Reaksjonære gamlingar

Foto: Jon Olav Nesvold, NTB scanpix (illustrasjonsfoto)

  • Asbjørn Kristoffersen
Publisert:

Føremonen med gamlingar er at vi er på full fart utfor ættestupet. Ulempa er den rekordstore tilstrøyminga i køen framføre stupet. Vi blir berre fleire og fleire. Meir og meir seigliva. Ei grå springflo.

Når reaksjonære gamlingar frå gokk vinn politiske sigrar, trøystar hippe, urbane ungdomar seg med at det var dei som hadde rett. Og at dei vil få rett, så snart gamlingane er varig utmelde av folketrygda. Så lite har dei oppfatta av livsens faktasjekk. Trygdestipendiatane er snart i fleirtal. Fortida er vår. Framtida er vår. Det er vi som kan tømma oljefondet. Om vi vil.

Vi veit at vi ikkje må bli altfor kjepphøge. Såpass har vi lært gjennom lange, strevsame liv. Å spy edder og galle over innovative, framoverlente, bortskjemte storbyungdomar frå Kristiansand S. og Bergen kan rett nok gje ein kortvarig, mental boost. Å gå berserk på Facebook kan forlengja livet. Men vi treng ungdommar til pleie og omsorg og til Ex on the Beach. Det kjem vi ikkje utanom, sjølv om ungdom er bortkasta på ungdommar.

Det kan vera kraftkrise på heimebøen, medan magasina renn over på hi sida av generasjonskløfta. Når vi ikkje finn brillene og ikkje hugsar kvar vi la ladaren, hjelper det ikkje at ikkje at alt var betre i gamle dagar. Opplading er det ungdommen som styrer, må vi erkjenna.

Ungdom er overgangsalder. Alderdom er siste indre, men det kan bli mange æresrundar. Når fanden blir gammal, går hen i kloster. Når vestlendingar blir gamle, tek dei opp seniorlån. Jamvel folk under 25 risikerer å enda sine dagar som reaksjonære skrukketroll, med meir hår i nasen enn på hovudet. Dei blir ikkje så talrike som oss i den første etterkrigsgenerasjonen. Det blir ikkje like mykje makt i leverflekkane og nasedropen for dei som for oss. Men dei bør ha lært at det er vind i gamle segl også, berre dei blir heiste.