Framtidas fattige pensjonistar

For slitarane i arbeidslivet kan overgangen til pensjonistlivet bli brutal.

OMSORG: I åra framover må folk jobbe stadig lenger for å få ein god pensjon. Dei som ikkje klarer å stå løpet ut, slitarar som kvinner i tunge omsorgsyrke, blir taparane, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Gorm Kallestad, SCANPIX NORGE

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Då Stortinget vedtok pensjonsreforma i 2005 stod tilsette i stat og kommunar fram som vinnarar. Dei vart halde utanfor heile reforma, og sikra sine gode pensjonar.

Framleis blir offentleg tilsette pensjonistar løna med ein garantert 66 prosent av løna i pensjon. Men det vil ikkje vare stort lenger. For i 2009 vart offentleg sektor assosiert medlem av pensjonsreforma. Den såkalla levealdersjusteringa, som Stoltenberg-regjeringa fekk gjennom i 2009, vart òg gjort gjeldande for tilsette i på sjukehusa, i staten og i kommunane.

Denne justeringa betyr at kvart årskull må jobbe nokre månader lenger for å få den same pensjonen. Dagens offentleg tilsette 30-åringar vil difor berre få rundt 50 prosent av sluttløna, om dei pensjonerer seg som 67-åringar.

Men akkurat som kollegaer i privat sektor kan dei få meir pensjon ved å jobbe lenger. Jobbar vår tenkte 30-åring til ho er 72 år, vil ho få 66 prosent pensjon. Men det kan endre seg.

Nyleg kom det nye tal som viste at folk her i landet lever lenger enn ein trudde i 2005. I tillegg døyr færre før dei fyller 67 år. Det gjer at 30-åringen truleg må jobbe endå lenger. Og dette kan skje igjen, etter kvart som legevitskapen gjer sitt.

Heile logikken i pensjonsreforma er at det skal løne seg å jobbe lenger. Det er heilt naudsynt for at samfunnet skal klare å bere pensjonskostnadene framover. Men det betyr òg at dei som ikkje kan jobbe så lenge blir straffa. Slitarane, som dei gjerne blir omtalt som, vil tape på pensjonssystemet.

I privat sektor har sjølv AFP-ordninga, som opphavleg var ei tidlegpensjonsordning for slitarane, blitt eit fast påslag for alle tilsette i AFP-bedrifter. Står du lenge i jobb fører AFP berre til at du får endå meir i pensjon, enn dei som må gje seg tidlegare.

PÅ GANG: Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) har tatt initiativ til nye forhandlingar om den offentlege tenestepensjonen. Dei byrjar truleg ut på nyåret. Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

Dei som mister helsa og må gå av tidleg, vil få svi. LO har rekna ut at ein som er født i 1963 og går av med pensjon som 62-åring i 2025 vil få 45 prosent av løna i pensjon frå folketrygda og AFP.

Dette vil i stor grad gjelde folk i fysisk krevjande yrke («slitarane»), der mange har relativt låg løn i utgangspunktet. Å få løna halvert kan difor bli brutalt, sjølv om tenestepensjon og lågare skatt gjer reknestykket noko betre. For lågtlønte vil det neppe vere mogeleg å nytte seg av regjeringas nyinnførte private pensjonssparingsordning, IPS, heller. Dessutan: Har du først pengar å avsjå, talar mykje for at det løner seg betre å betale ned gjelda.

Det er desse slitarane som verkeleg hadde trengt ei god tidlegpensjonsordning, ikkje dei mange friske AFP-arane som i dag nyt godt av ordninga. Det var ikkje eit tema då NHO og LO la fram evalueringa av ordninga i førre veke.

Tema var heller ikkje dei mange private bedriftene utan AFP-avtale, der dei tilsette gjerne heller ikkje har anna tenestepensjon enn minimumskravet i lova. Heller ikkje dei vil kunne sjå fram til nokon god pensjon, sjølv om dei arbeider lenger.

I det offentlege er framleis AFP-ordninga ei tidlegpensjonsordning, tiltenkt slitarane. Slik at dei skal kunne gå av når dei er 62 år, utan å tape på det. Tanken er god, men den bryt med den såkalla arbeidslinja som ligg til grunn for pensjonsreforma. Fordi den offentlege AFP-en gjer det mindre lønsamt å jobbe vidare.

Dessutan blir denne ordninga òg dårlegare etter kvart som levealdersjusteringa et seg inn pensjonane. Går du av med offentleg AFP når du er 62 vil du få pensjon som om du gjekk av som 67-åring, pluss eit tillegg frå du er 65 til 67. Men når du berre får 50 prosent pensjon som 67-åring, blir jo AFP-pensjonen like skral.

Men både AFP-en og resten av den offentlege pensjonen kan endre seg. For etter 12 år med relativt stillstand er det no ting på gang. Regjeringa har sendt ut forslag til nye såkalla samordningsreglar, med større samsvar mellom løn og pensjon. Det er dårleg nytt for lågtlønte og deltidstilsette.

Dessutan er det samtalar på gang mellom regjeringa og partane i arbeidslivet om ein ny offentleg tenestepensjon. Førebels har partane brukt mesteparten av året på nokre utrekningar av ulike alternativ, men mykje tyder på at sjølve forhandlingane kan kome i gang før jul eller ut på nyåret.

Les også

Halverer lønnen som pensjonist

Regjeringa har avgrensa spelerom. I motsetning til i privat sektor har tilsette i kommune og på sjukehus langt på veg vetorett mot endringar, fordi pensjon er nedfelt i tariffavtalen. Dei tilsette i staten er «berre» verna av ei lov, men departementet ønskjer nok å ta alle samla.

Forbunda i offentleg sektor har difor mykje makt, men ser samstundes at det hastar med å få ei løysing. Det skuldast mellom anna at mange offentleg tilsette snart når pensjonsalder utan å vite kva dei får i pensjon.

Pensjon ligg an til å bli den store saka i lønsoppgjeret til våren, både i offentleg og privat sektor. Blir regjeringa og partane samde om ny offentleg tenestepensjon, blir den sendt ut på høyring blant medlemmene i dei største forbunda i offentleg sektor.

I privat sektor har NHO varsla at dei vil diskutere AFP-ordninga, fordi ho er i ferd med å bli for dyr. LO vil venteleg kjempe i mot. Dei har òg signalisert at dei vil ta opp konsekvensen av levealdersjusteringane for slitarane.

Det blir ikkje lett å hjelpe slitarane utan å bryte med grunnprinsippet i pensjonsreforma. Det enklaste ville vere å etablere ei behovsprøvd ordning ved sjukdom, men den finst allereie og heiter uføretrygd. Heile poenget med AFP-ordninga var at slitarane skulle sleppe «å gå på trygd», så det er neppe noko alternativ for fagrørsla.

Eit anna alternativ er å snevre den inn til nokre få bransjar. I byrjinga gjaldt AFP-ordninga tunge yrke i industrien. Det kan utvidast med tunge kvinneyrke i det offentlege. Det burde ikkje vere umogeleg. Men heller ikkje det vil skje utan motstand.