Arbeidarpartiet har igjen hamna i ein personkonflikt i staden for å diskutere politikk

Med eit elendig valresultat i sikte, er det også færre stortingsplassar å fordele. Dermed får Ap endå eit problem.

Publisert Publisert
  • Jens Kihl
    Kommentator

Ruth Grung varsla tysdag kveld at ho ikkje takkar ja til fjerdeplassen på Ap-lista frå Hordaland når partiet plasserer to menn rett over henne på lista. Foto: Eirik Brekke (arkiv)

Tysdag kom fyrste innstilling til ny stortingsliste for Ap i Hordaland. Bergensordførar Marte Mjøs Persen får fyrsteplassen. Men bak henne ligg det an til bråk.

Nominasjons-komiteen har svart på black lives matter-kampanjen med å levere ei liste der alle som kan kome på Stortinget er blendakvite.

Les også

Forventet sikker plass, trekker seg fra gjenvalg

Dei har også brote den veletablerte praksisen med at annankvar kandidat er mann og kvinne når dei set Odd Harald Hovland frå Bømlo og Eigil Knutsen frå Bergen etter kvarandre på plass to og tre.

Det siste har fått mange Ap-folk, særleg kvinner, til å reagere tysdag kveld. Er dette godt nok for likestillingspartiet Ap?

Resultatet er at Ruth Grung blir ståande bak to menn på rad på lista. Når hennar fjerdeplass for tida er ganske usikker, har ho varsla at ho ikkje tek ein ny periode.

Vinteren 2018 tapte Marte Mjøs Persen kampen om fyrsteplassen på bystyrelista mot Roger Valhammer. Fleire i partiet skildrar den samrøystes innstillinga på Persen som fyrstekandidat på stortingslista som ein revansj. Foto: Marita Aarekol (arkiv)

Ap mistar i så fall ein stortingspolitikar som får svært gode skottsmål når det gjeld å følgje opp saker som er viktige for hordalandssamfunnet. I tillegg har ho lang røynsle frå både arbeidsliv og fagforeining.

Så er ho kanskje ikkje like sterkt til stades i avisspaltene, men eit parti treng både sirkushestar og arbeidshestar.

Då Marte Mjøs Persen signaliserte at ho ønskte fyrsteplassen på stortingslista, blei det raskt brei tilslutning til den løysinga. Svært mange lokallag skal ha spelt henne inn.

Odd Harald Hovland har vore ordførar på Bømlo i to periodar, men til vanleg er han lensmann på Stord. No kan han bli stortingsrepresentant. Foto: Roar Christiansen (arkiv)

Når komiteen skulle få plass til både Grung og Knutsen frå Bergen høgt oppe, måtte distrikta få andreplassen. Der kjem Odd Harald Hovland inn. Han har vore ordførar på Bømlo i åtte år, og er i dag lensmann på Stord.

Etter kva eg forstår, har det vore lange diskusjonar i komiteen om kor vidt Ap kan ha to menn på rad høgt på ei liste. Formelt sett er det innanfor Arbeidarpartiets reglar, men det bryt hardt med tradisjonen i partiet.

Og det er ikkje umogleg at krefter vil jobbe for å hindre at dette blir det endelege vedtaket.

I innstillinga frå nominasjonsnemnda var Eigil Knutsen (32) den einaste under 45 som låg an til fast plass. Han sit i dag i den prestisjetunge finanskomiteen på Stortinget. Foto: Odd E. Nerbø (arkiv)

Om ein skulle gjeve Ruth Grung tredjeplassen for å sikre kjønnsbalansen, ville Knutsen fått fjerde. Han fekk tredjeplassen i 2017, så det ville i realiteten vore ei degradering til ein mindre trygg plass. Det var han nok lite interessert i.

Ein kunne funne ein kvinneleg andrekandidat frå distrikta for å bøte på den mannstunge toppen. Men det var ikkje like enkelt sagt som gjort, og ville heller ikkje vore til hjelp for Grung. Dermed blei Grung ståande bak to menn og på ein utrygg plass.

Det var ikkje aktuelt for Grung, som elles har eit par kampvoteringar under beltet.

I 2012 stilte Ruth Grung til kampvotering for å få fjerdeplassen på Ap-lista i Hordaland. Den gongen vann ho. Foto: Odd Mehus (arkiv)

Om Ruth Grung ikkje endrar sitt syn, står plutseleg fjerdeplassen ledig. Den vil gje stortingsplass om valet går som BTs siste hordalandsmåling viste, men det er langt frå sikkert.

Anten kan vossingen Linda Merkesdal få fjerdeplassen. Ho er i dag innstilt av eit breitt fleirtal på femteplass. Det vil balansere opp det faktum at dei øvste plassane no er bergensdominerte.

Elles kan dette bli Lubna Jafferys sjanse. Ho står no på sjuande, men fleire i bergensmiljøet meiner no ho bør få denne plassen. Ho er ein av få profilar i Ap her vest med fleirkulturell bakgrunn.

Då Roger Valhammer presenterte det nye byrådet hausten 2019, var Lubna Jaffery ein av medlemene. Ho er i dag byråd for arbeid, sosial og bustad. Foto: Bård Bøe (arkiv)

Her kan det med andre ord bli ein real strid mellom by og land.

Frå nominasjonskomiteen høyrer eg at det har vore svært få innspel på kandidatar med ikkje-norsk bakgrunn.

Ap har eit openbert talentproblem. Det manglar folk å velje i frå fagrørsla, det er for få unge kandidatar frå distrikta som har tung nok bakgrunn, det er for få som er synlege minoritetar.

Sosialdemokratar eg snakkar med, ser det som eit trist utviklingstrekk at partiet har for få talent med desse (og andre) erfaringsbakgrunnane.

Les også

Podkast: – Alt me veit frå smittesporinga, tyder på at smitten kjem frå studentmiljøet

Når eg har snakka med kjelder i Ap om det som kan bli ein krevjande nominasjon, peikar dei på kjønn, alder, geografi og bakgrunn som typiske konfliktpunkt.

Så er det eitt tema dei færraste nemner, og det er kva kandidatane står for politisk. Kva Ap faktisk skal vinne valet med. Kva dei vil endre i samfunnet.

Ja, kvifor dei stiller til val.

Kanskje er det mangelen på den debatten som eigentleg er Arbeidarpartiets aller største problem.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Det pinlege mannskapet er også arven etter Erna Solberg

  2. Meiner byrådet bør melde alle som bryt karantenen til politiet

  3. – Mange Facebook-brukere gjør samme feil som Trump og Listhaug

  4. Ulltveit-Moe blir MDG-politiker etter regjeringens oljepakke

BT anbefaler

Frederik Mohn har solgt huset for 30 millioner

Millionvillaen har fått nye eiere etter over et halvt år på markedet.

LES SAKEN
Kommentar
Kommentarartiklene i BT blir skrevet av avisens redaktører og kommentatorer. Skribentene har stor frihet til å gi uttrykk for egne meninger. Noen ganger avviker disse fra BTs offisielle syn, som fremmes i lederartiklene.
  1. Arbeiderpartiet (Ap)
  2. Ruth Grung
  3. Odd Harald Hovland
  4. Bømlo
  5. Politikk