Trump har allereie svekt NATO

Tvilen er forsvarsalliansen sin verste fiende. No dominerer den fullstendig i Nato.

Publisert: Publisert:
Morten Myksvoll
Redaktør i tyrkiskpolitikk.no og tidligere Frp-politiker

DONALD TRUMP: Utgangspunktet for Nato er hard makt; eit stort militært overtak skal sikre medlemslanda. Den økonomiske dominansen til USA sikrar svært mykje mjuk makt òg, eit konsept som handlar om innverknad framfor rein maktbruk. Den nye presidenten ønskjer seg vekk frå dette, skriv gjestekommentator Morten Myksvoll. Foto: Alex Brandon / TT / NTB Scanpix

Heilt sidan Trump vart president, har det vore ei genuin uvisse knytt til vår viktigaste allierte sitt syn på Nato. Estland vart omtalt som ein del av bakgarden til St. Petersburg, av Trump-støttespelar Newt Gingrich, og dermed ikkje viktig å forsvare.

Trump lanserte «America First» i innsettelsestalen sin, og har lenge trua med å «moderere sin forplikting» til forsvarsalliansen, om ikkje fleire land bidrar meir.

Trump, og mange amerikanarar før han, har med rette kritisert europeiske land for å bruke for lite på forsvar, og for å ta ein for liten del av ansvaret i Nato. Samtidig har det å bevare den finansielle ubalansen vore ein sentral del av amerikansk utanrikspolitikk.

Utgangspunktet for Nato er hard makt; eit stort militært overtak skal sikre medlemslanda. Den økonomiske dominansen til USA sikrar verdas einaste supermakt svært mykje mjuk makt òg, eit konsept som handlar om innverknad framfor rein maktbruk.

Den nye presidenten ønskjer seg vekk frå dette. Tvilen dette sår i Europa er reell, og tvil i og om Nato er farleg. Det er lett å lene seg på Artikkel 5, som kort sagt seier «ein for alle, alle for ein», men det er ei utbreidd misforståing. Det er ingen automatikk i at eit Nato-land skal kome eit anna til unnsetning i tilfelle krig. Det einaste ein har krav på er at Nato gjer det ein finn nødvendig å gjere. Det treng ikkje bety bruk av militærmakt.

Tvilen som er sådd frå Det kvite hus er dermed høgst relevant for Europa, og utfallet av Artikkel 5-samtalar er basert på politiske avvegingar.

Les også

Anniken Huitfeldt fryktar ikkje at Trump skal undergrave Nato

Les også

Solberg føler seg ikke truffet av NATO-advarsel fra Pence 

Det er dessverre slik at ein ofte førebur seg på førre krig. Viss Russland ope skulle erklære krig er det nok liten tvil om at Nato ville stilt opp, men den neste krigen startar neppe på den måten.

Cyberangrep eller såkalla hybridkrig vil nok dominere, der konvensjonell krig smeltar saman med ikkje-militære verkemiddel som til dømes misinformasjonskampanjar.

Kvar dreg ein grensa for når alliansen skal gripe inn? Og kan det då allereie vere for seint?

I ei måling utført av Pew i 2015, var berre 48 prosent av dei spurde for at Nato skulle gripe inn mot eit åtak frå Russland. 42 prosent var mot. Amerikanske respondentar var mest positive, medan tyske var mest negative.

Dette biletet kan ha endra seg sidan då, men trenden er at NATO-landa er blitt meir opptekne av sitt eige land. Det mest oppsiktsvekkjande der, er at 46 prosent av amerikanske respondentar meiner at USA er blitt mindre viktig dei siste ti åra.

Nato har ei overlegen militærmakt, for sjølv tre amerikanske delstatar – New York, California og Texas – har kvar for seg ein større økonomi enn Russland. Det er ikkje der det skortar. Problemet er viljen, og viss viljen til å bruke makt er redusert, kan grunnmuren knake.

Noreg har ikkje høve til å halde seg realistisk sjølvforsynt med forsvarsevne. Me er heilt avhengige av Nato. Når alliansen vår baserer seg på politiske avgjerder, kan utviklingstrekka i befolkninga bli avgjerande.

Tysklands forbundskansler Angela Merkel og Natos generalsekretær Jens Stoltenberg. Foto: HANNIBAL HANSCHKE / X02197

På den årlege sikkerheitskonferansen i München, har visepresident Mike Pence forsøkt å dempe tvilen som sjefen hans har skapt. Støtta til Nato er urokkeleg, sa han. Problemet er at me veit ikkje om det stemmer. Det finst ingen uttalt Nato-strategi som Trump og Pence er einige om, og etter at Mike Flynn fekk sparken som nasjonal sikkerheitsrådgjevar, ser det ut til å dryge ut endå meir.

Trump har sjølv tvitra om at det er fire aktuelle kandidatar, og det heile står fram som ein parodi på The Apprentice. Ein mann, Robert Harward, har allereie takka nei – trass i Trump sine påståtte forhandlingsevner. Hovudproblemet er K.T. McFarland, som var Flynn sin nummer to. Den tidlegare Fox News-analytikaren som står høgt i kurs hjå Trump, står ikkje fram som kompetent.

Når USA sitt forhold til Nato i beste fall er usikkert, ville EU vore eit mogeleg alternativ. Problemet her er at EU ikkje akkurat står så høgt i kurs, med Storbritannia på veg ut. Då kan kanskje antiterror, med anti-IS-koalisjonen i Syria vere eit mogeleg redningspunkt. Då Trump sa at Nato var utdatert, var hovuddelen av kritikken at alliansen hadde feila i sitt antiterrorarbeid.

I ettertid påstod Trump, feilaktig, at Nato hadde tatt til seg kritikken og starta ein antiterrorstyrke. I så måte kan avgjerda om å opne eit nytt senter i Napoli, som skal arbeide med terror og trugsmål i Midtausten og Nord-Afrika, vere ei tilnærming.

Les også

Mathias Fischer: Det hvite hus er en liten bygning

Trusselen fra øst: Russlands president Vladimir Putin. Foto: RIA NOVOSTI / X02356

På det same møtet i München sa Sergei Lavrov, den russiske utanriksministeren, at den vestlege verdsorden måtte ta slutt. Han ønskja seg eit «pragmatisk» forhold til USA, og omtalte Nato som ei etterleving frå den kalde krigen.

Heilt sidan Nato frigjorde Kosovo i 1999, og stoppa eit snarleg folkemord frå Russland-støtta Jugoslavia, har det gått føre seg ei utviding av Nato på Balkan.

Det vart nær blodig i fjor haust – i Montenegro.

På valdagen 16. oktober skal væpna menn ha planlagt eit åtak på parlamentet, og målet skulle vere å drepe statsminister Djukanovic, samt stoppe medlemskapsplanane. Kuppforsøket fekk lite merksemd grunna det amerikanske valet, men no, timar etter at Lavrov sa at Nato var utdatert, skriv The Telegraph at Russland stod bak attentatforsøket.

Viss dette skulle stemme, viser det kva me står overfor.

Det finst ikkje eit dårlegare tidspunkt for å tvile på Nato. Difor har Trump allereie svekt alliansen.

Publisert: