Trist med desse øystatane, men her i landet blir global oppvarming knallbra!

ILLUSTRASJON: FRIDA STRØMME

Knapt noko land i verda vil kome betre ut enn Noreg når kloden blir varmare. Så kvifor bry seg?

Publisert: Publisert:

På klimatoppmøtet i Egypt denne veka kjempar øystatar og fattige land tidenes kamp. Dei vil ha rike industriland til å betale for konsekvensane av den globale oppvarminga.

Akkurat no styrer verda mot 2,8 gradars oppvarming, ifølgje FNs klimapanel. Då vil øystatar forsvinne i havet og store delar av den sørlege verda bli meir eller mindre uleveleg, ifølgje FNs klimapanel.

Her i landet er stemninga betre. Undersøkingar viser at nordmenn bekymrar seg mindre enn andre for klimaframtida. Vi trur heller ikkje i like stor grad på klimaforskinga.

Det ikkje sikkert det berre skuldast at vi lever så godt på olje og gass. Det kan like gjerne skuldast at Noreg slett ikkje vil kome så dårleg ut av den globale oppvarminga.

Og då tenkjer eg ikkje berre på nordmannens gamle draum om eit varmare land.

Les hele saken med abonnement