Skandalepartiet

Vi må slutte å vere så greie med Framstegspartiet.

Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

TØFFE TAK: Konstituert nestleiar Sylvi Listhaug og partileiar Siv Jensen heldt denne veka pressekonferanse. I dag opnar Frp landsmøtet på Gardermoen. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB Scanpix

I dag opnar partileiar og finansminister Siv Jensen Frp-landsmøtet på Gardermoen. Det gjer ho til svake målingar, intern uro og den eine skandalen verre enn den andre.

Som regel har Frp berre godt av at det stormar litt. Sylvi Listhaugs avgang som justisminister gav Frp eit hopp i både oppslutning og medlemstal. Men no er det noko anna som skjer.

Partiet har stortingsmålingar rundt titalet. Det er langt, langt under der Frp har ambisjonar om å vere. Sp har passert Frp som landets tredje største parti på målingane.

Les også

Målinger: Blytung landsmøteopptakt for Frp

Kva er det eigentleg som skjer i Frp om dagen? La oss ta ein liten turné i Frp-Noreg. Det er berre å spenne seg fast:

På Stortinget og i regjeringa har Per Sandberg, Mazyar Keshvari, Ulf Leirstein og Tor Mikkel Wara på ulikt vis vore innblanda i kvar sine saker – Wara ser rett nok ut til å vere uskuldig trekt inn i saka sambuaren er sikta for.

I Bergen har Frp denne våren vore i full oppløysing. Ulike fraksjonar prøver å kaste ut kvarandre, og generalsekretæren måtte ta turen i eit forsøk på å rydde opp.

I kommunane rundt, er det heller ikkje roleg. Nyleg meldte VestNytt at «Nye Øygarden Frp går opp i liminga». Fleire medlemer føler seg mobba ut.

Les også

Jens Kihl: Det nyttar å varsle

I Alver gjekk leiaren nyleg av som følgje av påstanden i Nordhordland om at «dersom kvinner vil tena like mykje som menn, må dei byrja å jobba som menn».

Det går ikkje heilt roleg for seg austpå, heller. I Asker Frp publiserte gruppeleiar Ole Jacob Johansen eit Facebook-innlegg der han samanlikna Greta Thunberg og klimaengasjert ungdom med nazipropaganda. Han har seinare orsaka samanlikninga.

I Bamble Frp blei Vibeke-Emilie Abrahamsen nyleg ekskludert. Ho var lokallagsleiar og har teke imot sensitiv informasjon frå austevollingen Helge André Njåstad, som til i vinter var leiar i Frps organisasjonsutval.

Les også

Nytt varsel mot Ulf Leirstein

Abrahamsen meiner no at den reelle grunnen er at ho ville rydde opp i ei pengesak der også Bård Hoksrud har valt å engasjere seg, slik NRK Telemark nyleg omtalte.

Ingelinn Lossius-Skeie, Aust-Agder Frps vara til Stortinget, blei nyleg suspendert frå partiet. Det er førebels uklart kva som er bakgrunnen for reaksjonen. Lossius-Skeie har no sjølv valt å melde seg ut.

Også i Agder blei arbeidet med fylkestingslista til eit bikkjeslagsmål, der påstandar om dritpakkar og skitent spel florerte.

Les også

Jensen: – Vi vil slå kontant ned på medlemmer som ikke oppfører seg

Ein tillitsvalt i Rogaland Frp blei i februar sikta for valdtekt av ein partikollega etter ei partisamling.

Og då har vi ikkje vore innom Innlandet, der det blei kampvotering på 41 av 42 plassar då Frp skulle lage fylkestingsliste. Der blei nestleiaren ekskludert i november fordi partiet meinte han hadde misbrukt partiets midlar.

Vi kunne òg ha reist til Tromsø, der tidlegare gruppeleiar Jan Blomseth har meldt seg ut og starta lista «Nei til bompenger», slik Nordlys skriv.

Kva i alle dagar er det som skjer i Frp? For eit tiår sidan reiste generalsekretær Geir Mo rundt med Gerhardsen-klassikaren «Tillitsmannen» i bagasjen. No er partiet prega av kaos og skandalar.

Les også

– Han er en mann uten ryggrad

Framleis har Frp eit visst rykte som spesielt dyktige på organisasjonsarbeid. Det er på tide å ta livet av det ryktet éin gong for alle.

Alt kaoset får fleire konsekvensar.

For det fyrste må partiapparatet bruke mykje ressursar på å handtere desse sakene. For tillitsvalde er det utmattande å bruke fritida på å rydde i pengerot i staden for å drive politikk.

For det andre gjer det at det blir vanskelegare å nå ut med andre saker. Tidlegare denne veka var Frp-toppane Jon Helgheim og Sylvi Listhaug ute i Aftenposten og ville innføre strengare straffer for ein del typar brotsverk i bydelar med mykje kriminalitet.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Operasjon selvdestruksjon

Det ligg ein viss komikk i at Frp no vil ha dobbel straff for bilbrannar på Oslo aust. Det kjem berre nokre veker etter at justisministerens sambuar Laila Anita Bertheussen blei sikta for å ha tent på parets bil. Men det var på Oslo vest, så då er det vel ikkje så nøye.

Og for det tredje kan det skremme vekk veljarar. Alle skuldingane om overgrep og trakassering er ikkje akkurat godt nytt for eit parti som slit med å appellere til kvinnelege veljarar.

Folk blir ikkje sjarmert i senk av eit parti som over heile landet ligg i konflikt med seg sjølv.

Les også

Frp-sjef til Bergen for å rydde opp

Spørsmålet tvingar seg fram: Er det eit system her? Korleis kan eitt parti samle så mange enkeltpersonar som stiller seg sjølve over lover, etiske retningsliner og normal folkeskikk?

Om eit anna parti hadde vore råka av eit titals kriser av denne typen – samstundes – hadde det garantert blitt debatt av det. No må vi snakke om kor vidt det er ein systematisk ukultur i Frp.

Kanskje har regjeringsdeltakinga teke for mykje merksemd i Frp. Dei aller fleste partimedlemene er skikkelege folk. Dei fortener å få vere med i eit parti utan dette kaoset.

Frå Frp-hald får vi gjerne høyre at vi i media er hardare mot dei enn mot andre parti. Eg trur det er motsett. Vi aksepterer meir frå Frp enn frå nokon andre.

Meir kritisk journalistikk blir sikkert ikkje populært i partiet, men faktisk er det akkurat det dei har bruk for no. Dei treng openbert hjelp til å ordne opp.

No har Frp hatt regjeringsmakt i snart seks år. Det er på tide å handsame dei som eit heilt vanleg parti.

Det kan bli smertefullt for Framstegspartiet.

Publisert: