Redde, rike menn

Rikingane bak nettstaden Resett er skremmande likegyldige til det dei er med på.

Publisert: Publisert:
Ingebjørn Bleidvin
Gjestekommentator i BT

RESETT: – Resett gøymer seg i hovudsak bak at dei er opne, alternative og ikkje sensurerer noko så lenge det ikkje er ulovleg, skriv Ingebjørn Bleidvin. Her er Resett-redaktør Helge Lurås. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB scanpix (Arkiv)

Tusenvis av sinte, fattige, framandkulturelle menn i gatene kan dessverre bli eit problem for det norske samfunnet. Dette er ganske innlysande. Det er òg eit grundig debattert tema i det meste av media, middagsselskap, tenketankar, lunsjpausar og politiske parti.

Men ikkje grundig nok, ifølge mangemillionærane bak nettstaden Resett. Det er eit problem når folk med tusen millionar kroner på konto investerer i hat og splitting.

Resett har trakka over ei rekke grenser. Uthenging av dommarar, fornedrande omtale av enkeltpersonar på leiarplass og sympatierklæringar med massedrapsmannen frå Utøya er nokre døme.

Resett gøymer seg i hovudsak bak at dei er opne, alternative og ikkje sensurerer noko så lenge det ikkje er ulovleg. Ei slik naivt barnsleg tilnærming til ytringsfridomen har dei fleste medium vakse frå for tjue år sidan.

På ein del område har Resett same forhold til omverda som KNM «Helge Ingstad» hadde til oljetankarar: Full fart framover, same kva som ligg i vegen. Dei endar opp med ei tilsvarande slagside.

Korleis kan ein slik glorifisert sinnablogg bli rekna som nyheitsaktør og bli ein del av det offentlege ordskiftet?

Les også

BT meiner: Boikott løser ingenting

Svaret er pengar. Resett er finansiert av ei rekke mangemillionærar og nokre milliardærar. Dei meste kjente av stiftarane var Øystein Spetalen og Jan Haudemann-Andersen. Andre storinvestorar i dag er Christian Mikkel Dobloug, Håkon Wium Lie, Monica Staff og hotellkongen Asmund Haare.

Nettavisa Filter Nyheter har prøvd å få bakmennene i tale. Filter har sendt investorane nokre nøkternt kritiske spørsmål og spurt kva dei tenker om nettstaden dei var fødselshjelparar for.

Relativt få svarar, så dei som faktisk gav respons fortener litt skryt for ikkje å berre halda kjeft og gøyma seg. Svara er likevel deprimerande. Dei fleste kjem med ein eller annan variant av at dei ønskjer meir mangfald i media og at Resett er eit viktig alternativ til andre medium.

Les også

Morten Myksvoll: Forretningsmodell: Hets

Er det noko hald i dette? Ein kunne forstå milliardærane om me levde på femtitalet, der Resett hentar kvinnesynet sitt frå. Då var det strengt styrt partipresse og sosialdemokratiet kontrollerte kvardagen til folk like detaljert som Facebook og Google gjer no til dags.

Men dette er ikkje femtitalet.

Me har den mest høgreorienterte regjeringa nokosinne. Innvandringsmotstandarar og klimafornektarar sit som statsrådar. Marknadskapitalismen som grunnlag for organiseringa av samfunnet vårt er einerådande over heile strekka frå Finansavisen og langt inn i Klassekampen.

Då me hadde ein finansminister frå Sosialistisk Venstreparti under finanskrisa gjekk ho langt i å be folk shoppa meir for å halda økonomien i gang. Dersom venstrevridde medium og sosialistar har konspirert for å dominera samfunnet har dei gjort ein elendig jobb.

Resett har rett i at enkelte medium kan ha ei meiningslaus vegring mot ubehagelege fakta, men dei overdriv problemet grovt. At afrikanarar generelt er overrepresenterte på NAV-statistikken har vore tema på alt frå NRK Trygdekontoret til oppslag i Aftenposten.

Norges mest «mainstream» journalist, Fredrik Solvang i Debatten på NRK, har skrive svært direkte om somaliske kvinner som driv med trygdesvindel gjennom å registrera seg som eineforsørgar, for så å få ein masse barn med eksmannen.

Les også

Presseetikere: Forkastelig av Resett

At dagens asylsystem er stadig meir meiningslaust, sett både med statsfinansielle og medmenneskelege auge, er sagt klart og tydeleg frå om både frå VG på leiarplass og endå til på bloggen til direktøren for Utlendingsdirektoratet.

Systemet lokkar unge menn ut på livsfarlege reiser, for så å la dei henta resten av familien med fly dersom dei vinn asyllotteriet i mottakslandet. Resett slår inn opne dører her.

Enkelte vil hevde at det er urettferdig å halda investorar og eigarar ansvarlege for innhaldet i media dei styrer. Uavhengige redaksjonar er ein norsk kjerneverdi. Det ville sanneleg ha blitt bråk om Trond Mohn kjøpte opp BT og forlanga at dei konsekvent skulle støtta Arbeidarpartiet på leiarplass.

Dette er likevel å snu ting på hovudet. Det investorane bak Resett har gjort er å bevisst oppretta ein nettstad som målber svært bestemte synspunkt.

Les også

Eirin Eikefjord: Forbannet løgn og klikk

Ein Utøya-overlever som jobba i Resett ei kort tid i starten hevda at nettstaden har eit «monomant negativt forhold til islam» og at han aleine i redaksjonen forsøkte å stå opp mot «ei bølge av frykt mot andre kulturar».

Ein tidlegare nyheitsredaktør og journalist har gått offentleg ut og sagt at «prosjektet har gått heilt av skaftet» og at redaksjonen har «eit forelda kvinnesyn», der feministar øydelegg det norske samfunnet.

Er dette så farleg? Kan ikkje rikfolk få bruka pengane sine på det dei vil? Det kan dei sjølvsagt.

Problemet er at me lever i ei farleg tid. Demokratiet er under press i fleire land, sjølv innanfor EU. Facebook sin «liker»-tommel trykkar ned den offentlege debatten. Me treng fakta og me treng nyansar. Resett bidreg ikkje med nokon av delane.

Dersom nettavisa verkeleg vil sjå på eit tema som er underdekka og kontroversielt, kan dei få eit forslag her: Korleis ei handfull redde, rike gamle menn i villa dessverre kan bli eit problem for det norske samfunnet.

Publisert: