Frykt og hat

Viss islamistane vil skape ei kløft mellom muslimar og resten av verda, er dei på god veg.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

BERLIN: Viss målet til islamistiske terroristar er å skape ein konflikt mellom muslimar og det kristen-sekulære Europa så kan det fungere, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Fabrizio Bensch, Scanpix

Nok ein gong gjekk terroralarmen i Europa etter at ein semitrailer køyrde inn i ei menneskemengde på eit juletorg i Berlin måndag. 12 menneske vart drepne, 48 skadde.

Følg utviklinga i saka her.

Viss dette blir stadfesta som ein terroraksjon med islamistisk motiv er det den 18. offentleg kjende aksjonen i Europa i år, ifølgje ein oversikt på nettstaden Wikipedia.

Det er ikkje heilt lett å forstå kva målet med terroraksjonane er, kva islamistane meiner dei oppnår. Om det er å skremme Vesten frå å involvere seg i konfliktar i Midtausten, er det lite som tyder på at det fungerer. Tvert om aukar dei hatet og krigslysta i Europa. For kvar aksjon blir det lettare for vestlege politikarar å sende bombefly og soldatar.

Det går heller ikkje an å tru at nokon er så blåst at dei trur aksjonane skal tene islamistanes mål om verdsherredøme.

Men viss målet er å skape ein konflikt mellom muslimar og det kristen-sekulære Europa kan det fungere. For kvar terroraksjon går frykta djupare inn i stadig fleire i Europa. Folk kan ikkje leve med frykt over tid, med ei så tydleg kjelde, utan at det for mange går over til hat. Og fordi dei som står bak aksjonane er muslimar som er vanskeleg å skilje frå fredslege muslimar, kan hatet gradvis rette seg mot alle muslimar.

Eg er redd for kvar dette kan ende. Den anti-islamske retorikken frå yttarste høgre fengjer stadig større grupper. Det kan fort vise seg at islamistane først og fremst klarer å gjere livet surt for andre muslimar i Europa. Det politiske ordskiftet, også her i landet, flyttar seg stadig lenger til høgre. Sylvi Listhaugs retorikk frå 2016 kan om nokre år verke mild og mjuk.

Etterretningstenestene ser etter kvart ut til å ha god kontroll på dei meir organiserte islamistmiljøa, også i Norge. Terroristar som opererer på eiga hand, og som bruker bilar som våpen, slik som i Berlin og Nice, er derimot vanskelegare å oppdage, sjølv med massiv overvaking.

Mykje taler difor for at vi må leve med terror framover, ein terror som ikkje blir betre av at økonomiske nedgangstider skaper fleire taparar både til islamistleiren og anti-islamistleiren.