Sentraliseringa

Asbjørn Kristoffersen

SENTRALISERING: Hadde vi gjort som svenskane, ville vi for lengst vore kvitt nynorsk sidemål og Senterpartiet og alle bedehusa på Sørlandet og Vestlandet, skriv Asbjørn Kristoffersen i spalten Eldrebølgja. Jan M. Lillebø

Tabben var at det kom telefon og straum til dei øvste fjellgardane og den ytterste, nøgne ø i åra etter krigen. Og at skular og lokalsjukehus vart bygde i hopetal i utkantane. Hadde vi gjort som svenskane, avfolka landsbygda, hadde vi spart oss for Folkeaksjonen mot bompengar og bunadsgeriljaen i grisgrendte strok.

I krigens dagar var det greit nok at det budde folk i alle krinkar og krokar der det var råd å dyrka poteter og fiska pale. Elles ville det vel vorte sveltihel i steinrøysa. Alle kunne ikkje ha gris på altanen. Alle var ikkje veganar den gongen.

Men etter krigen kom det båtar frå utlandet med bananer og appelsiner og quinoa og søtpoteter. No er to tredjedelar av alle nordmenn overvektige. Norske grisar er til å spy av. Den hundre år gamle lærarskulen på Nesna er irrasjonell. Brystdukar kveler all omstillingskompetanse og budsjettslanking.

Hadde vi gjort som svenskane, ville vi for lengst vore kvitt nynorsk sidemål og Senterpartiet og alle bedehusa på Sørlandet og Vestlandet. Vi ville for lengst hatt firefelts motovegar og dobbeltspora jarnbane på kryss og tvers av heile Austlandet og halve provinsen. Oslo ville vore millionby, og ingen ville snakka uforståelege dialektar i NRK.

Sverige er rett nok ikkje like misunningsverdig som det var den første etterkrigstida, då alle svenskar hadde finare bilar og kvitare tenner enn vi hadde. Men det skuldast nok at dei feiga ut i avfolkinga av glesbygda og ekspederer innvandrarar frå Somalia til Norrland og Jämtland.

I Noreg ligg det opp i dagen kor mykje vi ville spara på å kutta ut straum og data og distriktshøgskular til alle grissgrendingar. Det er pengar og arbeidskraft som er abslolutt påkravd til det framoverlente og robuste, grøne skiftet. Og til alle dei nye forskarane på dei nye universiteta. Ein grisebonde spart er ein forskar tent. Etter olja er det sentralisering vi skal leva av.