Grønt samvit

Okkja. Så får vi vel ofra Stølsheimen, då. Og resten av fjellheimen. Pluss kysten.

VIND: Gokk er Oslos sutteklut, skriv Asbjørn Kristoffersen. Eirik Brekke

Asbjørn Kristoffersen

Uvéret vårt skal letta samvitet i heile den norske populasjonen. Ikkje minst for dei som manglar både vatten og vér, men produserer desto meir høglytt klimajammer. Gokk er Oslos sutteklut.

Kor mange 250 meter høge vindmøller trur du vil bli bygde på øyane i Oslofjorden? I Nordmarka? På Hafjell og Kvitfjell og i hytteleia langs sørlandskysten? Ingen? Brennsikkert? Eg veddar ein aksje i Ustekveikja Energi på at du får rett.

Det er synd på flatlendingane. Så blåst for profitabel vind, så ynkeleg stelte med vasskraft. Så langt frå oljebrønnane og fiskefelta og aluminiumkokeria og trolltungene. Heilt avhengige av provinsens eksportinntekter og grøne samvit. Berre berga av utkant-Noregs nasjonalisme og patriotisme og syttandemaisentrisitet. Sjølve må vi leva på nordavind og Ernas nåde.

Ein globalist på Grünerløkka som aldri har gått i sjøstøvlar er ein av oss, hen óg. For oss som bur i nærpolitireformen og strukturrasjonaliseringa er det heilt naturleg å forsyna ein landsperson på Grünerløkka med vasskraft og vindkraft og grønt samvit.

Utanlandske pensjonsfond og investeringsfond og byar og kommunar trur dei berre kan koma her og koma her og laga vindparkar og motorvegar kvar som helst mellom Lindesnes og Grense Jacobs elv. Og støtt det norske mellompersonar (rogalendingar) lyt vera med, når norsk natur skal byggjast ned. Så dårleg klimasamvit har vi ikkje.

Vi som bur i provinsen har vent oss til å stilla opp for energinauda og samvitsnauda til våre landspersonar i Oslo og endå lenger i det fjerne. Vi har gjeve dispensasjon for hyttene deira på fjellet og ved sjøen, for å sleppa endå meir gnål om kor vondt og vanskeleg det er å bu i eit land med så mykje provins. Men at vi skal vera like snille mot britar og tyskarar og svenskar alle andre slags utlendingar er for mykje å venta av oss. Vi har meir enn nok med våre eigne flatlendingar.