Aust er aust og vest er vest

Er det eigentleg skilnad på Austmannen og Vestmannen?

THE SUN SOMETIMES SHINES ON TV: Litt klassisk, vestlandsk førjulskos – her frå desember 2017. Eirik Brekke

Jens Kihl
Kommentator

Her om dagen oppdaga eg noko rart. I Bergen er det heilt vanleg å leggje ut hus til sals der prospektbileta er tekne i regnvêr. Eller kanskje er det ikkje rart, ettersom dei færraste vil vente i månadsvis på litt sol før dei skal selje. Og kjem det først sol, bør ein vel nytte tida til viktigare ting enn å fotografere carporten.

Men heime på Austlandet ville det ikkje gått. Selje eit hus der regnet trommar mot rutene? Nei, då er det betre å redigere inn litt solskin i bileta. At det er reint falskneri, får heller vere. På Vestlandet er det vatn både over og under deg. På Austlandet er himmelen alltid blå.

Sånne kvardagsforskjellar finst det haugevis av. På Austlandet er langrenn nasjonalidretten, vi seier koselege ting til kvarandre (og meiner det) og blir oppriktig rørt av Wenche Myhre. Nittitalet var det korte tidsvindauget der austlendingar i det heile prøvde å forstå ironi. Så gjekk vi raskt tilbake til å syngje med på «Do they know it’s Christmas» igjen. Dobbel botn ligg ikkje for oss.

Les også

Stille i fjøset

Vestlendingar flest er temmeleg opptekne av å finne ut kva som skil dei frå austlendingane. Og der er vi ved ein viktig forskjell, for austlendingane er slett ikkje så nyfikne på vestlendingane eller på forskjellane mellom oss. «Dette er så typisk austlandsk» er ei setning du neppe vil få høyre i særleg mange selskap austpå denne jula.

Men er det noko meir som kløyver landet? Er Langfjella meir enn ein rygg som gjer at vestlendingen får alt dette regnet som han elskar å hate?

I 1957 publiserte tidsskriftet Syn og Segn ei flis av ein artikkel. Gabriel Øidne gjorde greie for «Litt om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet». Artikkelen er blitt ein slags kultklassikar, og gjekk i 2011 inn på lista over dei 25 viktigaste sosiologiske tekstane i Noreg.

Les også

Kavalkade-podkast: Dette kjem vi til å hugse frå 2018

Øidne gjorde kort greie for at det nok ikkje var forskjellane i landskap eller klima som var grunnen til at dei store stridane her til lands ofte har «arta seg som ein duell mellom desse to landsdelane».

Og endå meir kuriøst: Ein M.A. Hansen meinte at landet er delt mellom kortskallar og langskallar. Øidne fann (heldigvis) inga støtte for at Vestlandet er busett av kortskallar med «så mange låke eigenskapar som det er mogeleg for eit folk å ha».

Men om ikkje bratt lende, nedbør eller rasebiologi kan forklare skilnaden, kva kan det då vere?

Øidne kløyver Vestlandet i to. Det vi med eit amerikansk lånord kallar bibelbeltet, fekk hos Øidne det illevarslande namnet «Den mørke kyststripa». Her, frå Lindesnes til Stad, var til dømes oppslutninga om misjon og fråhald langt større enn på resten av Vestlandet.

Dette andre Vestlandet kallar Øidne «folkehøgskuleregionen» eller «Fjell- og Fjord-Noreg». Dette dekkjer store delar av Vestlandet, men òg fjellbygder austpå. Her var målsak og folkeleg danning på grundtvigiansk grunn viktigare enn å la korken sitje i flaska, meinte Øidne.

I byrjinga av nittenhundretalet greidde Venstre å sameine desse ulike motkulturane. Det var det gode grunnar til, ikkje minst materielt: Folk levde ganske likt. Sett med austlandske auge er alle vestlandsbønder småbrukarar. Husmannsvesenet var ikkje utbreidd her. Trass i dette egalitære samfunnet blei ikkje Ap det statsberande partiet i vest slik det dominerte Nord-Noreg, Trøndelag og Austlandet. For nokre tiår sidan røysta austlendingar og vestlendingar ganske ulikt.

Vestlandet har endra seg. I stortingsvalet det året artikkelen blei publisert, 1957, var sju av KrFs tolv stortingsrepresentantar frå Vestlandet. I fjorårets val var rett nok halvparten av KrF-representantane frå Vestlandet, men tala er lågare: Fire av åtte var vestlendingar. Med andre ord: Vestlandet er framleis viktig for KrF, men KrF har blitt mykje mindre viktig for Vestlandet.

Les også

Jens Kihl: Ullent i Ullensvang

I staden har Høgre teke steget fram som det store vestlandspartiet. Fem stortingsrepresentantar i 1957 – 13 ved valet i fjor. Rett nok har Stortinget fått litt fleire plassar på dei seksti åra, men den viktigaste endringa er nok at pengane kom til Vestlandet.

Venstre er stort sett utradert som vestlandsparti, medan Ap framleis ikkje har greidd å feste taket om landsdelen. Frp gjer det godt i Rogaland og i Møre og Romsdal, men slit i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei bommar i Vestland og lukkast i Restland.

Den store (og kanskje ubehagelege) sanninga er nok at Vestlandet er blitt likare Austlandet.

Så kva står att?

I boka «Vestlandet» av Erlend O. Nødtvedt kjem Austmannen heller dårleg ut av det. Han opptrer som ein slags byråkrat-versjon av Hufsa, dette tause, mørke skrømtet som syg alt liv ut av Mummidalen.

Når du spør ein vestlending kva som er det mest austlandske som tenkjast kan, er det gjerne byråkrat-ordet som kjem. Når setningane startar med «byråkratane inni Oslo», veit du at det neppe er lovprising over embetsverket i vente.

Den aller høgaste byråkrattettleiken i Noreg finn du likevel ikkje ved Oslofjorden, men ved Sognefjorden. Der ligg Hermansverk som eit nynorsk Brasilia: Hundrevis av stolte byråkratar langt frå alle tradisjonelle maktsenter. Ordet «byråkratbygd» må vere noko av det mest vestlandske som finst.

Skulle Øidne skrive artikkelen sin i dag, ville han oppdaga at motkulturane står svakare, men framleis er rikt representerte på Vestlandet. Han ville stussa over korleis Framstegspartiet kunne dominere «Den mørke kyststripa», trass i at partiet ikkje held fråhaldsfana særleg høgt. Og han ville nok sett at mammon har innteke folkehøgskuleregionen.

Kanskje er det dette som er den store skilnaden frå før til no: Kortskallane er blitt kredittkortskallar. Vestlendingen har fått både strilepalass og forbrukslån.

Men heilt like er ikkje Austmannen og Vestmannen. Og i alle fall éin ting har eg oppdaga denne hausten: Dei fleste vestlendingar har eit mykje, mykje tettare forhold til vatnet. Til regnet og til elva, men særleg til fjorden og til havet.

Prøv å kysse ein vestlending. Det smaker litt salt.