Han kan gjere eit fantastisk val, men Vedum blir ikkje statsminister
Det er ikkje realistisk slik det ser ut no.
- Gerd Margrete TjeldflåtKommentator


Ei regjering med Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV vil få eit solid fleirtal. Det viser vår nye måling.
Her er fem andre punkt det er verd å merke seg:
Så du trudde du skulle bli statsminister
Senterpartiet lanserte Trygve Slagsvold Vedum som statsministerkandidat denne månaden.
Det er urealistisk av fleire årsaker.
Arbeidarpartiet er det største partiet på både denne målinga og andre. Senterpartiet gjer det framleis fantastisk godt, men forskjellen på dei to er tydeleg og i Aps favør.
Eit argument for å velje Vedum som statsminister, har vore å danne ei Ap/Sp-regjering som kan samarbeide til «begge sider». Altså ikkje berre med parti på venstresida, men også med KrF og Venstre.
Men ettersom både KrF og Venstre ligg an til å kome under sperregrensa, finst det ingen fleirtal med dei.
Då er det berre parti på venstresida det er naturleg å samarbeide med, og dei vil heller støtte Støre enn Vedum.
Småpartia rasar i ny måling: KrF, Venstre og MDG under sperregrensa
Det kan bli ny leiarkamp i KrF
Venstre og KrF ventar og ventar på å sjå lyset, men til ingen nytte. Begge er under sperregrensa på målinga, og ville sitje igjen med to representantar kvar.
For KrF sin del betyr det at partileiar Kjell Ingolf Ropstad ikkje får plass på Stortinget. Kan partiet leve med ein leiar som førte dei under sperregrensa og ikkje sit på Stortinget?
Det er eigentleg litt tidleg for slike spekulasjonar. Men dette kan bli ei høgst reell problemstilling i september.
Og det er berre nokre år etter partiet valde å følgje Ropstad og gå inn i den borgarlege regjeringa.
På tide å seie farvel til statsminister Solberg
Det har lenge vore nesten umogeleg å sjå korleis Erna Solberg kan halde fram med å vere statsminister.
Mykje har handla om samarbeidspartia.
Med både KrF og Venstre under sperregrensa, og dessutan eit Frp i alt anna enn storform, finst det ikkje noko borgarleg fleirtal.
Tidlegare har Høgre kunna hjelpe samarbeidspartnarane sine. I valet i 2017 var det mange tidlegare høgreveljarar som vippa Venstre over sperregrensa.
Men no er også Høgre på ein stødig kurs nedover. Dei er ikkje lengre det største partiet, noko dei har vore i over eitt år. Dei kan ikkje tilby naudhjelp.
Det einaste lyspunktet for Høgre er at mange av veljarane deira har sett seg på gjerdet og er i tvil. Det vil seie at dei kan lokkast tilbake. Det skal berre så mange til for at det skal vere nok.
Det finst Raudt-politikarar i heile landet, og no skal dei på tinget
Fire parti kjempar mot sperregrensa om dagen. Berre Raudt kjem over på denne målinga.
Det ville gitt dei heile ni mandat på Stortinget. Ein heilt ny situasjon for partiet, som i dag berre har eitt.
Med ein gong eit parti kjempar seg over sperregrensa, får dei bli med i utdelinga av utjamningsmandat. Dette gjer ein enorm forskjell på Stortinget.
Små parti får nemleg det største jafset av dei 19 utjamningsmandata. Med denne målinga ville Raudt fått fem åleine.
Desse fem kan kome frå kva som helst fylke i landet, også der Raudt aldri har spela ei rolle før.
Eit døme: På NRKs supermåling denne veka fekk Raudt utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane.
SV er ungdommens parti
Det største partiet blant dei under 30 er SV. Gode nyhende for eit parti, som nok er urolege for konkurransen frå Raudt.
Det kan bli plagsamt for SV å gå inn i regjering der dei må forhandle og kompromisse, medan Raudt er på utsida og kritiserer høglydt.
SV kan derimot glede seg over at ein annan konkurrent, MDG, ikkje kjempar seg over sperregrensa. Partiet har det ikkje i seg om dagen, kanskje fordi klimasaka førebels er heilt fråverande i valkampen.