Min by. Men ikkje min representant.

Bergen er byen som kunne vore så mykje meir.

Publisert:
Bård Vegar Solhjell
Generalsekretær WWF Verdens naturfond

IDENTITET: Bergen er heller ikkje ein by eg tenkjer representerer meg, min bakgrunn (frå Sogn og Fjordane) eller regionen eg vaks opp i overfor Oslo, skriv Bård Vegar Solhjell. Foto: Jan M. Lillebø/NTB Scanpix

Bergen. Eller Byen , som folk sa i Naustdal i Sunnfjord der eg vaks opp. Førde var jo ikkje blitt by. Florø er fin – men ganske liten. Bergen var Byen for dei fleste av oss bygdevestlendingar.

I perioden 1995–1997 vart Bergen mi studenttids by, då eg studerte ved Universitetet, arbeidde deltid på posten, gjekk sjufjellsturen og drakk øl på Garage og Cafe Opera.

På reiser har den vore min by. Den er jo spennande, vakker og ganske kjent. Du kan fortelje ein amerikanar eller tyskar at du kjem frå «a small village north of Bergen», og det gjer meining for dei; «Ah, by the fjords?» «Yes!».

Bergen er altså ein av mine byar. Men aldri hovudstaden min. Den var, og er ikkje, sentrum i mi kulturelle eller politiske verd. Bergen er heller ikkje ein by eg tenkjer representerer meg, min bakgrunn (frå Sogn og Fjordane) eller regionen eg vaks opp i overfor Oslo.

Sjølvsagt ikkje, tenkjer du kanskje. Men, det kunne vore annleis.

Fordi Bergen er den suverent største byen, og ligg sentralt til, i ein region med viktige felles trekk som skil seg frå resten av landet.

Vestlandet er nynorskens region. Dei fire vestlandsfylka (Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland) er framleis i ei særstilling når det gjeld språksituasjonen i Noreg, ved at nynorsk skriftspråk står sterkt. Utanfor storbyane er nynorsk dominerande over det meste av Vestlandet.

Frøy Gudbrandsen:

Les også

Myten om det nedlatende Bergen kan ødelegge for en Vestlandsregion.

Fråhaldsrørsla var frå midten av 1800-talet viktige i utviklinga av det norske samfunnet. Flatfylla skapte norsk organisasjonsliv, vert det av og til sagt, med tanke på dei mange organisasjonane og laga som vart etablert i denne periode for å kjempe mot den veksande alkoholbruken. På Vestlandet var fråhaldsorganisasjonar særleg sterke.

Vestlandet er også den lågkyrkjelege lekmannsrørsla sin region. «I grove trekk kan vi skissere eit bilete der lekmannsrørsla særleg vann fram i kyststroka på Sør— og Vestlandet, mens Austlandet og Trøndelag blei eit kjerneområde for arbeidarrørsla. Dette kulturgeografiske skiljet kom også til syne i varierande oppslutning om politiske parti» heiter det i Norgeshistorie.no, Universitetet i Oslo si fagleg kvalitetssikra historieframstilling på nett.

Det er dette som vert kalla motkulturane. Vi har framleis ein arv frå det, som også kan lesast av i kritikk mot sentralisering. Dei tre sentrumspartia SP, KrF og V står samla langt sterkare på Vestlandet enn i resten av Noreg.

BTs leder:

Les også

Regjeringa har ikkje store nok ambisjonar for regionane

Men i omgrepet «motkulturane» ligg det at dei alltid har vore nett det; kulturar «mot». I dette tilfellet mot majoriteten, representert ved Oslo-makta og breie tendensar med urbant utspring og utanlandsk innverknad; Bokmålet, brennevinskonsumet og dei sekulære tendensane. Makta til å gjere noko med det sat i Oslo, med sterkare innverknad frå desse tendensane enn mot dei. Motkulturane vart difor viktige, vestlandske opposisjonsrørsler mot Oslo-makta.

Men Bergen vart aldri motkulturane sin representant. Nynorsk står ekstremt svakt i Bergen. I 2012 var det om lag 1 % nynorskelevar på barnetrinnet i Bergen, medan det var 97 % i Hordaland utanfor Bergen og omland. Frikyrkjene står sterkt, men den lågkyrkjelege pietismen frå bygdene dominerer ikkje. Byen er ikkje særleg edrueleg. Men viktigare, Bergen forsøkte heller aldri strekke ut ei hand for å samle breiare støtte i regionen (sjølv om bystyret nyleg har gjort viktige nynorsk-vedtak!). Snarare tvert om, det bergenske borgarskap kjennest meir framandkulturelt for ein bygdegut frå Sunnfjord enn dei fleste andre folkegrupper i Noreg.

Meir enn motkulturane er det industrialiseringa og det maritime som pregar vestlandet i dag:

  • Petroleumsressursane, som definerer heile landet vårt – og i stor grad finst vest for Vestlandet.
  • Den kraftkrevjande industrien, som vart etablert nær krafta frå fossefalla.
  • Skipsindustrien på Sunnmøre og andre kystbyar, reiarlaga i kommunar som Herøy og Austevoll, oppdrettsnæring.
    Sjølv om delar av denne industrien er borte, eller har færre sysselsette, er den framleis viktig for Noreg. «Vestlandsfylka skil seg ut med svært høy eksport pr. innbygger», som det heiter i Menon-rapporten «Eksport frå norsk regionar» frå 2015 – rett nok saman med Oslo/Akershus.

Men Bergen er ikkje industrihovudstaden i Noreg heller. Oljehovudstaden veit alle kor ligg. Skipsindustrien forbind vi, med god grunn, med det driftige Sunnmøre. Bergen har aldri klart å bli samlingspunkt for smelteverk eller oppdrettsanlegg. Det finst sjølvsagt industri i Bergen. Men det er ingen som tenkjer på Bergen som industri— eller verdiskapingsbyen i Noreg. Og den har reell konkurranse om å vere den maritime byen. Så igjen dette; i Årdal og Sauda, langs den nasjonale laksefjorden Førdefjorden, på kaia i Fosnavåg føler ikkje folk at det er Bergen som representerer dei mot Oslo.

Urealistisk å bli noko slikt, tenkjer du kanskje. Vel, Vestlandet hadde trengt ein suveren leiar, ein representant vi stolar på. Og Europa er full av nr. 2-byar som spelar ein viktig og markant opposisjonsrolle i landet sitt. Barcelona i Spania og Turku (Åbo) i Finland er slike byar. Dei representerer sterke språklege identitetar, men innan ramma av nasjonalstaten. Desse to byane er blitt markante kulturelle senter utanfor hovudstaden, med ei eiga kraft. Det er enklare med eit eige språk, ja visst, Men også München i Tyskland og Milano i Italia er regionale kraftsenter i landet sitt utan ein eigen språkleg identitet, men med eit kulturelt og næringsbasert tyngdepunkt.

Ingen land er like. Noreg er mindre enn dei to siste, og meir einskaplege enn dei to første. Dessutan – og det er ei viktig forklåring – er vi ein relativt sentralisert stat med mindre rom for eit alternativt sentrum. Men like fullt; Bergen kunne vore meir.

Kvifor er ikkje Bergen det? Ei viktig forklåring er at byen på sitt verste er seg sjølv nok. Eliten i Bergen har først og fremst ein bergensk identitet. Den er grenselaust sterk, og har ikkje rom for tilpassing eller kompromiss. Og så er sjølvbiletet uvanleg sterkt. I mange bergenske politikarar og næringslivstoppar sitt hovud er Bergen Vestlandets hovudstad, ein by på linje med Oslo. Kvifor skal ein då strekke seg?

Det finst viktige unnatak. Den Nationale Scene, Universitet, Kode og Bergens Tidende er døme på institusjonar som på sitt beste kjennest noko meir vestlandske. Kanskje har kultur- og kunnskapsinstitusjonane hatt den vestlandske identiteten og historia tettare på?

Eg kjenner også politikarar, akademikarar og næringslivsfolk i Bergen som tenkjer stort og prøver. Enkelte seier til meg at det er betre no enn for berre ti år sidan. Eg vonar det.

For når eg går inn på ein pub, eller bort i Marken for å handle, eller over Torgallmenningen, eller snakkar til ei gruppe studentar, så høyrer eg dialektane frå heile Vestlandet. Dei smeltar saman, og eg kjenner meg heime. Og blir mint på at Bergen er ein by for vestlendingar, men kunne vore så mykje meir.

Publisert: