Satsar alt på Støre

Hareide er klar til å felle Erna Solberg. Det kan vere slutten på hans tid som KrF-leiar.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

SER TIL VENSTRE: – Dersom partiet trosser rådet hans, er det umogeleg å sjå for seg at han kan halde fram som partileiar, skriv Morten Myksvoll. Håkon Mosvold Larsen, Scanpix

Knut Arild Hareide har fyrt opp forventningane i mange månader. Han skulle gi eit tydeleg råd, og han innfridde. Hareide sa at KrF burde gå i regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Og han fekk ståande applaus.

Erna Solberg (H) kan altså vere ferdig som statsminister allereie i haust.

Saksgrunnlaget var til sals bakarst i salen. Talen var ein kortversjon av boka «Det som betyr noe», som han gav ut tre dagar tidlegare. Det boka mangla, var konklusjonen.

Rådet kjem ikkje utan risiko. Dersom partiet trosser rådet hans, er det umogeleg å sjå for seg at han kan halde fram som partileiar.

Les også

Byråkratkutt gir mindre regjeringskvartal

Det er langt frå gitt at partiet støttar Hareide. Det har allereie komne krav om eit ekstraordinært landsmøte. Målet er å forankre retningsvalet i heile organisasjonen.

Dersom saka vert sendt vidare til landsmøtet, vil koplinga mellom Hareides leiarskap og KrFs retningsval bli endå tydelegare.

Framstegspartiet er nøkkelen. Hareide skulda Solberg (H) for å ha valt Frp. Men det har Hareide gjort òg. KrF har samarbeidd med Frp sidan 2013, og dei har blitt einige om fem statsbudsjett.

Det er neppe mange utanfor det politiske sirkusteltet som ser eit så skarpt skilje mellom KrF og Solberg-regjeringa – sjølv om den inkluderer Frp.

Les også

Hareide åpner for å felle Erna Solberg

I 2013 gjekk KrF til val på eit heilt urealistisk regjeringsalternativ: Høgre, KrF og Venstre. Får Hareide viljen sin, kjem det neste alternativet til å vere Arbeidarpartiet, KrF og Senterpartiet. – Utan SV, sa Hareide.

Men det går ikkje. Hareides draumeregjering er heilt avhengig av SVs støtte. Og det ser ikkje ut til å endre seg til neste val. I dag har nemleg Hareides forslag færre mandat på målingane enn i Stortinget.

Akkurat som det var umogeleg å få eit borgarleg fleirtal utan Frp i 2013 ser det umogeleg ut å finne eit fleirtal til venstre utan SV.

I 2013 konkluderte KrF med at det gjekk an å samarbeide med Frp. Dei berre lata som om avstanden var stor, sidan den eine sat i regjering og den andre ikkje gjorde det.

No vil Hareide prøve akkurat det same på venstresida. Denne gongen bør KrF vere ærlege med seg sjølv: Går partiet til venstre betyr det eit tett samarbeid med SV.