Kuppoppgjeret i Tyrkia er ute av kontroll

Oppgjeret etter det mislykka militærkuppet har gått over alle støvelskaft. No ser det mørkt ut for den eldste avisa i Tyrkia, Cumhuriyet.

Morten Myksvoll
Redaktør i tyrkiskpolitikk.no og tidligere Frp-politiker

PROTEST: Den demonstrant utenfor redaksjonslokalene til den nedstengte opposisjonsavisen Cumhuriet denne uken bærer en plakat av den tyrkiske landsfaderen Mustafa Kemal Ataturk. Minst 13 seniormedarbeidere i avisen skal være fengslet. NTB Scanpix

Det er vanskeleg å forstå kor sterkt skaka det tyrkiske samfunnet vart av det blodige militærkuppet 15. juli i år. I Noreg er Tyrkia eit land som er kjent for å ha hatt mange militærkupp, men sist gong det vart skote på open gate var i 1980. Meir enn 300 døydde, parlamentet vart bomba, og nasjonen fekk sjokk.

Tida etterpå har vore dominert av eit knallhardt oppgjer mot kuppmakarane og alle som kan reknast å støtte dei. Fremst i rekka står Fethullah Gülen, ein imam som bur i eksil i USA. Tyrkia skuldar han både for å ha orkestrert kuppet og for å ha infiltrert staten i fleire tiår.

Det er legitimt for ein stat å straffe kuppmakarar. Sjølvsagt. Det er òg legitimt å rydde opp i nettverk innanfor staten som har gjort kuppet mogeleg. Påstanden om at Gülen-nettverket har infiltrert staten med titusenvis av lojale følgjarar er plausibel, og opposisjonen har åtvara om dette i mange år.

Les også

Bakgrunn: Difor lukkast ikkje kuppforsøket

Ein stat er avhengig av eit profesjonelt byråkrati, ei uavhengig domstolsmakt, og eit militære som lyder sivile myndigheiter. Eit nettverk med lojalitet til nokre andre enn staten kan vere farleg. Sjølvsagt bør ein rydde opp i det, men Tyrkia tar det alt for langt.

Det er sjølvsagt slik at Tyrkia burde latt prinsipp om akademisk fridom og pressefridom trumfe oppgjeret med Gülen-rørsla, slik at universitet og media ikkje vart stengt ned. I tyrkisk kontekst er det likevel vanskeleg å klare det, då Gülen-rørsla er blitt definert som ein terrororganisasjon. Rett eller ikkje, men det gjer nyansar umogelege.

Det vart tidleg klart at regjeringa ville bruke unntakstilstanden til ikkje berre å gå etter Gülen-lojale, men òg alt som kunne likne på støtte til den kurdiske terrororganisasjonen PKK. Lova er så streng, at nær sagt alt unnateke total fordømming kan straffast som terrorpropaganda.

No er det derimot heilt openbert at tyrkiske myndigheiter ikkje berre går etter grupperingar som er knytt til Gülen-rørsla eller PKK. 31. oktober vart 11 tilsette i avisa Cumhuriyet arresterte, blant dei sjefredaktør og politisk redaktør. Fleire arrestasjonar er venta, og det vil ikkje vere overraskande om staten overtar avisa med makt.

Les også

Forfatter: – Galgenhumor er avgjørende for å beholde forstanden i et land som blir stadig mer vanvittig

For å slå det heilt fast: Cumhuriyet har ingenting med Gülen å gjere. Cumhuriyet har ingenting med PKK å gjere. Dei har i alle år vore kritiske mot begge to. Seinast i 2011 vart Cumhuriyet utsett for kuppanklager frå regjeringa – som den gong var alliert med Gülen – fordi dei var for kritiske til Gülen-rørsla.

Då avisa Zaman vart stengt ned i mars, vart dette dekka verda over som eit kraftig angrep på pressefridomen. Det var sjølvsagt riktig, men utgangspunktet her var ein maktkamp mellom Erdoğan og Gülen, og det handla eigentleg ikkje om prinsipp for pressefridom. Zaman var ei avis som seinast i 2011 hylla arrestasjonar av kurdiske journalistar, som vart arresterte for «terrorpropaganda». Det legitimerer ikkje åtaket, men Zaman-redaktørane vart altså ikkje arrestert for noko dei ikkje hadde hylla tidlegare.

Cumhuriyet er noko anna. Den er det næraste ein kjem ei reell opposisjonsavis i Tyrkia, som ikkje er ein del av verken Gülen- eller PKK-krigen. Når dei no vert skulda for å støtte desse, så handlar det om eit kuppoppgjer som har gått alt for langt. Det som var legitimt i oppgjeret mot kuppmakarane, og nettverket som Tyrkia meiner gjorde kuppforsøket mogeleg, har utvikla seg til å kunne råke kritiske røyster, uansett leir.

Pressefridomen si historie i Tyrkia kan best skildrast som eit fåtal lyspunkt i ei elles mørk tidslinje. Eit av dei lyspunkta stod Erdoğan og partiet hans (AKP) for, då dei vant makta i 2002. Han hadde sjølv vore fengsla på grunn av ei ytring, og partiet viste sympati med andre utsette grupperingar.

Les også

«IS sitt territorielle fall nærmar seg. Europeiske politikarar verkar uforbereidd på det heile.»

Regjeringa hans gjorde eit seriøst framstøyt for å betre forholdet til den kurdiske minoriteten, og forhandla fred med PKK. Pressa vart ikkje utsett for dei same drakoniske verkemidla som det som var tilfellet på 90-talet.

Det er ingen brannfakkel å seie at dette har snudd. Lyset er blitt slått av. Regjeringa har for lengst forlate det sporet, og har utøvd meir og meir kontroll over institusjonar og sivilsamfunn. Avisene lir sjølvsagt store tap. Det begynte med meir og meir sjølvsensur, men har utvikla seg over fleire år til at staten berre overtar og stenger både store og små mediehus.

Det tyrkiske demokratiet vart utsett for eit kolossalt angrep 15. juli. At kuppmakarane tapte var ein siger for demokratiet, men oppgjeret i ettertid har utvikla seg til eit angrep, det òg. Utviklinga kan best karakteriserast som ein negativ spiral, og farten ser til å auke.

Det einaste som ein kan tenkje seg å stagge det autoritære skiftet, er om fleire og fleire i sjølve regjeringspartiet byrjar å frykte at oppgjeret kan kome for nært. At det kan råke dei. Det er ikkje reint få parlamentarikarar og partihøvdingar som har hatt svært nær kontakt med Gülen. AKP og Gülen-rørsla har trass alt vore nære allierte.