Den skrekkelege utopien

Kommunismen er ei oppskrift på ufridom – og kanskje difor står den så sterkt i Raudt.

TAPTE: – I motsetning til alle dei som har tapt mot kommunismen opp gjennom historien, kunne Bjørnar Moxnes likevel leve godt med resultatet, skriv Morten Myksvoll.

Terje Bendiksby, NTB scanpix

Kommunismen vann eit fritt val i helga, noko som ikkje akkurat er kvardagskost. Raudt-leiar Bjørnar Moxnes ville skrote omgrepet, og erstatte det med sosialisme.

Moxnes tapte. I motsetning til alle som har tapt mot kommunismen opp gjennom historien, kunne Moxnes leve godt med resultatet.

Han meinte nemleg at Raudt kunne vere eit parti for kommunistar og som kjempa for kommunisme, utan å kalle seg for kommunistar.

SV pustar nok letta ut. Det ville blitt langt vanskelegare for Lysbakken å drive fram eit alternativ til venstre for Ap, dersom Raudt skulle tre ut frå den ytste periferien.

Moxnes fekk gjennomslag for fleire endringar i Raudts program. No er Raudt tydeleg på at sosialismen treng oppslutning i folkefleirtalet og at det kan eksistere privat eigedomsrett og marknadar under deira styresett.

LO vert ikkje lenger sett på som pampar – no blir dei omtala som «gammaldags og bakstreversk». Fienden som tidlegare er kjent som «borgarskapet», skal no omtalast som «kapitalistklassen».

Les også

Her er venstresiden som også hater bompenger

Ofte blir kommunisme omtala som «ein god idé, som ikkje er blitt sett ut i live». Det stemmer ikkje.

Kommunismen er ein dårleg idé; den er ei oppskrift på ufridom. Det ser ein kvar enn den er blitt forsøkt gjennomført.

Men ein ser det òg i programmet til Raudt. Det er det mest relevante.

Prinsipprogrammet startar med å påstå at fridom er ein av grunnverdiane til partiet. Men Raudts fridom er ikkje lett å sjå i dagens frie samfunn; tvert imot ser dei på fridomen i Noreg som ein illusjon.

Det å vere arbeidstakar vert omtala som ufridom. Det stemmer ikkje. For dei aller, aller fleste, er det å vere arbeidstakar noko godt. Ein trygg jobb og ei trygg inntekt gir rom for å utfalde seg utanfor arbeidsplassen.

Økonomisk ulikskap vert sett på som ufridom. Det stemmer ikkje. For stor ulikskap vil skape problem i kvart eit samfunn, men Noreg er ikkje i nærleiken av å vere der.

Me lever i eit superrikt land med velferdsordningar som mange andre berre kan drøyme om. Slik jamnar ein ut nokre av dei økonomiske forskjellane som eksisterer.

Noreg kan ha ein stor velferdsstat fordi me har eit produktivt næringsliv og mange lønsame arbeidsplassar. Dei betaler skatt. Skatteinntektene aukar år etter år, fordi Noreg har opplevd økonomisk vekst over lang tid.

Les også

Jens Kihl: Ein frigjeringsdag for alle

Raudt er mot den økonomiske veksten som det kapitalistiske samfunnet fører til. Det me andre vil omtale som suksess. Det som gjer det mogeleg for staten å levere gode velferdstenester. Det som gjer det mogeleg å leve som me gjer i Noreg.

Fleire burde få ta del i den velstanden som ein open og fri økonomi har ført til. Og stadig fleire får det.

På 25 år, har éin milliard menneske kome ut av ekstrem fattigdom. Andelen fattige i verda har aldri vore lågare, ifølgje Verdsbanken.

Det står framleis att mykje, men løysinga er ikkje å byte system. Det er vanskeleg å sjå det i den politiske retorikken, men det økonomiske systemet fungerer for stadig fleire.

Men Raudt ser altså på dette som ein illusjon.

Les også

I Berlin lever Øst-Tyskland i beste velgående. I hvert fall hos nostalgikerne.

Raudt vert stadig vekk møtt med krav om å ta avstand frå historiske kommunistar, som Mao, Pol Pot og Stalin. Det kan sjølvsagt vere interessant å vite kva notidas politikarar meiner om fortidas massemordarar, men det finst nyare døme ein kan krevje svar om.

Éin grunn til at eit slikt historisk blikk ikkje er så interessant, er at kommunistane ikkje akkurat er dei einaste ideologane som har støtte dårlege regime verda over. Fridomselskande amerikanarar støtta Chiles diktator Augusto Pinochet på 1970- og 80-talet.

At han førte ein marknadsvenleg økonomisk politikk bør ikkje imponere marknadsvenlege politikarar, all den tid han òg myrda opposisjonelle.

Som med prinsipprogrammet, er det nødvendig å vurdere notida først. Den er mest relevant. Då er det openbert nødvendig å sjå til Venezuela.

KRISE: – Opposisjonen i Venezuela går ikkje til USA fordi dei støttar Trump. Dei går til USA fordi dei treng hjelp. Deira eigen stat drep dei, skriv Morten Myksvoll.

Fernando Llano, TT NYHETSBYRÅN

Raudt nekta å ta avstand frå Maduros skrekkvelde i helga. Regimet hans råkar heilt vanlege arbeidsfolk, og har ført til svolt, flukt og økonomisk kollaps. Det einaste som held han ved makta no, er brutal vald frå lojale styrkar.

Men sidan språkdrakta til Maduro høyrer til på ytre venstre, går Raudt inn for ei tannlaus «alle må roe seg ned»-uttale. Dei går så inn i ein klassisk retorikk om at USA driv imperialistisk politikk i Venezuela, og skuldar situasjonen på amerikanske sanksjonar.

Det er ei undervurdering av kor folkefiendtleg Maduros Venezuela har blitt, og ein stygg metode for å stemple opposisjonen som USA-lojalistar.

Opposisjonen går ikkje til USA fordi dei støttar Trump. Dei går til USA fordi dei treng hjelp. Deira eigen stat drep dei.

Maduro er president i Venezuela fordi han oppretta eit illegitimt parlament, på sida av det reelle parlamentet. Det gjorde han fordi han ikkje vann fleirtal i det ekte parlamentet. Han brukte så dette illegitime parlamentet til å lyse ut eit presidentval.

Når Maduro lagar reglane, er det ikkje så rart at han vinn – men demokrati er det ikkje.

Raudt skriv at sosialisme krev eit folkefleirtal og demokrati. Då burde det vere den enklaste saka i verda å avskrive Maduro. Når dei likevel nektar å gjere det, er det lov å spørje seg kor mykje den setninga og det prinsippet eigentleg er verdt.