Nordlendingar skapar panikk i kulissene i Bergen

Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen pendlar til Bergen frå Tromsø. Så kom meldinga om at direktoratet ikkje lenger skulle ha hovudkontor i Bergen ...

Dramaet rundt Fiskeridirektoratet tyder på at «Havbyen Bergen» har mindre å frykte frå Tromsø enn frå seg sjølv.

Publisert: Publisert:

For tre veker sidan kom ei nyheit som skapte panikk hjå dei politiske strategane i Bergen. Fiskeridirektoratet, ein av dei viktigaste delane av «Havbyen Bergen», skulle ikkje lenger ha hovudkontor i byen.

Dei skulle ikkje ha hovudkontor i det heile. Strukturen skulle leggast om til divisjonar, i staden for eit hovudkontor med fem regionkontor.

Direktoratet hadde òg fått ein ny sjef som bur i Tromsø og pendlar til hybel i Bergen, tidlegare Høgre-statsråd Frank Bakke-Jensen. I tillegg sit det ein nordlending i statsrådsstolen i Fiskeridepartementet.

Les hele saken med abonnement