Frukt og avsky i Sogndal

Sogndal Fotball har for lengst rykka ned frå Eliteserien. Også old boys-laget til Arbeidarpartiet kranglar seg nedover divisjonane.

Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

SAFTIG I SAFTBYGDA: Sogndal er kjent for fruktdyrking og saftproduksjon. I politikken er det også mykje saftig. Foto: Marita Aarekol

Har du høyrt den om dei tre Ap-kommunane som slo seg saman og blei til ein Sp-kommune? Vel, det kan fort vekk bli fortellinga om nye Sogndal.

For ein molotovcocktail av personstrid, inhabilitet, sentrum-periferi-konflikt, ein mektig venegjeng og politisk amatørskap kan gjere at Ap mistar styringa i nye Sogndal.

Det er nesten litt imponerande.

Eigentleg ville ikkje Balestrand, Leikanger og Sogndal bli éin kommune. Men plutseleg fann regjeringa ut at akkurat desse tre måtte bli slått saman.

Det burde vore mogeleg for sosialdemokratane å seie at «vel, vi blir slått saman mot vår vilje, men vi får gjere det beste ut av det». I staden kan Ap bli halvert i valet.

Å snakke med ulike Ap-strategar langs nordsida av Sognefjorden gjev cirka like god stemning som å spørje ein sogning om ho er frå Sunnfjord. Skjellsorda og skuldingane haglar.

Les også

Jens Kihl: Send staten ut på bygda

Om Ap faktisk skulle greie å kare til seg ordførarkjeda i dette valet, har partiet uansett massive problem med å byggje opp laget internt.

Tre ulike saker har skapt splid i sogndalspolitikken den siste tida. Krisa i barnevernet, rådmenn som nærast går i svingdør inn og ut av Sogndal kommunehus og borgarkrigen i Arbeidarpartiet.

Desse tre har punkt som rører ved kvarandre. Det kan likevel vere lurt å skilje dei frå einannan.

Slik eg forstår det, er det ikkje først og fremst rett å plassere ansvaret for barnevernsskandalane på politisk nivå. Ja, ordføraren har det øvste ansvaret i kommunen.

Men stort sett må han stole på dei rapportane og opplysningane han får frå administrasjonen. Faktisk er det eit viktig prinsipp at ikkje dei folkevalde dukkar ned i enkeltsakene.

Så er det rådmannsrotet. Det har vore eit mylder av rådmenn i dagens Sogndal kommune og prosjektrådmenn i nye Sogndal kommune. Her verkar det òg som at det først og fremst er arbeidsmiljøutfordringar som er saka, og ikkje problem i politisk leiing.

Les også

Jens Kihl: No blir framtidsfylket fortid

Det går trått med å slå saman kommunane. Det er likevel ikkje sikkert det er rett å berre legge skulda for dette på Ap, sjølv om dette problemet er meir politisk.

Likevel har desse sakene blitt klistra til Arbeidarpartiet. Det er kanskje ikkje så rart, all den tid Ap har hatt styringa i alle dei tre kommunane det siste tiåret.

Og: det har vore så mykje rusk i Ap-maskineriet at det nok er lett for motstandarar å klistre det meste til dei.

Ei måling utført av InFact for Sogn Avis i byrjinga av juni viste at Ap ligg dårleg an i nye Sogndal. Om ein slår saman valresultata i Balestrand, Sogndal og Leikanger frå 2015, fekk Ap eit samla valresultat på 31,2 prosent. Det er no redusert til 18,2. Ap er nesten halvert på fire år.

Og det er eitt parti som haustar vinsten: Senterpartiet. Dei har gått frå 27,5 til formidable 42,6 prosent i same periode.

Les også

Kjærleikskyrkja i Balestrand

Av dagens tre Ap-ordførarar var det Leikangers Jon Håkon Odd som varsla at han ønskte å stille til førsteplassen på den nye, felles lista.

Så melde også Kjetil Kvåle seg. Han har lang fartstid frå sogndalspolitikken. Av motstandarar blir han stempla som ein del av ein klikk rundt Campus Sogndal, der tidlegare fotballpresident Yngve Hallén er mellom dei andre namna.

Dette er ein driftig gjeng som har fått til mykje i Sogndal. Men når Kvåle ikkje melder seg inhabil i saker om løyvingar som går til selskap han er innblanda i, er det rett og slett ikkje bra nok.

Sjølv om Kvåle i ettertid har sagt han skal rydde opp, er dette eit krevjande utgangspunkt for å vere ein «garantist for truverdig og ryddig styring av nye Sogndal kommune», slik Kvåle har lova i Sogn Avis.

Og i ein skjør balanse mellom storebror Sogndal og dei langt mindre Leikanger og Balestrand, ser det nok ikkje bra ut når inntrykket er at denne gjengen gjekk inn og vann kampen om førsteplassen.

Les også

Jens Kihl: Sunnfjordspolitikken hadde kanskje hatt godt av litt skarpare kantar

På Hermansverk er motstanden mot regjeringas mange reformer sterk. Ikkje så rart: Byråkratbygda er fullstendig avhengig av at staten framleis vil vere til stades på små plassar.

I sommar blei det klart at staten flyttar oppgåver hos Statens vegvesen frå Leikanger til Bergen. Kommunalminister Monica Mæland sa til NRK at dette ikkje var sentralisering, ettersom oppgåvene ikkje gjekk til Oslo.

Den forklaringa fungerte ikkje perfekt for å roe ned gemytta på Leikanger, for å seie det sånn.

Likevel smittar mykje av dette over på Ap. Folk på bygdene over heile Noreg ser rett og slett ikkje ut til å tru på at Ap verkeleg kjempar mot sentralisering.

Når systrendingane i tillegg føler at sogndølane kjem og kuppar ordførarplassen dei hadde håpa å få, er det lett for den som vil fiske etter veljarar som er lei av å bli styrt ovanfrå.

Sogndal Ap dribla seg sjølve. Måndag får vi vite kor langt ut over sidelina den taklinga enda opp.

Publisert: