.»

I landsmøtedebatten var fleire innom det same: At ei utgreiing om alternativ til EØS kan skape nok uvisse til at investeringar i ny industri blir skrinlagt.

Les også

Island setter punktum for Acer-striden – rungende «ja» fra Alltinget

Både Støre og EØS-tilhengjarane i LO meiner det er den borgarlege regjeringa som er problemet, ikkje EØS-avtalen. Dei meiner regjeringa ikkje utnytter «handlingsrommet» innanfor EØS-avtalen, fordi dei ikkje vil.

Eit konkret døme på dette «handlingsrommet» er i bygg- og anleggsbransjen. Her har bruken av utanlandsk innleigd arbeidskraft auka kraftig. Det er Fellesforbundet er sterkt imot fordi det undergrev både faste jobbar, løns- og arbeidsvilkår, fagorganisering og jobbar til norsk ungdom.

Dei siste dagane har forbundet vist massivt bruk av ulovleg innleige både i Oslo og Bergen.

Derfor vil truleg landsmøtet gå inn for eit forbod mot bemanningsbyrå i bygg- og anleggsbransjen. Eit slikt forbod har allereie Tyskland, noko som betyr at det ikkje vil stride mot EØS-avtalen.

Høgre vil neppe gå med på noko slikt, men for Ap kan det bli ei valkampsak som vil mobilisere for partiet i fagrørsla.

For Ap, der både Eggum og LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen sit i sentralstyret, er det viktig no å vinne det arbeidande folket for tanken om at Solberg-regjeringa er problemet, ikkje EØS.

Både for å sikre støtta for EØS-avtalen og for å skape eit tydeleg skilje til den borgarlege regjeringa. Det skiljet har til no vore for uklart, både fordi Høgre har tatt nokre taktiske steg til venstre og fordi Støre har vore flink til å bygge opp under motstandaranes forteljing om at han ikkje er nokon mann av folket.

Dessutan har regjeringa gjort ein del for å motverke dei negative sidene ved EØS-avtalen, mellom anna ved å etablere senter som jobbar mot arbeidslivskriminalitet. Kritikken frå dei tillitsvalde på landsmøtet er at det blir gjort for lite, og at ikkje minst Arbeidstilsynet har altfor små ressursar til å kontrollere at lovar og reglar blir følgt.

Så var det denne offentleg utgreiinga. Støre opna litt for ei utgreiing i eit intervju dagen før landsmøteopninga. Men det gjaldt berre ei utgreiing av dette såkalla handlingsrommet innanfor EØS-avtalen, og ikkje å sjekke om ein frihandelsavtale kan erstatte EØS-avtalen. Det er neppe godt nok for nei-sida i Fellesforbundet.

Det som verkeleg skapte panikk i både LO, NHO og Ap i fjor haust, var at den sindige bergensavdelinga i Fellesforbundet, avdeling 5, kravde at EØS-avtalen vart oppsagt. Dermed var ikkje opprøret lenger noko raddis-greie.

No har Roar Abrahamsen & Co tydelegvis roa seg ned. Dei støttar sitt gamle avdelingsmedlem Eggum, og vil ha ei offentleg utgreiing. Artig nok avsluttar dei med ei litt overraskande helsing til dei meir steile nei-folka, som kanskje trudde dei her hadde ein alliert:

«Finnes det ikke realistiske alternativer som ivaretar industriens frie markedsadgang og et anstendig og seriøst arbeidsliv, er medlemskap i EU med innflytelse og forutsigbarhet å foretrekke.»