Dansen rundt gullkalven

Særinteressene kastar seg inn i kampen om næringspolitikken.

FRAMTID: Ap og Høgre konkurrerar om den beste politikken for gründarar. Bra det, men nyvinning i eksisterande næringar er viktigare for Norge, skriv kommentator Hans K. Mjelva. NTB scanpix

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Før jul stod ein gjeng gründarar fram i Dagens Næringsliv. Med seg hadde dei ei liste med 12 krav til tiltak for gründerbedrifter. Dei ville mellom anna setje av to prosent av Oljefondet, om lag 150 milliardar kroner, til risikoinvestering i såkalla venturefond og unoterte selskap.

Gründerane i DN hadde bakgrunn i selskap som på ein eller annan måte driv med noko digitalt, noko som viste igjen i krav om eit eige digitaldepartement og programmering som obligatorisk fag i grunnskulen.

Oppslaget er uttrykk for kampen som skjer for tida om å definere næringspolitikken i ei tid prega av omstilling. Arbeidsløysa på Vestlandet, den digitale revolusjonen og kva-skal-vi-leve-etter-oljen diskusjonen gjer at politikarane må vise handlekraft. Ikkje minst i eit valår, og då framfor alt i styringspartia Høgre og Ap.

Det skaper mogelegheiter for å påverke politikken med gode idear. Det er her gründerane i DN kjem inn. Fleire av krava deira er generelle og fornuftige, men særkrav som eit digitaldepartement og ein solid jafs av Oljefondet er det ikkje. Det vart då òg fornuftig nok avvist av både Høgre og Ap.

Les også

Næringspolitikk kamuflert som klimatiltak

Omstilling og nyskaping er komplisert. Den klaraste fella politikarane kan gå i er å tenkje for snevert. Dei komande åra vil det bli ein kamp mellom ulike særinteresser om statlege privilegium, anten det er risikokapital, subsidiar eller skattefordelar. Alle vil argumentere med omstilling og nyvinning.

Etterkrigstidas politikk om å plukke vinnarbransjar og -bedrifter er for lengst forlate, fordi det viste seg å fungere dårleg. Det hindrar likevel ikkje bransjar i å kjempe for betre kår for seg og sine, anten det er IT-bransjen eller oljebransjen.

Sjølv om digitalisering, kunstig intelligens, robotifisering og nettverkstenester utan tvil kjem til å spele ei stor rolle i åra framover, er det ingen som veit heilt kva utdanningar, yrkjer, bransjar og bedrifter som bli vinnarar. Det er ikkje sikkert programmering blir den viktigaste kunnskapen. Kanskje blir alt som har med fantasi og kreativitet viktigare, fordi det er det vanskelegaste for datamaskinene å erstatte.

Dessutan er det ikkje, som mellom andre NHH-professor Kjell Salvanes har påpeikt, i gründerbedrifter dei fleste arbeidsplassane blir skapt. 85–90 prosent av nye arbeidsplassar blir skapt i eksisterande bedrifter viser forsking, gjennom effektivisering, nyvinning og knoppskyting.

Les også

Silicon Valleys neste offer

Vi kan godt fantasere om å lage eit nytt Facebook og Google, men sjansen for å lykkast er difor truleg betre i bedriftene vi allereie har.

Politikarane bør difor tenkje breitt og grunnleggjande. Gode generelle rammevilkår for næringslivet, og gode sosiale ordningar både for sjølvstendig næringsdrivande og arbeidstakarar, som gjer det lett å omstille både bedrifter og arbeidskraft. Norge er god på det, og det bør vi halde fram med.

Dessutan bør ikkje politikarane tenkje for snevert om utdanning. Framtidas kreative økonomi treng ikkje berre ingeniørar, sjølv om dei er viktige. Den treng òg kreative designarar, humanistar, økonomar, samfunnsvitarar og realistar. Den treng gode forskarar, og musikarar og kunstnarar.

I byrjinga av januar var NHO-sjef Kristin Skogen Lund ute med kritikk mot at vi utdannar for få ingeniørar og realistar, og for mange humanistar og samfunnsvitarar. Kanskje gjer vi det, men i ei tid då det største trugsmålet mot økonomisk vekst er politisk ustabilitet er det slett ikkje sikkert. Kanskje kan god samfunnsstyring vise seg å bli ein del av Noregs vinnaroppskrift, også i tiåra som kjem.