Mørke midt på dagen

Welcome to Norway. Venleg helsing Middelalderen.

ARKIVILLUSTRASJON: ØIVIND HOVLAND

«Brenn det flatt med faenskapen inni», skreiv ein mann frå Farsund då det byrja å brenne på asylmottak i Hemsedal. Eg veit kven han er. Eg har til og med telefonnummeret hans, og eg har sett garden han han bur på. Det ser nokså glissent ut kring huset hans, syner flyfoto på gulesider.

Eg ringde han for å spørje om det var hans twitterprofil. Dét var det.

«Kvifor skriv du at ein skal brenne ned med faenskapen inni?» spurte eg.

«For eg er slik», sa han.

Eg skulle gjerne ha spurt kva han meiner med det, men då hadde han lagt på. Han var alt i gapestokken eg hadde laga for han.

Eg er ikkje betre enn nokon andre i middelalderen: Ut på torget med dei, kjettarar og vranglærarar av alle slag. Eg kunne ha halde fram heile dagen.

Først kunne eg ha ringt til naboane til mannen og spurt om dei var klar over kva han driv på med. Korleis kan dei sove roleg med ein mogelg pyroman med mordarlyst i nabohuset?

Dersom det syner seg at også dei vil brenne, kunne eg ha leita opp deira profilar også.

Høyr også:

Les også

Hva er ukens største debattsak?

Så kunne eg ha halde fram med å ringe opp meiningsfellene til Farsundsmannen. Eg har byrja å samle på namn.

I skapet har eg frå før ei stor bunke med namn på folk som har skrive under oppropet til Stopp islamiseringen av Norge. Den blei laga rett etter 22. juli, og vart følgt opp av folk som støtta Anders Behring Breivik.

Eg kunna ha leita opp han som skreiv på Facebook at oppskrifta Hitler hadde mot jødane kanskje også vil bli brukt mot muslimar. (Fire har likt statusen. Ei foreslår atombombe). Men sidan det er sju som har det same namnet, la eg bort planen om å ringje. Ikkje sikkert alle set pris på at namnebroren drøymer om eit muslimsk holocaust.

Les også

«Nettrolla må fram i lyset»

Les også

Kvinnene som stilna

Skjermbiletet er den nye avstraffinga. Dei som jallar får unngjelde. Namna og bileta av valdshissarane og patriotane ligg ope ute på Twitterprofilen til «Norges tekstkrigere», ein av fleire anonyme kontoar som gjer jobben lettare for alle som vil pryle offentleg. Og det er så lett, så nære. Ikkje i det mørke nettet, men heilt oppe i dagslys.

I USA har den internasjonale hackargruppa Anonymous hacka til seg den rasistiske organisasjonen Ku Klux Klans (KKK) Twitter-konto. Dei har trua med å offentleggjere heile lista.

Onsdag la forfattar og tidlegare justisminister Anne Holt ut eit brev ho har fått i posten om at ho er ein sinnatagg og damptog som høvlar over andre menneske, noko mange gjerne vil kalle ei presis skildring.

Brevskrivaren heldt fram med at ho har sagt i pressa at ho har hus i Larvik og i Tønsbergområdet — og at han går ut frå at ho inviterer dei «stakkars flyktningene» dit.

«ER DET BARE ANDRE SOM SKAL BIDRA. IKKE HA DEM TETT INNPÅ DEG. NOT? Du har vel et gjesterom også, du og han jævla rikingen Gahr Støre. SAMMA ULLA!!!».

Han legg til «DITT FEIGE POLITISK KORREKTE MENNESKE.»

Anne Holt avfotograferer brevet og legg det på Twitter til sine 18.000 følgjarar. Det er retvitra 28 gonger.

Les også

«Det svenske harmonihysteriet står fram som eit skrekkabinett»

Det verste med middelalderen er alle bitre middelaldrande, og i augneblinken siv vi ut i dagslyset, presteskap som kjettarar.

Ein etter ein slår vi rundt oss med rævslikkarar, husnegrar og sirkusaper. Bak oss kjem tullingane med sverd og maske, bussprengjarar, krigshissarar, gruppe voldtekts menn og andre med utilgjevelege orddelingsfeil. Dei vil mørkleggje landet om dei får.

Og før justisdepartementet rekk å slette oppdateringar, trugar folk med å halshogge dei som fortener det — med øks, Noregs riksvåpen. «Dette er ikke akkurat «Welcome to Norway»», sa statssekretær Jøran Kallmyr (Frp) før han måtte slå retrett og stengje den nye Facebook-sida med informasjon om strenge norske asylreguleringar.

Så lenge folkeskikken ikkje er betre, er kanskje gapestokken for trolla der ute det beste vi har.

Var det nokon som sa vi lever i kunnskapssamfunnet no - eller var det relasjonssamfunnet? Var det nokon som sa at raust er den nye rosa punken?

Dei tok feil.

Når det kjem til sosiale medium er vi framleis tidleg mellomalder. Folkevandringstida har nett teke til. Vestromarriket har enno ikkje falle, og dei nordiske vandalane får herje i caps lock med sine tveeggja sverd.

I eit slikt samfunn er bannlysing det sterkaste maktmiddel - og utestenging frå kyrkjefellesskapet Facebook det største trugsmålet.

Det byrjar å bli nok av svartekunstnarar og språklege herjingar no.

Er det nokon som veit kor lenge det er til renessansen?

28. november arrangerer BT i samarbeid med Universitetet i Bergen, møte om trugsmålet frå det ekstreme høgre i Universitetsaulaen. Møtet er del av serien «De store samfunnsutfordringene».