Tung(e)tale

Media og Riksrevisjonen har lamma den politiske debatten.

TALAR I TUNGER: Grete Faremo.

SCANPIX

_Kor mange politikarar trengst for å skru i ei lyspære?

Svar: Ingen.

«Vi jobber med tiltak for å støtte opp om tiltak som kommunene kan iverksette, og det kan være ulike strakstiltak._ » (Sitat: Justisminister Grete Faremo)

«Jeg har sikkert formulert noen setninger som kunne vært enklere», sa justisminister Grete Faremo då ho vart intervjua i Dagens Næringsliv nyleg. Ho kalla det «juristens forbannelse».

Er formuleringane hennar verkeleg fru Justitias skuld? Juristens oppgåve er å snakke så tydeleg at det ikkje oppstår misforståingar, men jussens språk er ikkje politikken språk. Politikkens språk, frå no av omtalt som «Grete Faremosk», har kome i ei klemme mellom mediespråket – journalistikken – på den eine sida, og Riksrevisjonen på den andre. Frå ulik ståstad leiter vi journalistane og Jørgen Kosmo med lys og lykte etter det som mogleg er brot og feil og manglar; manglande rapportering, brotne fristar, små og store avvik.

Heldigvis, kan ein seie, er ei kritisk presse sett til å vakte politikarane. Men når det skjer så lite som det gjer her til lands, og TV, radio og aviser dagleg jaktar på toppsaker, blir sjølv den mest tåpelege forsnakkinga frå ein politikar i eit sosialt medium noko å kaste seg over.

«Grete Faremosk­» oppstår når ein politikar er livredd for å gjere noko gale, eller for å gjere noko i det heile tatt.

I den trykte pressa treng vi rot i fylkeskommunen, smått og stort rot, nokon som kanskje har sagt noko feil. Og fordi vi har så mange spaltemillimeter å fylle, hender det ikkje sjeldan at noko smått blir til noko riktig stort. Det er kanskje ein dristig påstand, men når Grete Faremo opnar munnen og snakkar om tiltak som kan støtte opp under tiltak som kan vere ulike strakstiltak – så har ho sagt alt, og ho har sagt ingenting.

Ho har vore så klart uklar at det ikkje finst ein einaste journalist som sidan kan hengje seg opp i at ho ikkje hadde gjort som ho sa ho skulle gjere.

«Grete Faremosk­» oppstår når ein politikar er livredd for å gjere noko gale, eller for å gjere noko i det heile tatt. Og det er mellom anna oss i media si skuld.

VGs barnehagesatsing tidlegare i vår er det tydelegaste dømet på kor gale det kan gå når journalistar går laus på store datamengder – med eitt for auge; å finne avvik.

For den som har fortrengt framsida frå då avisa sette i gong serien: Ein barneteikning var lagt over heile fronten. Tittelen var: «Mamma og pappa tror jeg er trygg i barnehagen. Men er det sant?»

Eit halvt år hadde journalistane i VG grave i dokument frå norsk barnehagerøyndom. Dei fann masse feil – som mellom anna at ein barnehage hadde gjerde eit barn kunne krype under for så å brenne seg på brennesle. Ein annan stad lukta det av bleiene på badet. Slikt strir mot regelverket i Noreg, eit regelverk politikarane er sett til å forvalte, og riksrevisjonen til å kontrollere. Halvparten av norske barnehagar bryt med lova, kom VG fram til.

I staden for å velte seg i avvika, kunne VG ha valt vinkelen «Vi har verdas beste barnehagar, men eit så rigid lovverk at det gjer det nær umogleg å følgje». Ein slik vinkel ville ingen ha kjøpt. I staden måtte barnehageministeren ut å love endring av tilsynsordninga.

«Det offentlige ordskiftet blir trangere og trangere, og jeg må spørre meg selv: Finnes det i det hele tatt noe debattklima her i landet», sa den no avdøde stortingspolitikaren og professor emeritus Inge Lønning (H) til DN i mars.

Han fekk følge av Jens E. Kjeldsen, professor i retorikk ved UiB: «Den politiske debatten i Norge er flat, uinspirerende og mangler luft».

Tittelen på artikkelen var «Ordets avmakt».

Inne i ein ny valkamp er det tydelegare enn nokon gong: Vi treng ein ny Einar Førde, Ap-politikaren, seinare kringkastingssjefen, frå Høyanger som ofte handla og snakka stikk i strid, ein politikar av det slaget ein ikkje lenger hugsar fanst: tøff, frekk, politisk og uvøren.

Diverre kjem vi ikkje til å få det. Ein kvar Einar Førde jr. vil bli bakbunden og knebla av pressa og av Jørgen Kosmo – og det lenge før han eller ho har rekt å setje spor.