Når nettene blir pange

Nyttårsaftan er dagen då dyremishandling er gøy.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

REDD: – Kvart einaste smell blir ei ny smerte. Dei intense glimta vert eit nytt traume. Denne sprengjefesten skremmer livsskiten ut av tusenvis av hundar, skriv Morten Myksvoll. NTB Scanpix (Stockphoto)

Fyrverkeri er moro. Høge smell, vakre fargar og fine mønster på himmelen. «Wow», seier me i kor, trollbunden av denne meir enn 1000 år gamle sprengkrafta. Hundane våre, derimot, klynkar av frykt.

Denne sprengjefesten skremmer livsskiten ut av tusenvis av hundar. Bokstavleg talt.

Kjende effektar av lydskrekk er oppkast, skjelving, bjeffing og kvining, urinering, manglande appetitt og sjølvskading.

Det bør gjere inntrykk. Ja, fyrverkeri er fint, men er det verdt det dersom nabohunden bit seg sjølv til blods?

Kvart einaste smell blir ei ny smerte. Dei intense glimta vert eit nytt traume. Ein viktig grunn til at dyr reagerer så kraftig, er at lyden og lyset plutseleg dukkar opp.

Då er det grunn til å tru at einskilde eksplosjonar over tid er verre enn mange på éin gong. Problemet med fyrverkeri er difor ikkje nødvendigvis størst rundt midnatt.

Bergen er ein fyrverkeriby av dei sjeldne, med organiserte rakettoppskytingar på 17. mai, under studentleikar – og ja, på BTs eigen lysfest. Men ved desse høva er ikkje fyrverkeriet ei mange timar eller fleire dagar lang pine.

Les også

Gammal gris og slapp høne

I Noreg er det lov å fyre opp rakettar i åtte timar frå kl. 18 på nyttårsaftan. Åtte timar med jamne og ujamne smell. Hadde berre det vore alt, kunne det nok vore til å leve med. Sånt går det nemleg an å planleggje rundt.

Ein kan gå på tur langt unna folk når det står på som verst. Fleire hotell aksepterer dyr, og på Flesland vert det lydisolerte Clarion-hotellet kvart år omgjort til eit hundehotell.

Snart kan ein kjøpe seg eit lydisolert hundebur frå Ford. Det finst òg medisinar som kan fungere for hunden din.

SMELL: Det som kunne ha vore åtte timars smerte, blir til mange dagars angst for dei firbeinte. Somme hundar blir heilt gal av det. Det kan ta veker eller månader før dei kjem seg att. NTB Scanpix (Stockphoto)

Det ein ikkje kan planleggje seg rundt, er alle desse som ikkje kan oppføre seg. Dei som berre må sprengje litt på dagtid. Og litt dagen etterpå. Og kanskje neste laurdag òg. Sjansen er stor for at du har ein slik person i nabolaget, om du bur i eller utanfor byen.

Det er dei som er problemet, og det er dei som bør ha dårleg samvit.

Det som kunne ha vore åtte timars midlertidig smerte, kan bli til mange dagars angst for dei firbeinte. Somme hundar blir heilt galne av det. Det kan ta veker eller månader før dei kjem seg att.

Hunden er menneskets beste ven, men det er dessverre ikkje heilt gjensidig. Av og til er me ganske stygge med dyra.

Les også

Som Tinder i hundeverden

Frykta for fyrverkeri er ikkje uvanleg blant hundar. To forskarar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har sett på lydsensitivitet hjå hundar. 17 rasar var inkluderte i undersøkinga, og blant dei 5257 hundane dei testa, var nesten kvar fjerde hund redd for lyd. Ei amerikansk undersøking viste at 45 prosent av hundane hadde fyrverkerifobi.

Har du ein norsk buhund, ein terrier eller ein italiensk vasshund, er sjansen større for at hunden fryktar fyrverkeri.

Frykta er ikkje isolert til hundeverda. Kattar, kaninar, hestar, kyr og mange andre vert redde. Plutselege smell og lydar utløyser dyrs «flight-fight»-instinkt. Når dei så ikkje kan stikke av frå det dei fryktar skal ta livet av dei, får det følgjer for dyret.

VASSHUND: Hunderasen lagotto romagnolo er blant dei hunderasane som er oftast lydsensitiv. NTB Scanpix (Stockphoto)

Heile rabalderet med fyrverkeri er ei merkeleg ordning. Nokre få dagar i året kan ein altså få kjøpt sprengstoff utanfor daglegvarebutikken. Dette kan ein fyre opp utan trening, utan kunnskap. Og ofte med promille.

Dyrevelferda må ta pause, for når kalenderen skal bytast ut må det skytast med skarpt.

Feiringa hadde blitt langt betre, langt tryggare og langt billegare dersom folk gjekk i lag om å skyte opp rakettane. Men det minste me kan forvente av folk, er at dei oppfører seg som folk og held seg til dei oppsette tidene.