Det har vore intense timar her i Istanbul, etter at ein liten del av militæret forsøkte å ta makta fredag kveld. No sit mange igjen med spørsmål om kva som faktisk skjedde.

Det er det umogeleg å svare heilt bastant på no. Men at kuppet vart handtert, at det politiske miljøet står så samla, og at oppryddinga mot den såkalla Gülen-røyrsla allereie er i gang, kan ikkje overraske nokon som har fulgt med på Tyrkia dei siste åra.

  • Les også: Lynsjestemning etter kuppforsøk Analysar av Tyrkia hadde blitt så mykje betre om ein ikkje sit med rimeleg rammeskeive tolkningsbriller, eller om ein slutta å dra bastante slutningar utan å kunne rimeleg lett tilgjengeleg nyare historie.

President Erdoğan har, nok ubevisst, gjort tyrkarane klar til å takle eit slikt kupp. Kvar gong det har skjedd eit terrorangrep, og i fleire andre høve, har myndigheitene stengt ned tilgangen til sosiale medier. Det har gjort tyrkarane flinke til å omgå sperringane. Fredag kveld var det nok få som vart råka då Twitter og Facebook begynte å knele, på grunn av forsøk på sperring.

I Tyrkia: Morten Myskvoll

Alle var online. Over heile Tyrkia kom det inn direktebilete frå telefonane til folk, og informasjonsstraumen var enorm. Erdoğan sjølv tok til FaceTime for å kome med sitt bodskap.Det var overraskande samlande, der han snakka til heile nasjonen og ikkje berre sine tilhøyrarar. Han gjorde det til alt overmål på ein av dei meir regjeringskritiske TV-kanalane.

Bodskapen hans var viktig, og var med på å snu situasjonen.

Folk tok til gatene, og mange soldatar overgav seg eller vart overmanna av sivile. Det er intuitivt å tenkje at ikkje alle soldatane visste kva dei var med på, men at alvoret dukka opp utover kvelden. I møte med tusenvis av sivile var det nokon som fyrte av skott, medan andre overgav seg.

Det samla politiske miljøet, saman med sivilsamfunnsorganisasjonar som har vore svært kritiske til Erdoğan, fordømte kuppforsøket før ein visste utfallet. Det finst ei sterk demokratisk ryggrad i Tyrkia, sjølv om landet no får mest merksemd for den meir autoritære retninga det er på veg i. Eg observerte tusenvis av menneske på veg til Taksim-plassen i Istanbul, der dei skulle demonstrere mot kuppet. Det var tydeleg at folk frå ulike politiske leirar deltok.

Folk forsvarte demokratiet, ikkje nødvendigvis Erdoğan.

Les også:

Det viser ei sterkare demokratisk ryggrad enn mange utanlandske kommentatorar som eg har observert, som håpa at kuppet ville lukkast. Å håpe på kupp i dagens Tyrkia, er å håpe på blodbad. På borgarkrig. Og demokratiet, utsett som det er, hadde neppe blitt betre av at generalar kunne lage ei ny grunnlov. Sist dei gjorde det, i 1980, innskrenka dei politiske rettar, og den grunnlova gjeld dessverre framleis.

Dette er ikkje eit forsvar for Erdoğan. Tyrkia går no i feil retning, og har blitt meir autoritært dei siste åra, etter at hans regjering i starten opna Tyrkia opp. Tyrkia er på mange måtar tilbake til 90-talet, og det var ikkje gode år for landet.Det viktigaste vendepunktet på kuppnatta var likevel at resten av militæret mobiliserte mot kuppmakarane. Det gjorde at situasjonen roa seg ned dei aller fleste plassar i løpet av natta. Så starta oppryddinga.

DIREKTE: President Erdogan talte til folket via FaceTime på direktesendt fjernsyn.

Med kuppmakarane i handjern begynte regjeringa å snakke om hemn. President Erdoğan har heile tida vore overbevist om at det var tilhøyrarane til den islamistiske imamen Fethullah Gülen som stod bak. Det er godt mogeleg at det stemmer, og mange av kuppleiarane var anten allereie sagt opp, eller forventa å bli sparka på grunn av Gülen-tilknyting. Om det var orkestrert av Gülen sjølv er mindre sannsynleg, og i det minste ikkje bevist.

I Tyrkia vert Gülen-røyrsla stempla som ein terrororganisasjon. Erdoğan og Gülen var tidlegare allierte, men vart blodfiendar etter ei storstilt korrupsjonsanklage mot Erdoğan og regjeringa i 2013.

Kronikk:

Myksvoll i Tyrkia:

Mange har vore forferda over at myndigheitene raskt avsette meir enn 2000 dommarar, svært kort tid etter kuppforsøket vart slått ned. Spekulasjonane går på kva desse har med kuppet å gjere, og korleis ein kunne finne fram til så mange, så fort. Det viser nok mest kor lite ein har fulgt med på konflikten mellom Gülen-røyrsla og myndigheitene.

Lista over dommarar som er mistenkt for å vere Gülen-lojale var allereie laga, før kuppforsøket, og det har pågått etterforsking mot dei lenge. Eit lovforslag om å omstrukturere dei ulike toppdomstolane har allereie blitt vedtatt i parlamentet, før kuppforsøket. Samtidig er prosessen mot Gülen-røyrsla ikkje akkurat noko nytt fenomen. Slike utskiftingar har pågått sidan desember 2013.

Dei viser ein svak rettsstat, men dei signaliserer ikkje at Erdoğan sjølv stod bak kuppet, som nokon kreative sjeler har kokt opp ein teori på. Dei fleire tusen dommarane har neppe noko med kuppet å gjere, men myndigheitene skuldar dei altså for å støtte røyrsla som er mistenkt for kuppet.

Resultatet av kuppforsøket verkar ganske klart. President Erdoğan kjem ut av det meir populær enn nokon sinne. Kor lenge det varer er meir usikkert, for det er ikkje akkurat gitt at han vil handtere situasjonen slik at den politiske semja som no eksisterer, varer.

Han har nemleg ikkje for vane å bruke silkehanskar.