Borgarkrig i bergenspolitikken

Det er fleirtal for mistillit mot skulebyråd Linn Engø. Byrådsleiar Roger Valhammer kan skapt byrådets undergang på eiga hand.

Publisert Publisert

KNIVEN PÅ STRUPEN: Byrådsleiar Roger Valhammer frå Arbeidarpartiet kan vere på veg inn i sine siste dagar som byråd. Foto: Alice Bratshaug (arkiv)

  1. Leserne mener

Vigilo-skandalen har gåttfrå kaos til mareritt for byrådet der Ap, Venstre, KrF og MDG sit.

Fram til onsdag har denne saka handla om den alvorlege svikta i personvern som oppstod etter at Bergen innførte skuleappen Vigilo. For å ta eit døme:

Ei bergenskvinne sov ein periode med balltre i senga. Grunnen var at den valdelege ekssambuaren hennar hadde fått tilgang til skuleappen Vigilo, der viktig informasjon var å finne.

Høyringa tysdag handla om dette: Har byråden gjort alvorlege feil, eller er det blitt gjort feil nedover i systemet på byrådens vakt som ho burde visst om?

Denne debatten tok ein brå slutt onsdag ettermiddag. Då melde byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) at heile byrådet vil gå av dersom eit mistillitsframlegg mot skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) får fleirtal.

Torsdag kveld varsla SV, Frp, Høgre og Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) at dei ikkje lenger har tillit til byråd Engø. Med andre ord: Byrådet kan måtte gå.

Les også

Har digitaliseringsansvaret – tar ikke selvkritikk for Vigilo-saken

Det er langt frå sikkert at det hadde skjedd om ikkje Roger Valhammer spelte så hardt. Kabinettspørsmålet kan ha slått tilbake på han sjølv. Men det er ikkje det einaste byrådsleiaren har sagt som har falle opposisjonen tungt for brystet.

«Høringen i går bekreftet at byråden har håndtert denne saken på best mulig måte», sa han til BA om ei høyring han ikkje hadde vore til stades på.

Byråden forsikra om at kommunen hadde kontroll og at appen framleis skulle vere i bruk. Det synte seg å vere ei feil avgjersle.

Valhammer peikar med rette på at byråden ikkje har hatt kunnskap om alle feila ved prosjektet. Det har, så langt kjent, ikkje ført til vald, overgrep eller andre hendingar.

Men når ein familie har flytta til ny adresse som følgje av Vigilo-skandalen, er det eigentleg alvorleg nok.

Så la Valhammer heile byrådets politiske liv i potten. Han gjorde det til eit spørsmål om kor vidt det er raud eller blå side som skal styre byen, i staden for eit spørsmål om kor alvorleg bystyrefleirtalet meiner Vigilo-saka er.

Les også

Byrådet går av dersom det blir mistillit mot skole­byråden

Valhammer fekk situasjonen for byrådet endå meir ut av kontroll enn den allereie var. Er det noko dei mindre partia verkeleg hatar, så er det når Ap (eller Høgre) prøver å setje dei på plass med politisk makt.

Det fekk Ap merke til gagns sommaren 1963, då dei to representantane frå Sosialistisk Folkeparti (no SV) røysta for mistillit i Kings Bay-saka, der Gerhardsen-regjeringa måtte gå av og Høgres John Lyng danna regjering.

DEN GONG DÅ: Det sitjande byrådet er ikkje gamalt. Foto: Bård Bøe (arkiv)

Denne saka har vore definerande for heile SVs partikultur: Det er eit poeng i seg sjølv å vere eit alternativ til det som blir oppfatta som eit usunt syn på makt i Ap.

På eitt punkt kan ein gje Valhammer rett: Det er tradisjon for at mistillit mot éin, er mistillit mot alle. Erna Solberg stilte seg bak Sylvi Listhaug då Frp-statsråden posta det famøse framandkrigar-innlegget på Facebook.

Les også

Skulebyråd Engøs politiske liv heng i ein tynn tråd

Likevel: Den saka var tvers igjennom partipolitisk og handla om ei villa handling frå ein statsråd. Denne saka er noko anna. No handla det ikkje om «tonen i debatten», men om fakta i Vigilo-saka.

Og Valhammer kunne sannsynlegvis markert dette utan å til dei gradar politisere saka slik han no har gjort. Han aukar også presset mot sin eigen skulebyråd Linn Kristin Engø, som veit at hennar «frivillige» avgang vil vere ein måte å redde byrådet på.

Valhammers forsøksvise finte var naturlegvis ekstra dramatisk for SV. Partiet blei kasta ut av byrådsforhandlingane i siste sving i haust. Det skapte sterk frustrasjon at Ap tok SV for gjeve.

Les også

– Det er ingenting som styrker tilliten til byråden. Jeg mener at hun er svekket.

Det er Mikkel Grüner, SVs gruppeleiar, som har vore leiar for arbeidet med Vigilo-høyringa. Han har hausta mykje ros frå politiske motstandarar for eit grundig og sakleg arbeid.

Valhammer la eit knallhardt press på Mikkel Grüner: Om SV no ikkje hadde gått inn for mistillit, kunne det bli tolka som at dei var meir opptekne av å redde byrådet enn av offera i Vigilo-saka.

No sit vi med fasit: Valhammer stilte kabinettspørsmål. Bystyrefleirtalet svarte med å vende han ryggen.

Publisert