Siste skrik på eldrefronten

eldrebølgja

Asbjørn Kristoffersen

Gamleheimar er siste skrik i valkampen. Nokon har oppdaga at det finst veljarar som heller ville enda sine dagar på gamleheim, enn i fulle bleier i eige hus. Spreke pensjonistar har faktisk stilt seg i kø for å sikra seg plass på dei få gamleheimane som har overlevd alle omsorgsreformer.

Offisielt er det naturlegvis ingenting som kallast gamleheim lenger. Gammal er eit ord som berre blir brukt i antikvitetsbransjen. No heiter det i forelda fall aldersheim. Bu- og servicesenter er kommunal standard. Eldrelandsby er toppen av kransekaka.

Rådande politikk har lenge vore at dei som har bruk for offentleg finansiert pleie og omsorg, skal halda seg i eigen bustad så lenge det let seg gjera. Helst endå lenger, før dei kanskje endar sine dagar på sjukeheim. Anten dei vil eller ikkje. Institusjonar er for dyre.

Klart at barn skal bidra med betaling når foreldra kjem på heim, seier den tyske kameraten min. Foreldre har jo forsørgd barna i oppveksten, argumenterer den politiske radikalaren, som sjølv var pensjonist då det vart han og søskena hans sin tur til å betala for privat omsorg for mora. Aldersstegne, norske barn overlèt slike rekningar til offentlege kassar. Norske barn skal ha minst mogeleg innhogg i arven.

Førebels er det smått om private «heimar» her til lands. Men no er det ein storforlangande generasjon som står for tur til å innta plassane. Det kan bli gloriatider for nye heim-baronar, ein alternativ barnehagebransje, om dei kjenner sine pappenheimarar. Og mykje tristesse for vonbrotne arvingar, som ser hytter på fjellet og hus i Provence fordunsta i takt med 90- og 100-årsfeiringane.

Offentlege gamleheimar kunne kanskje også bli hotte saker for godt vaksne, dersom dei som bur der betalar meir etter evne, slik som på dagens sjukeheimar. Ein knivsodd av det tyske systemet når eldrebølgja bryt inn over landet. Utan barnebidrag, naturlegvis. Norske arvingar har det stridt nok som det er.