Alle treng ikkje vere med

Dei som meiner at valkampen ikkje var lokal, bør ta ein tur til Bergen.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

KrF-nestleiar Ingelin Noresjø vil samle kommune-, fylkestings- og stortingsval til same dag. – Løysinga hennar vil føre til at lokale saker druknar fullstendig, skriv Morten Myksvoll. Carina Johansen, NTB scanpix (Arkiv)

KrF-nestleiar Ingelin Noresjø er uroa over at rikspolitikken tar for mykje plass i lokalvalkampen. Løysinga hennar vil føre til at lokale saker druknar fullstendig.

Ho vil nemleg ha ein felles valdag, slik Sverige har hatt sidan 1970. Det betyr at kommune-, fylkestings- og stortingsval vert arrangert samtidig.

Det er ein frykteleg dårleg idé.

I Noreg stemte knapt 65 prosent i årets lokalval. 84 prosent av svenskane stemte i fjor. Om målet er at flest mogeleg stemmer, ser det ut til at svenskane gjer noko rett.

Men det er ikkje nødvendigvis eit godt mål. Valdeltakinga er faktisk god nok. Det er heilt greitt ikkje å bruke stemmeretten.

Les også

– Det viktigste er å gjøre endringer som folk ser

Sidan Noresjø uroar seg over at valkampen ikkje når fram til folk med lokale saker, burde ho sjå på ei avgrensing av førehandsrøystinga.

Meir enn fire av ti veljarar stemte før valkampen var over i Bergen. 35.000 stemmer var inne før kalenderen viste september.

Om augustveljarane var eit eige parti, ville dei blitt størst i Bystyret. Om utviklinga held fram, vil valkampen ha stadig mindre å seie.

Då hjelper det ikkje om det er lokale eller nasjonale saker som dominerer.

Noresjø har rett i at rikspolitikarane tar for mykje plass i lokalvalkampen slik den er no. For det kunne vore færre partileiardebattar og meir lokalpolitikk på fjernsyn.

Det er sjølvsagt eit problem at valkampen vert overskygga av at regjeringa slost med seg sjølv, men krisa handla jo om eit lokalt stridsspørsmål: bompengar.

Men ifølgje Noresjø var bompengar ei nasjonal sak som tok fokus vekk frå lokale spørsmål. Ho bør ta turen til Bergen.

Her var ingenting meir lokalt enn striden om bompengane.

Les også

Jens Kihl: Kva skal vi eigentleg med Ap?

Politikarane er for feige til å gjennomføre upopulær politikk, meiner Noresjø. Det har ho òg heilt rett i.

Sjå berre på den nasjonale vindkraftplanen som regjeringa skulle få på plass. Den møtte sterk motstand der staten ville opne for nye vindkraftanlegg. Og kva skjedde? Jo, statsminister Erna Solberg (H) sa at heile planen kunne skrinleggast.

Det går an å tolke reaksjonen hennar som feig, men det går òg an å seie at statsministeren lytta til reaksjonane og justerte kursen.

Ingen andre enn politikarane sjølv kan gjere noko med feigskapen deira. Men det bør ikkje gjerast grep som aukar avstanden mellom folk og folkevalde. Det er ikkje eit problem at veljarane bruker lokalvalet til å ytre seg om nasjonal politikk.

Veljarane set sine eigne prioriteringar, og godt er det.

Historia om Sverige er heller ikkje så eintydig positiv. Ja, innføring av ein felles valdag gjorde at valdeltakinga gjekk kraftig opp.

Men endringa varte ikkje så veldig lenge, og valdeltakinga har variert kraftig etterpå. No er den stigande, men andelen svenskar som stemmer er marginalt høgare no enn før den felles valdatoen vart innført.

Om ein vil sjå til Sverige for å få opp valdeltakinga, bør ein òg sjå til Sverige for å sjå på resultatet. Noresjø gjer det eine, men ikkje det andre.

Den anerkjende statsvitaren Jan Teorell seier til NRK at lokale saker kan oppfattast som mindre viktige ved samanslåtte val.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Manneland

Då svenskane gjekk til valurnene i fjor haust, leverte dei frå seg nasjonale riksdags- og kommunevalresultat som likna mykje på kvarandre. Endringane til partia viste dei same trendane i båe val. Ikkje så rart eigentleg, sidan veljarane stemte på båe delar samtidig.

Og var det nokon som oppfatta lokale saker under den intense valkampen der borte? Då skal ein ha vore svært interessert.

Det dårlegaste argumentet for å samle alle vala til kvart fjerde år, er det økonomiske argumentet. Det kostar mykje pengar å arrangere val, seier Noresjø.

Bergen kommune set av 14 millionar kroner til å arrangere lokal- og fylkestingsval. Det er veljarane verdt.