Noreg har bestemt at ukrainske flyktningar skal vere andrerangs
Det viktigaste i norsk flyktningpolitikk er å vere streng.
- Morten MyksvollKommentator i BT
Då titusenvis av ukrainske flyktningar kom til Noreg i fjor, gjekk det ein debatt om Noreg behandla ukrainarane mykje betre enn andre flyktningar.
Ukrainarane reiste visumfritt gjennom Europa, og då dei kom til Noreg fekk dei gratis kollektivtransport. Og fordi Noreg gav ukrainske statsborgarar kollektivt vern, slapp dei den individuelle vurderinga som alle som søkjer asyl må gjennom.
Det å vere ukrainsk var – i dei fleste tilfella – i seg sjølv godt nok til å få vern. Folk frå Eritrea, Afghanistan eller Syria fekk ikkje det same godet.
Det vil likevel vere ei forenkling av historia å slå fast at ukrainske flyktningar vert behandla så mykje betre enn alle andre.
For Noreg definerer ikkje ukrainarane som flyktningar. Og med det fell ein del rettigheiter bort.
I norsk utlendingspolitikk er ukrainarane andrerangs, nett fordi dei ikkje har blitt individuelt vurdert.
Les hele saken med abonnement