Endeleg har KrF funne seg ei ny, god taparsak

Partiet fornyar familiepolitikken sin. Det hjelper nok ikkje om dei snublar inn i abortdebatten.

  • Jens Kihl
    Jens Kihl
    Kommentator

Illustrasjon: Karstein Volle

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad opna landsmøtet torsdag med ein tale som var uvanleg svak til han å vere. Det beste ein kan seie om den, var at den ikkje støyter nokon av fløyene i partiet.

Det har ein verdi i KrF, som inntil nyleg var herja av ein opprivande strid om å gå til høgre eller venstre. Men noko av det viktigaste for eit parti er å gjere seg passe kontroversielle:

Samlande nok til at det finst ein del veljarar som liker det dei høyrer. Spisse nok til at det finst nokon som gjerne stiller i debatt mot deg.

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad opna partiets koronavenlege landsmøte torsdag. Foto: Torstein Bøe, NTB

Det blir ikkje mange debattar etter denne talen. Ingen går til val på dårlegare eldreomsorg, fleire psykisk sjuke og ein kjipare kvardag for familiane. KrF må spisse sakene sine.

Partiet har blinka ut to målgrupper. Den eine er «den tradisjonelle KrF-veljaren»: Ho bur på bygda, trur på Gud og likar strikking. Vi kan kalle henne Olaug. Den andre er småbarnsforelderen, som ønskjer meir valfridom i familielivet. Lat oss kalle han Kjell Ingolf.

Les også

Podkast: – Det er ingen som tar abort i veke 22 fordi dei er lei av å vere gravid

Det kan vere at KrF lukkast. Det er eit rop der ute etter noko anna enn ein oppvekst styrt av staten. No vil KrF gjere delar av skulepolitikken til familiepolitikk. Det er nok smart.

Fyrstekandidatane for KrF har ein snittalder på 40 år. Det må vere rekordlågt for KrF, mange av dei kan kommunisere godt til småbarnsforeldre. I helga skal KrF diskutere viktige familiesaker.

Det finst mange der ute som meiner tredelinga av foreldrepermisjonen er for rigid, at ungane ikkje er klare for skule når dei er fem-seks år, at full barnehage og heildagsskule ikkje alltid er det beste og at det bør vere alternativ til den offentlege skulen.

Ifølgje ei ny måling i Aftenposten, meiner 15 prosent at KrF har den beste familiepolitikken. Problemet er at ganske få ser på familiepolitikk som ei viktig sak når dei skal røyste.

Partileiar Kjell Ingolf Ropstad, andre nestleiar Ingelin Noresjø, og fyrste nestleiar Olaug Bollestad tok seg ein liten selfie på Eidsvolls plass før landsmøtet braka laus. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Partiet har knapt tak i dei sakene som engasjerer mest: I 2017 var det éin prosent som meinte KrF hadde den beste distriktspolitikken, ifølgje Valforskingsprogrammet.

I tillegg har det kome ei anna sak inn som kan øydeleggje for KrFs sjanse til å bli eit breitt, moderne familieparti:

«Håper SV kan vekke potensielle KrF-velgere», var tittelen i Dagen torsdag. Frithjof Jacobsen, politisk redaktør i Dagens Næringsliv, var inne på det same: «SVs abortvedtak er det beste som har skjedd KrF på lenge», skreiv han.

Endeleg får KrF merksemd om ei hjartesak! Dette må vel sende det forhutla partiet over sperregrensa? Det kan skje. Kanskje blir det ei verdimobilisering no. Men sikkert er det ikkje.

Det er fleire grunnar til at det kan bli vanskeleg for KrF å vinne nye veljarar på abortdebatten. For KrF går ikkje til val på dagens abortlov. Dei vil fjerne heile lova.

I staden skal det kome ei lov der «fosteret har menneskeverd, som er bedre tilpasset utviklingen innen medisinsk teknologi og som ivaretar hensynet til fosterets verdi og rett til liv, og den nødvendige ivaretakelsen av kvinnas tryggleik og helse på en etisk forsvarlig måte».

Om du ikkje forstår kva det vil seie, er du ikkje åleine. I Politisk kvarter torsdag var det umogeleg å få Ropstad til å forklare om det skal vere sjølvbestemt abort.

KrF-leiaren peika på at livet skal ha eit menneskeverd frå «unnfangelse til naturlig død». Då spørsmålet kom om kor vidt det vil vere å forby sjølvbestemt abort, svarte Ropstad at det kan vere nokre dilemma, som «liv mot liv».

Det er her KrF får eit problem. Det er nok ein god del som meiner SV-standpunktet om fri abort heilt fram til grensa for liv er for ekstremt.

Les også

BT følger KrFs landsmøte

Dei fleste av desse vil nok ikkje røyste på eit parti som meiner at ingen skal ha sjølvbestemt abort med mindre mors liv står i fare. Dei få i Noreg som deler dette standpunktet, røystar nok KrF (eller De Kristne) i dag.

Dei siste åra har KrF stått i fleire verdidebattar: om reservasjonsretten, tvillingabort og no sist endringane i bioteknologilova.

Ingen av gongane har det vore fnugg av betring på dei elendige målingane for KrF. Desse verdisakene er samlande internt, men dei fengjer ikkje eksternt. KrF er allereie fullmobilisert her.

I tillegg kjem det at Ropstad kan ha ein ekskluderande stil i måten han snakkar om slike saker på. Alle hugsar «klarer du ein, så klarer du to» frå debatten om tvillingabort. Den talemåten er diverre ikkje eineståande.

Les også

Som gravid er man aldri alene

Ropstad er ein verdibasert politikar. Det kan vere ein god eigenskap, men det gjer også at han går så hardt inn i slike ordskifte at han støyter frå seg potensielle veljarar.

KrF kunne ha klargjort at partiet går til val på at dagens lovverk bør ligge fast dei neste fire åra. Då kunne dei hatt ei god sak, men no er det nok parti som Sp og Høgre som blir alternativa om du meiner at Venstre, Ap eller SV går for langt i abortsaka.

Når KrF ligg langt under sperregrensa, kan ein tenkje at det gjeld å sikre kjerneveljarane. Men skal KrF ha ein sjanse ved dette valet, må dei truleg mobilisere fleire enn dei mest ivrige verdiveljarane.

Då må dei greie å avstå frå hjartesaker som abort, og snakke meir om den nye, tydelegare familiepolitikken dei ligg an til å vedta i helga.

Det skal bli spanande å sjå om dei greier det.

Publisert
  1. Kjell Ingolf Ropstad
  2. Politikk
  3. Familiepolitikk
  4. Abort
  5. Kristelig Folkeparti (KrF)

Les mer om dette temaet

  1. «Det blir ikkje amerikanske tilstandar av at kvinnene får bestemme meir sjølve»

  2. Vil ha selvbestemt abort til det ikke lenger er mulig å ta abort

BT anbefaler

– Jeg tror dette hadde holdt mot ganske mange lag i Eliteserien

Nok et tap er et faktum.

LES SAKEN