Kampen mot Trump fekk ein dårleg start

Den store vinnaren i Iowas kaosval stilte ikkje eingong opp.

Publisert Publisert

VINNAR: – Medan dei andre demokratane kjempa og ventar i Iowa, dreiv Mike Bloomberg valkamp i California. Han satsar alt på å vinne i meir folkerike og difor meir delegatrike delstatar 3. mars, skriv Morten Myksvoll. Foto: Maria Alejandra Cardona/Reuters, NTB Scanpix (arkiv)

  1. Leserne mener

Valresultatet i Iowa lar vente på seg. Ei rekke feil gjer at det kan gå mange timar før ein veit kven som vann demokratanes første nominasjonsval.

På nominasjonsmøtet stemmer ikkje veljarane med setlar, men med seg sjølv. Dei fordeler seg heller rundt i eit lokale, og står på plassen til den kandidaten dei støttar.

Det er rimeleg enkelt. Men så vert det verre.

Alle som støttar ein kandidat som ikkje når sperregrensa på 15 prosent i vallokalet, får sjansen til å flytte på seg. I oppteljinga av denne runden har det skjedd fleire feil.

Den største feilen ser likevel ut til å vore knytt til innrapporteringa. Ein app som skulle gjere alt mykje raskare fungerte ikkje skikkeleg. Den same appen skal brukast i Nevada om nokre veker.

Då klokka passerte eitt om natta i Iowa, var det framleis ingen resultat. Det stoppa ikkje kandidatane frå å skryte.

TRUR PÅ SIGER: Utan eit resultat å gå på, sa Elizabeth Warren at hennar valkamp no var eitt steg nærare sigeren. Foto: Sue Ogrocki/AP, NTB Scanpix

Pete Buttigieg erklærte seg som valvinnar. Kandidatane vil tydelegvis berre vidare. Elizabeth Warren sa at hennar valkamp no var eitt steg nærare sigeren. Bernie Sanders hadde ein «god følelse».

Reaksjonen er forståeleg. Kandidatane vil vidare til New Hampshire, og noko måtte dei jo seie. Men det ser ikkje bra ut å erklære valsiger basert på eit resultat som ikkje finst.

Det gjer det berre lettare for Donald Trump og hans støttespelarar å påstå at valet er rigga.

Kandidatane har all grunn til å vere frustrert over korleis delstatspartiet har handtert det viktige nominasjonsmøtet. Men den største taparen er Iowa sjølv.

Iowa skal sende ein svært liten delegasjon til landsmøtet. Det einaste som gjer at delstaten får så mykje merksemd, er at dei er først.

Dei forseinka resultata gjer at det blir vanskelegare å få eit nasjonalt momentum ut av Iowa. Kandidatane håpa på eit oppsving på både målingar og donasjonar.

Les også

Resultatene i Iowa er forsinket – men Bernie Sanders sier han leder

Det vart tidleg klart at resultatet ikkje ville nå trykkefristen til papiravisene. Kvar einaste time som går, gjer resultatet mindre viktig.

No handlar alt om kaoset. Det vert vanskeleg å sjå ein vinnar i alt mylderet.

Og tysdag kveld skal president Donald Trump halde den årlege talen om rikets tilstand. Så vil alle sjå til New Hampshire, som arrangerer sitt primærval i neste veke.

FAVORITT: Bernie Sanders låg godt an på målingane før Iowa-valet. Etter rotet der, treng han eit godt resultat i New Hampshire. Han leiar på målingane der. Foto: Carlo Allegri/Reuters, NTB Scanpix

Mange er kritiske til Iowas status som først ute blant nominasjonsvala. Det gir mykje makt til ein relativt homogen delstat. Alt som skulle til for å redusere den makta var å la dei arrangere valet.

For Iowa er den store taparen her. Den av kandidatane som endar opp med eit godt resultat, har òg tapt stort på rotet.

Den store vinnaren i natt var derimot Mike Bloomberg, som ikkje stilte til val i Iowa. For medan dei andre demokratane kjempa og ventar i Iowa, dreiv Bloomberg valkamp i California. Han satsar alt på å vinne i meir folkerike og difor meir delegatrike delstatar 3. mars.

Bloomberg trengde dette, for det er langt opp til leiinga for den tidlegare New York-ordføraren. I California har han 5,4 prosent av stemmene på snittet av dei fem siste målingane. I Texas 10,6 prosent.

Men før ein kjem så langt, skal New Hampshire arrangere sitt primærval i neste veke.

Sanders er favoritten på målingane, etter ein kraftig vekst i det siste. For han hastar det å veksle målingar inn i handfaste resultat, sidan det kan fôre ny vekst.

Rotet i Iowa kosta nok Sanders dyrt. New Hampshire er ein ny sjanse.

Publisert