Målingane kan avgjere det britiske valet

Taktisk stemmegiving vil avgjere torsdagens val i Storbritannia.

Publisert:

FOR LANGE SLIPS: Statsminister Boris Johnson (t.v.) møtte Labours Jeremy Corbyn til debatt på ITV i november. Foto: ITV/NTB Scanpix (Arkiv)

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Torsdag går britane til valurnene. Dei skal setje saman eit nytt parlament, men i realiteten tar dei stilling til brexit. Sjølv om taktiske stemmer vert utslagsgjevande, er det ofte vanskeleg å vite kva som er det taktisk rette å stemme.

Ser ein på dei nasjonale målingane, vert Dei konservative soleklart størst. Statsminister Boris Johnsons parti leiar med 6 til 15 prosentpoeng på målingane som har kome til no i desember.

Men nasjonale målingar har ikkje så mykje å seie i Storbritannia. Valordninga deira skil seg mykje frå den norske. I Noreg har kvart valdistrikt fleire mandat, som partia fordeler mellom seg proporsjonalt. I Storbritannia er det berre eitt mandat pr. distrikt.

Vinnaren tar alt.

Får ein éi stemme mindre enn motstandaren, endar ein opp med ingenting. Det gir i utgangspunktet eit topartisystem. Men det finst fleire parti enn som så.

Liberaldemokratane fekk 14 prosent av stemmene på YouGovs måling i førre veke. Men dei ligg berre an til å få to prosent av seta i parlamentet. Partiet har nemleg litt veljarar overalt.

Det skotske nasjonalistpartiet SNP er målt til tre prosent. Dei ligg an til å få nesten sju prosent av seta. Dei får nemleg berre stemmer frå Skottland, og spreier seg difor ikkje like mykje ut som Liberaldemokratane.

Kampen om å bli størst utløyser taktiske stemmer, spesielt når éi sak er så dominerande som i årets val. Då handlar det om å stemme på nokon som kan vinne, og ikkje berre på det partiet ein er mest einig med.

Sjå for deg eit engelsk valdistrikt der 60 prosent av veljarane ønskjer at Storbritannia skal bli i EU. Tenk så at Dei konservative får 45 prosent av stemmene, Labour får 40 prosent og Liberaldemokratane får 15 prosent.

Trass stort Remain-fleirtal, vil Dei konservative vinne eit slikt distrikt. Dersom liberale veljarar heller stemmer på Labour, aukar sjansen for at Storbritannia blir i EU.

Les også

Britisk Brexit-utsending går av – anklager regjeringen for å komme med halvsannheter

Det finst mange slike marginale valdistrikt i denne valkampen. Og trass i at Dei konservative er klart størst, kan storstilt taktisk stemming vippe valet. Men det er ikkje enkelt å gi råd. Målingane er høgst usikre. Samtidig gir berre eit råd meining på krinsnivå.

The Guardian har identifisert 50 seter som kan påverkast ved taktisk stemmegiving. Deira guide gir råd til veljarar som vil bli i EU.

Somme stader er det best å stemme på Labour, andre på Liberaldemokratane. I Skottland er det stort sett anbefalt å stemme på SNP.

For veljarar som vil ut av EU, er det mykje enklare: Dei bør stemme på Dei konservative.

Les også

Trump kaller Trudeau falsk etter vitsevideo

På den same YouGov-målinga i førre veke, er det 80 valdistrikt der skilnaden mellom dei to største partia er fem prosent eller mindre. Med heile 100.000 respondentar, gir det eit godt inntrykk av kvar partia kan vinne seter i parlamentet.

Tysdag kjem det nye tal, med 200.000 respondentar. Det gir britiske veljarar eit endå tydelegare bilete på korleis stoda er i akkurat deira valdistrikt.

Dersom veljarane trur at målingane er nokolunde korrekte, har dei eit godt grunnlag for å stemme taktisk. Men andelen veljarar som faktisk kjem til å gjere det, vert avgjort av tillit. For at ein liberaldemokrat skal stemme på Labour, så må ein tru på at stemma vert brukt til å kjempe mot brexit.

Det kan ingen garantere. Labour-leiar Jeremy Corbyn nektar å seie kva han eigentleg vil med brexit. Han vil «snakke med heile landet», seier han. Men veljarane vil nok likevel høyre kva ein partileiar meiner om valkampens absolutt viktigaste sak.

Labour-veljarar har òg grunn til å vere usikre på både Liberaldemokratane og SNP. Båe parti er svært tydeleg på at dei vil bli i EU. Der er det ingen tvil. Men Liberaldemokratane kan bruke mandatet til å endre anna politikk vekk frå Labours line. SNP kan få ein ny giv i kampen for skotsk sjølvstende.

Mangelen på tillit kan få folk til å anten la vere å stemme taktisk, eller bli heime. Båe delar er godt nytt for Boris Johnson og dei som kjempar for brexit.

Den første indikasjonen på korleis torsdagens val går, er å sjå på valdeltakinga. Blir den låg, kan nok dei konservative juble mest når alt er over.

Publisert: