Seglskip og svart olje

Kven vil gå konk når norske reiarar igjen møter utfordringa frå 1880?

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

VINDCRUISE: Over 100 år etter seglskipa vart utkonkurrert av dampskip har klimakrisa gjort vindkraft aktuelt på nytt. Her eit konsept for eit nytt cruiseskip, utvikla i eit samarbeid mellom norske bedrifter og to amerikanske cruisegigantar. NCE Maritime CleanTech

We live in uncertain times

Erna Solberg, under opninga av Nor-Shipping 2019

Seglskipa på Sørlandet har gjeve oss ein av dei mest kjente lærdomane i norsk økonomisk historie. Frå midten av 1800-talet, då dampskip framleis var ny og kostbar teknologi, satsa sørlandsreiarane tungt på seglskip.

Lenge gjekk det bra. I 1880 var Arendal landets største skipsfartsby, målt i tonnasje. Men seks år seinare markerte Arendalskrakket byrjinga på slutten. Dampskipa utkonkurrerte gradvis seglskipa på fart og pålitelegheit. Arendal gjekk frå velstand til djup krise.

I alle år sidan har dette vore ei forteljing til skrekk og åtvaring: Den bedrifta som ikkje tør å satse på ny teknologi, sjølv om det på kort sikt verkar usikkert og dyrt, vil døy.

Eg vart påmint denne historia under opninga av den store skipsfartsmessa Nor-Shipping, som går av stabelen i Lillestrøm og Oslo denne veka. Det var drama i lufta.

– 40 prosent av all olje, som de fraktar, går til transportsektoren. Alt det skal bort, sa professor Ramez Naam frå Singular University, til den internasjonale skipsfartseliten i salen.

– Takk for at du drap næringa vår, kvitterte president Lasse Kristoffersen i Norges Rederiforbund. Det var sikkert meint humoristisk, men eg såg ikkje noko smil.

BATTERI: Kåringa av «Color Hybrid» til årets skip under Nor-Shipping-konferansen viser at fornybar-vinden bles i skipsfartsbransjen òg. Color Line

Utfordringa skipsfartsnæringa står framfor no, er både teknologisk og regulatorisk. Klimakrisa driv fram stadige nye reguleringar, for å bremse klimautsleppa. Samstundes driv reguleringar og subsidiar fram eit ras av teknologiske nyvinningar, som i seg sjølv vil endre spelereglane.

I fjor vedtok til dømes den internasjonale skipsfartsorganisasjonen IMO eit mål om å fjerne 50 prosent av CO₂-utsleppa frå skipsfarten innan 2050. Målet er ambisiøst, men kanskje likevel for lågt. Den mykje omtalte rapporten frå FNs klimapanel som kom i fjor, viste at klimautsleppa må ned til null i 2050 om den globale oppvarming skal haldast under 1,5 grader.

Men det er ikkje berre framdrifta av skipa som må endrast. Næringa risikerar, som Naam er inne på, òg at oljefrakt og andre delar av marknaden forsvinn.

Eit gjennomgangstema på opningskonferansen var at næringa sjølv må gripe fatt i utfordringane, og kome med løysingar. Underforstått: Viss ikkje risikerer ein at politikarane trer løysingar ned over hovudet på dei.

Den nobelprisvinnande økonomen Paul Romer brukte den vellykka kampen for å redde ozonlaget på 1980-talet som døme. Lærdomen til skipsfartsnæringa var: Lag reglane sjølve, og få styresmaktene til å handheve dei.

Mykje skil dagens utfordringar og overgangen til damp på 1800-talet. Likevel er det lærdom å hente frå dei for lengst døde seglskipsreiarane: Det kan vere svært vanskeleg å satse på noko nytt så lenge det går bra med det gamle.

Reiarar som satsar langsiktig på frakt av olje, gass og kol vil i det lengste tru, og kjempe for, at klimaendringane ikkje er noko ein treng å ta omsyn til. Fornekting er på mange måtar eit naturleg, om enn ikkje særleg rasjonelt, forsvar.

Les også

Hans K. Mjelva: Klimaløysing i Øygarden

Sjølv om olje har teke over som Noregs viktigaste eksportnæring, er framleis skipsfarten svært viktig for landet. Ikkje minst her vest. Bergen er, i tilfelle du ikkje visste det, landets største skipsfartsby.

Skal ein dømme etter den dominerande rolla klima og teknologi har på Nor-Shipping, får ein tru at næringa tek utfordringane på alvor. I alle høve her i landet.

I messa på Lillestrøm var det flust med grøn skipsteknologi. Artig nok er seglskip igjen blitt eit alternativ. Det vil seie fleire moderne variantar som kombinerer motor med store loddrette blad, som kan fange vinden.

På ein annan stand stod NCE Maritime CleanTech, Vestlandets eiga grøne næringsklyngje for skipsfart, med hovudkontor på Stord. Noreg er allereie i front internasjonalt i grøne løysingar for skipsfarten, noko som lovar svært godt for framtida til norsk maritim næring.

For ikkje så lengje sidan fortalde ein kar høgt oppe i eit stort norsk selskap (ikkje shipping) at han var lei av at vi i Noreg heile tida skal redde verda. Tema var klimatiltak.

Viss ein hentar levebrødet frå fossilt brensel, direkte eller indirekte, er det sjølvsagt ikkje så rart at ein får slike tankar. At vi i Noreg er meir enn gjennomsnittleg opptatt av klima, og dermed legg press på næringslivet, er likevel ein stor fordel. Det er med på å setje norsk industri i førarsetet i ei omvelting som vil kome, same kor mykje ein skulle ønskje det motsette.

Så vil tida vise kven i norsk skipsfart som tilpassar seg den nye tida tids nok, og kven som følgjer strategien til 1800-talets sørlandsreiarar.