Kålskam

Eldrebølgja: Fårikål er metan opp og metan i mente, og uimotståeleg godt.

Publisert: Publisert:
Asbjørn Kristoffersen

Eg har heilt slutta å eta ertesuppe. Ikkje at det var noko stort offer. Men eg simpelthen elskar fårikål. Ferskt og økologisk kjøt av sauer som har levd herrens glade dagar på fjellferie før dei enda sine dagar som får i kålen. Biodynamisk kål frå Lærdal, handplukka av gravide kvinner i sjette månad, hausta på veksande måne og stigande flo.

No må eg vel forsaka fårikål også. Kål skaper mest like store gassutslepp som erter, syner det seg. Og CO2 frå ein fossilbilmotor er reine barnematen samanlikna med metan frå tarmane. Spesielt herretarmane. Nyare forsking syner at ein mannsperson luftar tarmen 12 gongar dagen i gjennomsnitt. Kvinner nøyer seg med 10 gongar. Verkeleg fine damer har ganske sikkert endå færre utslepp. Verkeleg fine damer smakar nok aldri korkje ertesuppe eller fårikål.

Som om det ikkje er meir enn nok med mine eigne tarmgassar, driv dei økologiske fåra i kålen med metanutslepp, dei óg, i endå større mengder enn eg. Greit nok at sauer er veganar, og at villsauen ikkje ein gong brukar hus om vinteren, men klimarekneskapen deira har sine minussider. Fårikål er metan opp og metan i mente, og uimotståeleg godt. Eg eig berre ikkje viljestyrke til å kvitta meg med fårikålskamma.

2500 kaloriar og maksimalt 40 gram kjøt kvar dag. Så stor, så liten, er den nye planetariske dietten som klimavaktarane har pønska ut. Sunn mat, nok til alle folk på jorda. Sunn og slankande og skamfri. Og svært vanskeleg å gjennomføra for folk som elskar fårikål. Tarmgassane er ikkje ein gong tekne med i rekneskapen.

Det finst verre syndarar enn eg. Det finst folk som simpelthen elskar raspeballar, med sauekjøt og pølser og fleskedupp og kefir og sirup. Eg kan ikkje fordra fleskedupp og sirup. Det finst folk som skal ha fløyte i kaffien og blautkake med piska krem til kaffien, utan å bry seg om kor mykje metan ei gjennomsnittleg mjøllkeku slepper ut i atmosfæren. Eg drikk svart kaffi, om eg ikkje får cortado. Når alt kjem til alt, har eg ingen grunn til å føla kålskam.

Publisert: