Det er på tide Oasen blir ein ekte oase

Det er trist med sentrumsdød, men det er også trist med senterdød i bydelane.

  • Olaug Nilssen
    Olaug Nilssen
    Forfattar

Olaug Nilssen skriv om kjøpesenteret Oasen i Fyllingsdalen, som snart vert ein stoppestad for Bybanen. – Det må gå an å seie at Oasen ikkje lever opp til namnet sitt, i alle fall ikkje no, når det er under full ombygging utvendig, skriv ho. Foto: Bjørn Erik Larsen

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

I koronatida har det vore mange åtvaringar mot sentrumsdød i Bergen. Dersom folk ikkje handlar i sentrum, så kjem sentrum til å døy ut, eller overleve berre som turistattraksjon.

Det som er litt uklart, er i kva grad vi som bur i bydelane skal ta dette ansvaret.

Burde vi ta bussen til byen og gjere storhandlinga der, eller er det greitt at vi køyrer til Lagunen, Oasen, Arken, Gullgruven og Horisont?

Får vi lov å parkere i garasjeanlegga der, og bere varer inn i bilen mellom kvar butikk, eller burde vi velje slik at bybutikkane overlever?

Også vi vil jo inn dit for å gå på restaurant, teater og dillebutikkar på Bryggen, burde vi derfor også handle mat og dopapir, kjøkkenmaskin og trelast, møblar og manufaktur inne i byen?

Burde vi gå på biblioteket i byen, eller er det greitt å bruke bydelane?

Les også

Bli med i Bybanens nye spor mot Møllendal

Koronatida har ikkje berre vore prega av isolasjon, tida har også vore prega av mykje utbygging.

Mellom anna blir det bygd bybanetunnel frå Kristianborg til Oasen, og dette har sett kraftig preg på trafikken på begge sider av fjellet.

Det er ikkje lett å finne fram til einkvar tid, og frustrasjonen og fascinasjonen kjempar om overtaket, i alle fall inne i meg.

Jublande vinnarar i navnekonkurransen for det nye kjøpesenteret i desember 1969. Frå venstre Bjørn Eirik Finne, Harry Wangen, Irene Bognø og Agnes Hestad. Foto: BT arkiv

BT skreiv i fjor om eldre som følgde med på sprenginga av tunnelopningane.

«Her en dag kom to eldre herremenn og spurte når dagens salve skulle gå av. Da vi svarte klokken 16.00, var de godt fornøyet. Da rakk de først å spise middag klokken 15.00, for så å gå opp på taket på Oasen for å se på når salven gikk av, forteller byggeleder Einar Borgen.»

No kan alle følgje med på korleis fire store hol i fjellsida et seg innover på veg mot utgangen på Kristianborg.

På andre sida av bydelssenteret flyttar bussterminalen seg nærare vegen, og eg tvilar på at eg var den einaste som skvatt då eg oppdaga at fjellknausen vest for Oasen hadde forsvunne.

No køyrer ein inn i Oasens garasjeanlegg frå eit hol midt i vegen, og det er kanskje like greitt, for det er vel så enkelt å orientere seg frå nedst til øvst som det er å orientere seg frå hovudinngang til hovudutgang.

«Tunnelbygging er blitt litt av ein bergensk spesialitet,» heitte det i innleiinga til ein NRK-reportasje om Fyllingsdalen i 1971.

Då var det opning av Løvstakktunnelen på same tid som det var opning av Oasen, der det ikkje berre var forretningar og restaurantar, men også legesenter, helsestasjon, bibliotek og fysioterapi, berre for å nemne noko av det den nye bydelen trong.

Det var blitt bygd låge og høge blokker der det tradisjonelt først og fremst hadde lege gardsbruk, og dermed kom det også betydeleg mange fleire fastbuande til området – i 1966 var det berre 1900 fastbuande i Fyllingsdalen.

Les også

Bybanen til Spelhaugen i fare etter kostnadssmell

Som tilflyttar til Bergen på nittitalet, er det fascinerande å høyre forteljingane om korleis Oasen reint faktisk var ein oase då det opna.

Folk frå heile byen kom gjennom tunnelen for å gå på diskoteket Aladdin på kveldstid, og på dagtid kunne ein samlast under glastaket for å sjå på sjeldne planter, eksotiske fuglar og dammar med fontener.

Ifølgje NRK-reportasjen var det plantar frå 135 ulike land, og undulatar, finkar og papegøyar i store bur.

Ordensmakta på plass i Oasen tidleg på 1970-talet. Fontena var freistande for små gutar. Foto: BT arkiv

Bergens Tidende trykte ein reportasje om opninga i mars 1971, og der kjem det fram at senterleiaren gjekk rundt med ein schæferhund, og at han måtte forsikre BTs journalist om at det ikkje var for å skremme barna frå å hoppe opp i fontenene og ta seg eit bad.

Når vi diskuterer mogeleg sentrumsdød i Bergen, kan vi godt også diskutere døden til bydelsattraksjonane.

Det er nemleg ikkje opplagt at alle orienterer seg mot kjernen av byen i livet sitt, dei fleste bergensarar bur jo ikkje midt i byen.

Sjølv bur eg midt mellom Lagunen og Oasen, og frekventerer begge med glede, sjølv om det første følast meir som eit samleband enn det andre.

Lagunen lever dessutan absolutt ikkje opp til namnet sitt, i alle fall ikkje sett frå bilvegen; derfrå sett burde det heitt Fjellveggen, og innanfrå burde det heitt Hotel Cæsar.

Sletten og Åsane senter er greie og nøkterne namn som ikkje lovar for mykje, men Gullgruven står ikkje fram som ei gullgruve, Horisont liknar ikkje ein horisont.

Og det må gå an å seie at heller ikkje Oasen lever opp til namnet sitt, i alle fall ikkje no, når det er under full ombygging utvendig.

Les også

Byråden: – Blokkene i Dalen er også kulturminner

Men når det gjeld Oasen, så har det tydelegvis ein gong i tida vore ein uttalt ambisjon at senteret skulle leve opp til metaforen sin.

Blei det for mykje is-søl i fontenene? Blei fuglane plaga av pubertale ungdommar som hang og slang i jungelen? Døydde dei eksotiske tresortane under regnets tromming på glastaket?

No når vi endeleg er på veg ut av isolasjonen og mørket til pandemien, så kan det kanskje vere ein idé for både sentrum og bydelane å utnytte både dei språklege og faktiske mogelegheitene som opninga av verda gir, og Oasen er i så måte perfekt.

Og rett skal vere rett – ser ein på nettsida, ser ein også at den planlagde oppgraderinga inkluderer betydelege mengder planter utandørs.

Sjølv om dette skulle vise seg å vere meir tradisjonelle norske sortar, så er vel dette trass alt meir berekraftig i vår tid enn import av tropiske tresortar frå 135 land. Ei ørkenvandring er uansett over, så kom til Oasen!

Publisert
  1. Gjestekommentar
  2. Oasen
  3. Fyllingen
  4. Bergen
  5. Sentrum

Les mer om dette temaet

  1. Forfattaren, musikaren og skodespelaren har mellom anna skrive dikt om Rikard Norling. No blir han 60.

  2. Slik blir den nye store terminalen ved Oasen

  3. «Dette er stedene med Bergens diggeste takeaway»

  4. Ser du hva Bybanens nye skulptur skal forestille?

BT anbefaler

– Emma var en utrolig sprudlende og glad jente

Slik beskriver vennene 18-åringen som døde i skuterulykken.

LES SAKEN