Leve moralismen

Sjokomjølk på skulen og priskrig på smågodt. Kven skal ta ansvaret og rekninga for alle dei dårlege vala me gjer?

Ingebjørn Bleidvin
Gjestekommentator i BT

ALTFOR RIMELEG SNOP: Snop, brus og snacks er eit lett byte for den indre moralisten. Slike varer burde openbart bli ti gonger dyrare. Smågodtet burde kosta 500 kroner per kilo, ikkje 50, meiner Ingebjørn Bleidvin. Jon Anders Skau

Som lege ser ein mykje elende. Folk har lov til å gå til grunne, og enkelte gjer dette med stor innsats og innleving. Det er vondt å sjå på, og ei av dei tristaste og mest frustrerande sidene ved jobben.

Ein alkoholikar på sitt fjerde tilbakefall sidan påske, liggjande likeglad i eigen urin og avføring, med eit berg av ølboksar ved senga.

Ein røykjar med langtkomen KOLS som knapt kan føra ein samtale utan å bli andpusten, men som likevel set himmel og jord i bevegelse for å koma seg ut i røykjeskuret.

Ein person med så sjukleg overvekt at to personar må hjelpa han opp av senga, med soppinfeksjonar i hudfaldene.

Dette er scener tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene vil kunna kjenna att. Felles for mange slike pasientar er at dei er svært vanskelege å hjelpa.

Det er ofte freistande å setja foten ned. Tvangsavrusing, tvangsinnlegging, streng diett, og så vidare. Men terskelen for dette er og må vera svært høg.

Som sagt, folk har faktisk lov til å gå til grunne. Dei har lov til å nekta å ta imot hjelp. Og folk har lov til å gjera dumme, risikofylte ting, som å bli proffboksar eller basehoppar.

Les også

KOMMENTAR: Godteriterroren.

Dei aller fleste som ender opp med å øydeleggja livet sitt eller setja seg sjølv og andre i fare, kunne derimot ha blitt stoppa og fått hjelp langt tidlegare.

Det er her den snikande, indre moralisten dukkar opp. Betre helsehjelp er éin ting, men problema startar nesten alltid årevis før helsevesenet blir involvert.

Når ein ser det smertefulle, nedverdigande, tidvis dødelege sluttresultatet av det som ofte startar som små uvanar, blir det vanskeleg å smila overberande til auke i taxfree-kvoten og priskrig på smågodt.

Snop, brus og snacks er eit lett byte for den indre moralisten. Slike varer burde openbart bli ti gonger dyrare. Smågodtet burde kosta 500 kroner per kilo, ikkje 50.

Folk som meiner at alt som ikkje skadar andre burde vera lov, får spasmar av slike forslag. Bård Hoksrud i FrP hevdar med mykje patos at det «handlar om fridom og mangfald» når Tine tilbyr sjokomjølk i barneskulen. Ein av Norges fremste liberalistar, Sveinung Rotevatn i Venstre, vil ha vin i butikk fordi «det vil gjera kvardagen enklare».

Dei burde utvida horisonten sin litt. Dette handlar ikkje om å «forby ting me ikkje likar». Det handlar om å sjå konsekvensen av korleis me har innretta samfunnet.

Les også

FORSKAREN SEIER: Frykta for feitt er feilslått.

Ein god parallell er antibiotika. I store deler av verda kan du kjøpa sterke antibiotika over disk utan resept og bruka den som du vil.

Slik bruk av antibiotika er i hovudsak ikkje skadeleg eller farleg for den enkelte. Det er derimot katastrofalt for den moderne, menneskelege sivilisasjon.

Uvettig, dårleg kontrollert bruk av antibiotika har medført at mange bakteriar har blitt resistente. Det drep fleire titals tusen menneske globalt kvart år, utan at me kan gjera noko som helst.

I Noreg har me valt å regulera bruken av antibiotika ganske strengt. Det hadde sjølvsagt vore greitt for småbarnsfamilien om dei kunne stikka innom Rema og plukka med litt Penicillin kvar gong dei mistenkte at Lillegull hadde halsbetennelse. Men det hadde gitt samfunnet enorme problem på sikt.

Parallellen til kosthaldet vårt har berre blitt tydelegare med åra. Andelen nordmenn som har fedme har dobla seg på rundt femten år.

Kvar femte ungdomsskuleelev er overvektig. Femti tusen fleire brukar diabetesmedisin no enn for ti år sidan. Dette siste aleine kostar fellesskapet hundrevis av millionar kvart år.

Utan ei kraftig omlegging av avgiftssystemet og tilrettelegging for fysisk aktivitet, har me ein heilt uhandterleg epidemi på gang det neste tiåret.

Les også

FARESIGNALENE: Overvektige har større risiko for kreft.

Før FrP set sjokomjølka kollektivt i halsen, bør dei tenkja over kva desse diagnosane medfører for folk. Kanskje blir laurdagskvelden ein smule kjipare viss smågodtet er ti gonger så dyrt, men behandling og medisinering er langt sterkare inngrep i folk sine liv.

For å få alt du treng må du lystra fastlegen, Nav, sjukehuset, Pasientreiser og apoteket, for å nemna nokon. Mange må konstant gå og drassa på eit lite reiseapotek med sprøyter, blodsukkermålarar og diverse tablettar.

Dei treng legeerklæring til flyplasskontrollen og ekstra helseerklæring til førarkortet. Alt dette legg òg ein dempar på fridomskjensla, for å sei det forsiktig.

Den indre moralisten er upopulær, og stikk sjeldan nasen langt fram. Ingen vil jo vera humørlaus. Likevel: Kvifor er det greitt å stilla masse krav til folk etter at dei har blitt sjuke, men umoralsk og fridomsberøvande å prøva å førebyggja den same sjukdommen?

Menneskesinnet er ikkje tilpassa ein kropp som skal leva i 85 år. Det er bevist til det keisame at menneskerasen er utprega korttenkt. Me har derimot store mengder kunnskap, forsking og statistikk som kan fortelje mykje om kva vala me tek i dag vil føra til på sikt.

Akkurat som for klimaforandringar og antibiotikaresistens skuldar me oss sjølve og våre barn å ta denne kunnskapen inn over oss når det gjeld kosthald og aktivitet.