Zapping kverkar Vestlandsfanden

Rekrutteringa sviktar i dei alle fleste organisasjoner og lag. Det sivile samfunnet kan forvitra.

Publisert: Publisert:
Asbjørn Kristoffersen

DUGNAD: Christian William Robben (15) og Robbin Haaberg (16) plukket plast i Fjell tidligere i vinter. Foto: Nikita Solenov

Vi bør prisa oss lukkeleg over ungdom som blir organiserte målfolk, fråhaldsfolk og mørkemenn. Og ungdom som melder seg inn i riksmålsforeiningar, bondekvinnelag og heidningesamfunn. Når stendig færre deltek i organisasjonar og lag, svekkjest det sivile samfunnet og demokratiet. Zapping og selfi-ar er uttrykk for ein individualisme som gjer oss enklare å manipulera.

Det norske samfunnet er gjennomorganisert. I bygd og by har det vore eit mangfald av organisasjonar og lag. Dei fleste nordmenn har hatt fleire medlemskap og ulike kollektive identitetar, gjerne frå vogge til grav. Ein gong sanitetskvinne, alltid sanitetskvinne. Ein gong arbeidarpartimann, alltid arbeidar­partimann. Med andre forpliktingar i tillegg.

Vår tids individualisme har gjeve større plass til einskildpersonar og grupper som tidlegare har vore oversette eller underkua. Men denne individualismen har også avla konformitetspress mot det livsrommet som meir tradisjonelle avvikarar har hatt.

Vestlandsfanden stod ikkje åleine mot røkla. Når oppslutninga om målsak, fråhaldssak og indremisjon sviktar, krevst det større personleg mot og styrke å innta ei slik rolle. Vestlandsfanden tek ikkje selfi-ar. Utmeldingane er fleire enn innmeldingane i hans aspirantkorps. Blant dei tradisjonelle folkerørselene er det mest berre idretts- og fritidsorganisasjonane som er i vekst.

Den tradisjonelle deltakinga i alle slags samanslutningar og interessefellesskap har vore ein berebjelke for demokratiet. Når færre søkjer medlemskap i politiske parti og fagforeiningar, tærest folkemakta. Når mange kollektive forpliktingar fordunstar, blir det mest berre idretts- og fritidsinteressene att til å oppretthalda dugnadskulturen.

Les også

Dei er heilt sikkert frå Fana. Dei ungdommane som gjekk berserk på Geilo i helga, skriv Asbjørn Kristoffersen.

Særleg ramma av medlemstap er dei klassiske norske folkerørslene, opplyser Karl Henrik Sivesind, sosiolog og forskar ved Institutt for samfunnsforskning, til Vårt Land. Fagrørsle, kristelege organisasjonar, målsak og fråhaldssak har langt lågare medlemstal enn tidlegare. Nedgangen er aller størst på trus- og livssynsfeltet, men langt mindre for Den norske kyrkja enn for andre deler av norsk trusliv, seier han.

Den nedgåande tendensen gjev dessutan ekstra store utslag for dei som oppgjev at dei er medlemer i to eller fleire organisasjonar. Aller størst nedgang i medlemskap er det for aldersgruppa 16–24 år. Og truskapen minkar. Sjølvplukk overtek for vogge-til-grav-tradisjonen.

Oppløysinga av dei kollektive identitetane og framveksten av individualismen er ein refleks av den liberalismen, den økonomiske ideologien som langt på veg har vore styreror for den vestlege verda sidan nittiåra. Færre offentlege reguleringar gav større handlingsrom for investorar, og mindre plass til tradisjonelle fellesskapsordingar. Det vart enklare å vera si eiga lukkes smed, og meir forventa å innta denne rolla, også for vanlege veljarar. Sosiale media skjerpa individualismen. Med zapping kunne tidtrøyte fylla livet, med lik-ar og selfi-ar kunne egoet setjast på pidestall. Og med svekking av det sivile samfunnet, kunne makt konserverast.

Men mindre kollektiv deltaking og svakare borgarlege forpliktingar, kan det bli vanskelegare å oppretthalda demokratiet, og enklare å manipulera veljarar som er blitt meir flyktige og mindre opptekne av samfunns­interessene. Ei slik utvikling kan ramma «dei gode samfunnsinstitusjonane», som ifølgje økonomiprofessor Kalle Moene forklarar 80 prosent av nasjonalinntekta. I eit innlegg i Dagens Næringsliv uttalar han at dei gode samfunnsinstitusjonane reflekterer lov og orden og fråver av konfliktar. Medan naturressursane representerer gåver frå Vårherre, representerer gode institusjonar gåver frå fortida og frå oss alle - til oss alle. Alt dette strider mot den individualistiske tidsanda, seier han.

Dersom pengar taler høgast, og Kalle Moene har rett, burde styrking av sivilsamfunnet vera eit av statens viktigaste oppdrag. Zappingar og lik-ar og selfi-ar må ikkje ta livet av Vestlandsfanden.

Vestlandsfanden tek ikkje selfi-ar.

Publisert: