Ja, vindturbinane på Fosen kan faktisk bli tekne ned

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) serverte orsakingar og frukost til samiske representantar fredag.

Staten hadde ei dårleg sak i utgangspunktet. Samiske ungdommar og Greta Thunberg har gjort ho verre.

Publisert: Publisert:

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har hatt nok ei dårleg veke på jobb.

Etter å ha sett regjeringa si bli slept gjennom offentlegheita av samiske ungdommar ei veke, vedgjekk Støre fredag at menneskerettane til samane på Fosen blir brotne.

Det verkar absurd at orsakinga sat så langt inne. For dommen frå Høgsterett er rimeleg klår på dette punktet.

Men det er formuleringar i dommen som har gjeve staten eit juridisk halmstrå. For er ikkje menneskerettsbrotet «pågåande» (men noko som kan skje i framtida), er det ikkje så hast med å løyse saka.

Vedkjenninga set difor press for å finne ei løysing.

Les hele saken med abonnement