Russeskamma

Publisert Publisert

Foto: NTB Scanpix (illustrasjonsfoto)

  • Asbjørn Kristoffersen

Greta Thunberg skulle berre visst. Visst om dei eksosspyande russebussane. Musikkanlegg som trekker ein halv Vøringfoss i energi. Dei avsindige penge- og karbondioksidutsleppa. Blir ikkje årets russ blir dei siste som ramponerer Geilo, vi Greta sørgja for at det blir gjort kål på dei. Russeskamma kjem til å bli større enn kjøtskamma.

Ingen andre land og rike kan oppvisa make til baluba for feiring av 13 års avslutta skulegang. For dei mest eksossugne startar planlegging av russetida gjerne i tiande klasse på ungdomsskulen. I første klasse på vidaregåande er russebussplanane utklekte. I andre klasse er investeringsprogrammet klarert. På haustparten startar festinga for überrussen. Tidleg i februar blir Geilo invadert av tre hundre bergensruss, pluss slengjarar. I sommar står greske øyar for tur. Det tek ikkje slutt før i august, når fadderveka på universitet og høgskular er til ende. Dei mest iherdige blir russ resten av livet.

Det er ikkje russens skuld. Dei aller fleste er snille og greie og glade i pizza og taco. Det er vi vaksne som har svikta. Vi har aldri sleppt dei laus på eiga hand. Barnehage, skule, idrett, piano og ballett, dei som no er russ har alltid vore overvaka og overstyrte av vaksne folk. No er dei blitt 18–19 år gamle, og skulle for så vidt vera vaksne, dei og. Myndige, på ein måte. Formelt sett. Men dei må framleis ha tante politi og onkel politi til passa på seg når dei reiser til Geilo. Det var berre ikkje nok onklar og tanter med dette året.

Eigaren av eit ramponert utleigehus etterlyser russ med vågemot, civil courage, til å stå opp mot pøblane. Dama veit ikkje kva ho snakkar om. Russ er flokkdyr. Ingen i flokken tør stå fram som festbrems. Ingen som alltid har hatt mamma og pappa på lag, vil risikera å bli utstøytt av flokken.

No ordnar nok Greta opp. Ho er den nye russesjefen. Om det blir russ til neste år.

Publisert