Munnbind

Publisert Publisert

Foto: Mark Schiefelbein / AP, NTB Scanpix

  • Asbjørn Kristoffersen
Les alle sakene om
Eldrebølgja

Vi får vel strikka våre eigne munnbind, no når alle apotek er utselde for kinaklavar. Eller vi kan riva opp putetrekk. Og gjenbruka trusestrikken. Munnbind hjelper visstnok ikkje for noko anna enn å skjula nasedropen, men det ser veldig kriseklart ut. Som hermetikk under senga og kontantar i madrassen, for å vera på den sikre sida. I krisetider er det kvar kvinne og kvar mann for seg.

Kinesarane avlar stadig nye virus. Vanlegvis er det influensavariantar dei eksporterer, men innimellom grip dei djupare i bunken. Førre gongen var det Sars, med tilhøyrande, verdsomfattande panikk. Og no Wuhan-viruset, med titals millionar i karantene. Det skal dei ha, kinesarane, dei putlar ikkje med offentlege utgreiingar og partshøyringar og konsekvensanalysar, som Erna måtte ha gjort, før dei skalkar alle luker. Kamerat Xi har orden i sysakene, han. Virus er det einaste som lagar krøll i Storebrors algoritmar.

Antikommunistiske, kinesofobiske virus let seg ikkje ansiktskontrollera. Interneringsleirar er ikkje rømmingssikre. Uiguriske muslimar og kristne undergrunnskyrkjer er barnemat for kamerat Xi samanlikna med rebellane i Wuhan. Eksportørar av norsk laks bøyer seg i bunaden berre Storebror rynkar på nasen. Men Wuhan-viruset kan gje rennenase for den kinesiske kapitalismen. Utan kapitalisme, ingen kommunisme, ingen kameratar. Og om Kina nys bak 1,4 milliardar munnbind, kan nok resten av verdas kapitalisme bli krimsjuk.

Medan børsane skjelv, prøver ekspertane å få oss til å tru at den nyaste kinesiske eksporten ikkje er stort verre enn ein alminneleg influensa. Det er slikt vi har ekspertar til. Ingen ekspert går med munnbind. Ingen kronisk norsk går med munnbind. Ikkje enno. Men alle som har hermetikk under senga veit at det er tryggast å sikra seg. Alle som har ein skjerm, har fått med seg at om ein månad vil 800.000 vera døde. Minst. Det tryggaste er å starta strikkinga, eller å riva opp putevara. Jo før, jo heller. Det er ikkje sikkert at det ikkje hjelper med munnbind.

Publisert
Eldrebølgja