Fastlegeordninga for fall

Fastlegane har mykje å tena på underfinansiering, nettlegar og eingongs-legar. Dei fleste andre har mykje å tapa.

Ingebjørn Bleidvin
Gjestekommentator i BT

GAMMALDAGS: Mange opplever fastlegeordninga som noko gammaldags: den har ein umoderne eim av kollektive løysingar og sosialdemokrati over seg, skriv Ingebjørn Bleidvin, som sjølv er fastlege. ILLUSTRASJONSFOTO: Gorm Kallestad, Scanpix

Fyrst den lange telefonkøen med knatrande åttitalshits som ventetone. Så forhandla med ein sekretær som deler ut timar like villig som ein seksåring deler ut laurdagsgodtet sitt.

Deretter ta fri frå jobb (eller koma deg opp av sjukesenga) og krøkja deg ned på kontoret. Der blir du sitjande og hosta på venterommet inntil legen dukkar opp ein halvtime forsinka.

Det er ikkje tvil: Å koma seg på time hos fastlegen kan vera ei moderne lidingshistorie.

Ein kan spørja seg om dette styret er nødvendig. Det finst jo enklare måtar å gjera ting på no til dags. Nettlegar, videolegar, «dropp inn»-legar, online apotek og så vidare.

Dessutan opplever mange fastlegeordninga som noko gammaldags: den har ein umoderne eim av kollektive løysingar og sosialdemokrati over seg. Valfridom og pasientens helsevesen høyrest betre ut.

Les også

To fastleger i Bergen fratatt retten til å sykmelde

Kanskje er det difor ordninga no har hamna på kanten av stupet. Både distriktskommunar og store byar som Bergen og Trondheim slit med å rekruttera fastlegar.

Hovudårsaka er høgt arbeidspress og dårleg økonomi. Finansieringa av fastlegeordninga er lagt opp til at kvar lege skal ha rundt 1500 pasientar. Grunna nye oppgåver og ei eldre, sjukare befolkning har dei fleste fastlegar meir enn nok med å handtera tusen pasientar på ein god måte.

Etter at det har vore slik i mange år, går det no mot ein sakte, pinefull død. Volvat, Aleris og Dr.Dropin står klare til å rykka inn og dansa på grava.

Er det så nøye? Treng me fastlegeordninga?

Konsekvensane av ei sviktande fastlegeteneste går langt ut over dyre vikarbudsjett for kommunane. Ein kollega av meg jobba i ein hardt pressa kommune som korkje fekk tak i legar eller vikarar via byrå. Dei måtte difor gong på gong ha innom ein «supervikar» som jobba tolv timar dagleg og tok tre gonger så mange pasientar som alle andre.

Problemet var at alle pasientane fekk ja til alt. Hundre prosent sjukmelding til alle som hosta, antibiotika til alle med feber, angstmedisin til alle som sov litt dårleg og fleire titals blodprøvar av alle som ville ha «helsesjekk».

Det gjekk så langt at personalsjefen i kommunen bad tynt om at dei måtte prøva å unngå å ta inn vedkomande; sjukefråværet i kommunen steig merkbart når han var der.

Dette ekstreme tilfellet illustrerer greitt alle felta som blir påverka av fastlegane. Ei sjukmelding er ei spinndyr belasting å utsetja ei lita bedrift for. Å ha ti minutt ekstra til å motivera ein pasient til å jobba gradert eller prøva seg med tilpassa arbeid sparar store ressursar.

Les også

Nesten ingen unge legar søkte seg til Masfjorden. Så fekk Rolf Martin Tande ein idé.

Antibiotikaresistens er ein trugsel mot heile den moderne sivilisasjon. Å ta bryet med å forklara at nesten alle luftvegsinfeksjonar går over utan penicillin, i staden for å berre kvittera ut ein resept, er ekstremt viktig.

«Helsesjekkar» er meiningslaus sløsing med ressursar. Å tolmodig forklara kvifor det er slik, gjer at sjukehusa ikkje druknar endå meir i pasientar enn dei allereie gjer.

Så kan dette sjølvsagt avfeiast som ein fastlege som argumenterer for å få meir pengar til seg sjølv. Saka er at eg, økonomisk sett, har alt å vinna på at fastlegeordninga kollapsar.

Prisar og tilbod hos fastlegen er strengt regulert av staten. Ein er pålagt ei rekke pliktoppgåver for det offentlege. I tillegg kjem krav om å delta i legevakt.

Les også

Debatt: Det lønner seg ikke å gjøre folk friske

Det blir omtrent som å driva ein butikk der staten gir deg litt rabattert husleige. Til gjengjeld bestemmer staten kva du kan selja, kor mykje det skal kosta, kva kundar du kan ta imot og når du skal ha ope. I tillegg bestemmer staten at du må ha natt- og sundagsope eit par-tre gonger i månaden.

Som heilprivat allmennlege, utanfor fastlegeordninga, kan ein derimot ta den prisen ein vil og jobba akkurat slik ein vil. Det er lønsamt. Det er enkelt. Og det er i hovudsak drepande kjedeleg.

Det som er gullet i fastlegeordninga, og det aller mest verdifulle ved jobben, er kontinuiteten og breidda i pasientmøta.

Helse handlar om heile mennesket. Dess oftare du ser nokon, dess meir ser du dei. Det er i stor grad difor fastlegane er negative til nettlegar, eingongs-legar og til at pasientar skal kunna gå direkte til spesialistar.

Det enkle, korte møtet om ein urinvegsinfeksjon eller vrikka ankel kan vera heilt uvurderleg når pasienten kjem seinare med alvorleg depresjon eller kreftsjukdom. Kontakt bygger tillit.

Store mengder forsking og erfaring frå ei rekke land viser det same: Ei sterk allmennlegeteneste gir betre helse i befolkninga til lågare pris for samfunnet. Litt forenkla sagt behandlar fastlegane nitti prosent av pasientane for under fire prosent av helsebudsjettet.

Som med så mykje anna: Det som er tungvint for den enkelte er bra for oss alle.

Og dessutan er det enkelte åttitalshits som er ganske bra.